01.12.2014 Views

Undrande og skapande • God som gull • Pioner frå ... - nashornet

Undrande og skapande • God som gull • Pioner frå ... - nashornet

Undrande og skapande • God som gull • Pioner frå ... - nashornet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

God

som gull

– Ei bregne, god som gull – som meg,

ler tenestejenta Kristina og drøymer

seg tilbake til opplevingar saman

med den unge og forelska forfattaren

Rasmus Løland.

Det er på Lølandstunet i Suldal Kjersti Sandal

tek oss med tilbake til ei tid då unge

jenter gjekk i teneste på gardane rundt

i landet. Ei ungjente var også i teneste hjå familien

Løland der Rasmus vaks opp, men ho vart

ikkje så lenge.

– I biografien til Ernst Berge Drange er det

sagt at dei elska kvarandre, seier manusforfattar og

skodespelar Kjersti Sandal. I løpet av ein halvtimes

monolog skildrar ho det korte men intense forholdet

mellom Løland og tenestejenta Kristina.

Urpremiere

I høve Løland-markeringa heime på Løland-garden

i midten av april hadde Kjersti Sandal urpremiere

på bestillingverket ”Kristina – ei av kvinnene

i Rasmus Løland sitt liv”. Sandal biletleggjer

det nære forholdet mellom Løland og tenestejenta

Kristina, og me får bli kjende med nye sider av

den unge forfattaren.

Me møter Kristina då ho nett har fått vite

av Løland at forholdet deira ikkje kjem til å gå.

Gjennom tankar om fortid og framtid som Kristina

deler med kua på garden får ein som tilskodar

eit godt innblikk i ein periode av diktaren

Løland sitt liv.

Sjuk av sjalusi

Kjærleiksforholdet riv og slit i forfattaren. Løland

er tydeleg blitt glad i den unge og livsglade tenestejenta

Kristina, samstundes som han ikkje klarar å

styra dei destruktive kjenslene sine. Løland hadde

tydeleg ikkje tru på at Kristina ville ha han og vart

sjuk til sinns av sjalusi med tanken på at ho var saman

med naboguten. Difor blir tenestejenta sendt

vekk etter berre fem månadar på garden.

Skriv sjølv

- Eg har nytta utdrag frå Ernst Berge Drange sin

biografi om møta mellom Løland og Kristina og

laga ei halvtimes framsyning, seier Kjersti Sandal.

Det er fyrste gong ho sjølv har skrive eit manus.

Kjersti Sandal er oppvaksen i Stryn og gjekk

ut frå Statens Teaterhøgskule i 2001, berre 23 år

gamal. Ho er fast tilsett ved Den Nasjonale Scene

i Bergen, men er på to stykkekontraktar ved Rogaland

Teater i Stavanger.

– Eg hadde ingen kjennskap til Løland før eg

fekk denne førespurnaden, seier ho. – Men eg er

blitt veldig glad i litteraturen hans, særleg i barneforteljingane.

Desse vil eg formidla vidare til mine

eigne born når det vert aktuelt, smiler ho.

Meir Løland i skulen

Trass i at Sandal er oppvaksen i nynorskkomunnen

Stryn har ho ikkje blitt introdusert for Løland. –

Eg veit at eg ville ha elska desse forteljingane som

liten, seier Sandal. – Me hadde Rune Belsvik og

Ragnar Hovland i skulen, desse har skrive fantastiske

bøker, men det hadde ikkje skada å fått med

Løland sine tekstar.

Astrid Eidhammer Hjelmeland

Skodespelar Kjersti Sandal har

skrive manus ut frå utdrag av samtalar

henta frå Ernst Berge Drange

sin biografi om Rasmus Løland.

”Ei bregne – god som gull – som meg.”

Rasmus Løland la merke til detaljane i så vel

natur som i menneskesinn og han let Kristina

ta del i fleire av observasjonane hans.

UNDRANDE OG SKAPANDE • www.nashornet.no

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!