03.01.2015 Views

Hele bladet - Caspar Forlag AS

Hele bladet - Caspar Forlag AS

Hele bladet - Caspar Forlag AS

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Mona Røsseland

Matematikkverkstad

Etter eit besøk hos Annie Selle og

matematikkrommet på Hovinhøgda, fekk eg

inspirasjon til å lage eit matematikkverkstad

for 4.-klassen min. Sidan skulekassa er tom,

var den største utfordringa å få til eit opplegg

som ikkje kostar noko særleg.

I tillegg til matematikk, legg eg faga kunst

og handverk og norsk til verkstaden. Eg ser det

som svært viktig å ivareta elevane si skaparevne

og kreative side. I tillegg prøver eg å setje

fokus på den matematikken som naturleg ligg

i samband med oppgåvene. Elevane arbeider

i grupper på 2–4, og diskusjonane i gruppene

er eit av hovudmåla med verkstaden. Elevane

må setje ord på det dei heldt på med, og dette

er svært viktig for omgrepslæringa.

Kor mange lærarar som kan vere med under

verkstaden er viktig. Vi har prioritert å leggje

fleire delingstimar til verkstaden, slik at vi har

fleire lærarar og assistentar med. Sjølvsagt er

det av stor verdi at elevane snakkar saman,

men den aller største læringseffekten blir

det når ein voksen kan reflektere saman med

elevane og vere ein brubyggjar mellom elevane

sitt språk og dei matematiske omgrepa.

Verkstaden er også eit fint høve for tilpassa

opplæring for alle elevane. Dei får arbeide ut

frå sine føresetnadar, og verkstaden legg til

rette for at elevane skal samarbeide og hjelpe

kvarandre. Mi erfaring er at dei sterke elevane

er flinke til å forklare og hjelp dei litt svakare.

Praktisk organisering

Verkstadsstasjonane som står skildra her er

laga med tanke på 4. klasse, men med litt

tilpassing vil dei fungere fint både i 3. klasse

og på mellomtrinnet. Vi har verkstad i

bolkar gjennom året, og har da fire timar

samanhengande ein gong i veka. Elevane er ved

same stasjonen i fire timar, og så går dei til ein

ny stasjon neste veke. I neste verkstadsperiode

vil dei på ny vere innom alle stasjonane.

Det varierer kor mange stasjonar vi har

i kvar bolk, for det er mange omsyn å ta.

Færre stasjonar gjev fleire elevar på kvar stad,

men samstundes får dei vaksne færre postar

å forholde seg til. Har vi fleire stasjonar enn

vaksne, må ein lærar ha ansvar for fleire

stasjonar. Det går heilt fint når ein berre

samkøyrer kva stasjonar som treng mykje

lærarhjelp og kva som treng mindre, t.d.

spelstasjonen.

Ved kvar stasjon får elevane utdelt eigne

stasjonsark som fortel kva elevane skal gjere.

Oppgåvearket er delt i to; første delen seier kva

dei praktisk skal gjere, og andre delen stiller

tangenten 4/2003 41

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!