03.01.2015 Views

Hele bladet - Caspar Forlag AS

Hele bladet - Caspar Forlag AS

Hele bladet - Caspar Forlag AS

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

spørsmål frå elevane. Mange elevar fortsette

samtalen heime rundt middagsbordet om

amaryllisen sin vekst og stell. Det blei også litt

konkurranse klassane imellom om kven som

hadde den høgaste og finaste planten med flest

blomar på.

Ein kan også trekkja inn naturfagdelen og

sjå på korleis lys, varme og vatn avgjer veksten.

Elevane kan laga sitt eige hefte med oppgåver

og grafisk framstilling. Dette kan også vera ei

fin oppgåve til elevane si portefølje (mappe)

viss klassen driv med det.

Ideen bak dette prosjektet var å få til eit

fellesprosjekt med fokus på matematikk. Sidan

skulen vår satsar på det faget, er det kjekt å

prøva nye undervisningsmetodar der elevane

får oppleva mykje matematikklæring utan å

måtte sitja og berre rekna frå perm til perm.

Siste skuledag før juleferien tok alle lærarane

med seg planten inn på personalrommet.

Amaryllisen til klassen min var litt for høg og

skranglete. Det blei ein del diskusjon om korleis

planten skulle stellast for å få ein fin plante.

Lærarane kunne ta med seg amaryllisen heim

for å innlemma han i den øvrige julepynten.

Tidlegare år har me fått ei julestjerne til å ha i

klasserommet i adventstida og med bekjed om

å ta ho med heim til jul. Dei fleste julestjernene

har funnen vegen til søppelkorga da det ikkje

har vore korkje blad eller blom att etter tre

veker i eit varmt klasserom.

Slik vart amaryllis-matematikken til både

glede for elevar og lærarar.

Forslag til spørsmål

– Er det nokon som har sett ein amaryllisplante

før

– Kva trur de at ein amaryllis-plante kostar,

og kan de finna ut kva han kostar

– Alle klassane på skolen har fått kvar sin

amaryllis-plante. Kva måtte skolen betala

20

for alle plantane Kva må vi vita for å rekna

det ut

– Snakk med elevane kva ein plante treng for

å veksa.

– Mål høgda på planten kvar dag og merk av

i diagrammet.

– Kor høg trur de at planten blir

– Kor lang tid trur de at det går før planten

blomstrar

– Kor mange cm veks han kvar dag

– Kor ofte må de vatna han

– Kor mykje veks han på to dagar, tre dagar

eller ei veke

– Kva er gjennomsnittsveksten for ei veke

– Kor mange prosent voks han første veka

– Kor stor del er veksten denne veka av høgda

på heile planten

– Kva kan de skriva i diagrammet for laurdag

og søndag sidan de ikkje var på skolen dei

dagane

Her er det ein del oppgåver for teljing, addisjon,

subtraksjon, multiplikasjon, divisjon,

prosentrekning, brøk og mykje anna. Det er

berre kreativiteten som stoppar det …

4/2003 tangenten

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!