03.01.2015 Views

Hele bladet - Caspar Forlag AS

Hele bladet - Caspar Forlag AS

Hele bladet - Caspar Forlag AS

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

ein del matematiske spørsmål. Elevane arbeider

praktisk på stasjonane i om lag 2,5 skuletimar,

så begynner dei å skrive i loggane sine.

Dette er ein viktig fase i verkstaden, for no

skal elevane skrive ned oppdagingane sine i

loggbøkene. Dei skal prøve å finne svar på dei

matematiske problemstillingane som kjem sist

på arka. Det er ikkje meininga at alle elevane

skal svara på alle oppgåvene. Eg har prøvd å

lage ein progresjon i vanskegraden, slik at alle

skal få utfordringar på sitt nivå.

Dei ulike stasjonane

Eg vil her gå gjennom eit par av stasjonane.

Stasjonsark finn du bak artikkelen. Fleire

finn du på www.caspar.no/tangenten/2003/

verkstader.html.

Pinnestasjon

Utstyr: Pinnar/kvistar som vi har funne ute i

naturen. Dei er kutta i tre forskjellige lengder;

5 cm, 1 dm, 15 cm. Limpistolar, lim og tynn

ståltråd til å binde pinnane saman. Papplater

til å setje byggverka på. Elevane kan med fordel

arbeide på golvet. Stasjonen krev ikkje ein

lærar heile tida. Elevane arbeider sjølvstendig,

og dei treng ofte lite hjelp i sjølve byggefasen.

Skulptur i papp

Utstyr: Papp, papir, blyant, linjal, silkepapir,

tapetkniv og maskeringstape. Vi har brukt ein

litt tjukk type papp, der ein kan skjære eit snitt

på den eine sida og så brette til ein kant. Det

kan vere fint å få foreldra til å samle papp (til

dømes når dei kjøper nye møblar).

Det er viktig at elevane først lager seg ei

skisse av figuren dei vil lage, der dei nøyaktige

måla kjem fram. Dei bruker maskeringstape til

å lime figuren saman, men hugs at det kan vere

fornuftig å skjære på eine sida av pappen og så

brette. Silkepapiret har vi brukt til å dekorere

42

kunstverka med. Også på denne stasjonen

treng elevane litt plass, og dei kan godt arbeide

på golvet, gjerne i same rom som pinnane. Vi

gjer det slik at ein lærar har ansvar for både

pinne- og skulpturstasjonen.

Generelle råd

Det er mange måtar å organisere slike

verkstadar. Det er viktig å ikkje hengje seg

opp i dei hindringane som vil dukke opp. Den

største utfordringa vil ofte vere at det er mangel

på vaksne, og då kan ein ikkje ha så mange

stasjoner kvar gong. Eg har også hatt verkstad

med ein og ein stasjon med heile klassen kvar

gong, og det har fungert heilt fint. Problemet

er då at vi treng mykje meir utstyr for kvar

stasjon. Likevel er det nødvendig at det er nok

vaksne i den siste fasen av verkstaden, for det er

her mykje av den matematiske bevisstgjerninga

skjer.

Etterkvart som elevane vert kjende med

dei ulike stasjonane, vert dei meir og meir

sjølvhjulpne og ikkje minst meir medvitne

på matematikken som ligg til grunn for

aktivitetane. Det er ein heilt anna diskusjon

mellom elevane når dei er på ein stasjon for

tredje gong, enn då dei var der første gong. Eg

kan høyre at dei brukar eit meir matematisk

språk som hjelper dei i samarbeidet og

gjennomføringa av dei ulike stasjonane, og

ikkje minst ser eg utviklinga i bruken av

omgrep i loggbøkene.

Eit siste tips er å passe på at elevane tar vare

på alle skissene og lappane som dei har skrive

på under aktivitetane, for disse skal dei bruke

i loggskrivinga .

Ta gjerne kontakt med meg: monross@frisurf.no.

gjerne med idear til nye stasjonar.

4/2003 tangenten

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!