01.12.2014 Views

Undrande og skapande • God som gull • Pioner frå ... - nashornet

Undrande og skapande • God som gull • Pioner frå ... - nashornet

Undrande og skapande • God som gull • Pioner frå ... - nashornet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Me kan og me vil

Marvik skule med

Løland-prosjekt

Med utgangspunkt i Rasmus

Løland sine idear og bøker

skal det gjennomførast ei pedagogisk

satsing som rettar seg

mot ungdom i grunnskulen.

”Me kan og me vil” er eit delprosjekt i Lølandmarkeringa

og skular frå Ryfylke og elles i landet

vil verta inviterte til å vera med på pilotprosjektet,

som inneber fleire prosjektperiodar fram til

2011.

Ei av bøkene til Løland vert utgangspunkt/

idegrunnlag for det pedagogiske opplegget. Det

er ikkje lagt opp som eit reint leseprosjekt, men

vil dekka deler av pensum i mellom anna norsk

og samfunnsfag.

Bulyst, trivnad og vekst

I tillegg til å inspirera til auka lese- og skrivelyst

er det eit mål at eleven skal læra om og forstå staden

han/ho kjem ifrå. I dag gjev ulike media oss

impulsar og informasjon frå heile verda. Dei fleste

grunnskuleelevane veit nok godt kven Osama bin

Laden er, men veit dei kven som er ordførar i sin

eigen kommune eller kva som er spesielt ved akkurat

deira heimstad? Å læra å forstå heimstaden

og dei kvalitetane som ligg der, er ein raud tråd i

satsinga. Dei fleste menneske har behov for ei lokal

forankring, og det er eit innebygd mål at prosjektet

skal bidra til utvikling av ein lokal identitet.

Naturkraft

Prosjektet ”Me kan og me vil” vert lagt opp i tråd

med intensjonane i læreplanen, som legg til grunn

at ungane er nysgjerrige og forvitne av natur og at

dei sjølve skal vera aktive i prosessen med å byggja

sin eigen kunnskap.

Elevane skal forska på heimstaden sin. Dei

skal bruka ressursar i nærmiljøet, gjere intervju og

samtale med folk i lokalmiljøet, bruka bibliotek,

museum, aviser, tidsskrift og søke informasjon via

elektroniske databasar. Interaktive nettbaserte løysingar

skal nyttast for at elevane skal kunne kommunisere

med andre pilotskular. Det å presentera

resultat av arbeidet vert og del av opplegget og

er tenkt løyst ved framføringar, animasjon- eller

anna film, lydbøker, avisartiklar og utstillingar til

dømes i form av eit bygdemøte.

Etterbruk

”Me kan og me vil” tek utgangspunkt i nærmiljøet

og vil kunne leggjast til rette for både by og land.

Rasmus Løland-stiftinga ynskjer at Ryfylkemuseet

skal sitja på metoden og vidareføra satsinga etter

at prosjektperioden er slutt.

Prosjektet går over 5 år og har ei kostnadsramme

på totalt 3.5 mill. Rogaland fylke har løyvd

midlar og i tillegg vil Stiftinga Rasmus Lølandmarkeringa,

ulike samarbeidspartar og næringliv

bidra økonomisk.

Bente Kjos-Wenjum

På Marvik Skule på Ropeidhalvøya

i Suldal har dei jobba med utgangspunkt

i Løland denne våren.

Elevar og lærarar på Marvik skule har late seg inspirere av

Rasmus Løland og verket hans. Elevar frå 1. – 10.klasse har

vore med i eit prosjekt som har gått over ein periode på fire

veker og som munna ut i framføringar og utstilling på skulen.

Elevane har sett seg inn i Løland sitt liv og verk, og har

formidla kunnskapen sin gjennom veggavis, teikneserie og

teikningar.

Prosjektet inneheld høgtlesing av til dømes Bjednekniven

og Det store nashornet, og mykje aktiv jobbing ut frå

stoffet. Elevane har skrive bokmeldingar, dramatisert tekstane

og skrive fritt med utgangspunkt i Løland sine tekstar.

Mål for prosjektet har mellom anna vore å arbeide kreativt

med teikning og skriving i samband med lesing, å samarbeide

med andre gjennom leik, dramatisering og samtale,

å opptre i ulike språkrollar, å vurdere sterke og svake sider

ved eigne og andre sine tekstar, å lage samansette tekstar,

drøfte språkbruk og formidle eigne leseopplevingar basert

på tolking og refleksjon.

Noko for din skule?

Andre skular som har lyst til å jobbe med Løland, kan late

seg inspirere av planen for Lølandprosjektet på Marvik Skule,

som kan lastast ned frå nettsida til Stiftinga Rasmus Løland-markeringa

www.nashornet.no

Bente Kjos-Wenjum

Rett inn i barnesinnet

Det er ei utfordring å formidle

hundre år gammal litteratur til

dei unge. Men det går an.

Korleis kan unge i dag møte Rasmus Løland? Språket

er ikkje det enklaste, med gamle vendingar og

ord som ikkje lenger er vanlege. Handlinga i tekstane

blir driven fram langsamt, noko som kan

vere ei utfordring for dagens unge som er vane

med eit rivande tempo.

– Forma er vanskeleg, seier forfattar Olaug

Nilssen.

Ho føreslår at det kan vere dei vaksne som først

og fremst tar tak i litteraturen hans for å ”lese og

bli betatt”, som ho seier:

– Eg finn tekstane hans ekstremt tiltalande.

Smertefullt

– Rasmus Løland skreiv om ting som kan forståast

av alle barn til alle tider. Mange kjenner seg

utruleg godt att i skildringa av barnelivet, peiker

pensjonert lærar Anne Berit Skeie på.

– Barn er så annleis enn vaksne, det kan vere

så smertefullt å vere barn.

Både Skeie og Nilssen har vore med i juryen

til den store skrivetevlinga som Løland-stiftinga

arrangerte i vinter. Ut frå alle tekstane som kom

inn kunne dei sjå korleis også naturskildringane til

Rasmus Løland har vore til stor inspirasjon.

Djupare enn Vestly og Egner

Båe to meiner det er vel og bra å introdusere barn

for Anne Kath. Vestly og Torbjørn Egner, men

spør seg samstundes om ikkje det er vel så klokt

å syne fram dei meir ukjende og utilgjengelege

forfattarane i skulen.

– Egner og Vestly møter dei så mange andre

stader, og.

Utan å seie noko negativt om desse to kolossane

innan norsk barnelitteratur, hevdar dei at

Rasmus Løland har ei anna djupne.

Skeie og Nilssen nemner spesielt historia ”På

sjølvstyr”.

– Utruleg gripande. Får ein til å tenkje på korleis

ein møter dagens fattige.

Likar å leike Løland

Sand skule har arbeidd ganske intensivt med Løland-tekstar

i to veker. Ifølgje norsklærar Anne

Moe har elevane lika godt å skrive, lage nashorn

og dramatisere tekstar.

Moe er oppteken av å sjå språket som ei utfordring

snarare enn eit hinder.

– Elevane har vore språkforskarar og slått opp

og funne meininga i mange rare og ukjende ord i

løpet av dei to vekene vi har jobba med Løland.

I mange tilfelle fann elevane at orda framleis

er i bruk - i tale, om ikkje i skrift.

Anne Moe trur uansett det viktige er å gje

barna små og overkommelege mengder med tekst,

slik at ikkje utfordringa blir alt for stor.

- Dessutan eignar Løland sine tekstar seg veldig

godt til dramatisering, minner ho om.

Toyni Tobekk

14

RASMUS LØLAND-MARKERINGA 2007 – 2011

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!