Undrande og skapande ⢠God som gull ⢠Pioner frå ... - nashornet
Undrande og skapande ⢠God som gull ⢠Pioner frå ... - nashornet
Undrande og skapande ⢠God som gull ⢠Pioner frå ... - nashornet
Create successful ePaper yourself
Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.
Sjeldan ferje

snart i drift

I tillegg til at dørene får symbol frå to av Lølands mest kjende historier,

skal også bildekket smykkast med sitat frå fleire av Løland-historiene.

Bygdebokskrivar og Løland-biograf Ernst Berge Drange og Ingvar

Olimstad frå Suldal sogelag har henta ut visdomsord og gullkorn av

typen ”Den trugnaste av alle vokstrar er mosen” og ”Minne kan gjera

det småe stort”.

Det er heilt uvanleg at ein

ferjeskorstein blir utsmykka

med symbol frå litteraturen.

Men det skjer i Suldal.

- Skal vi gå inn i Nashornet eller i Kvitebjørnen

i dag?

Slik ser Marny Skeie Henkel for seg at ferjepassasjerane

kan spørje seg når dei snart får kome om

bord i den splitter nye ferja som skal trafikkere

Sandsfjorden i Suldal kommune.

Den nye M/F Sand skal nemleg bere preg av

den pågåande markeringa av Suldals-forfattaren

Rasmus Løland. Inngangsdørene til salongen skal

mellom anna målast grøne og få kvart sitt namn

og symbol: Den eine blir Nashornet og den andre

blir Kvitebjørnen.

Gjere det småe stort

Henkel er dagleg leiar for Rasmus Løland-markeringa

2007 – 2011. Ho har nyss vore i møte med

ferjeselskapet Stavangerske og er glad for den begeistringa

ho møtte der.

- Dei synest og dette er spennande og kjekt.

Ferjeselskapet meiner dette er den einaste ferja

som blir smykka ut på dette viset, i alle fall i

Noreg.

Og høgt i toppen

Sjølv på avstand skal ein kunne sjå at denne ferga siglar under Lølands

flag. Skorsteinane skal nemleg ha nashorn-emblemet måla på eine sida,

og det er ifølgje fergeselskapet Stavangerske svært uvanleg at ein tillet

andre merke enn rederiets eige på skorsteinen.

- Me har vanlegvis gule skorsteinar på ferjene våre. Men nett denne

ferja, M/F Sand, er ikkje ei Stavangerske-ferje, seier Olaug Sjursø, assisterande

direktør i Stavangerske.

Den nye ferja er eigd av Norferjer, forklarar ho. Og Norferjer er eigd

50 prosent av Stavangerske og 50 prosent av Tide.

- Norferjer er eit såpass nytt selskap at det ikkje har fått eige skorsteinsmerke

enno, og derfor kunne me sleppe Nashornet til, fortel Sjursø.

Uvisst når

Sjølv om det var Lølands-markeringa som trykte på for å få til dette

samarbeidet om utsmykking av ferja, er Stavangerske heilt klare på at

dei synest det er spennande å få samarbeide med lokalsamfunnet på

denne måten.

Det store spørsmålet har i lengre tid vore kva tid denne ferja skal

kome i drift, og det har vore vanskeleg å få nokon dato på boordet. Heller

ikkje Sjursø kan seie noko konkret om den saka, anna enn at ferja

skal døypast den 24. mai på Sand.

Den nye M/F Sand er ei firemotors dieseldriven ferje med plass til

50 bilar, mot dagens kapasitet på 34.

Toini Tobekk

Kulturskulen med nyskrive teaterstykke

Kulturskulen i Suldal er klar

for urpremiere på Rune Belsvik

sitt nyskrivne skodespel,

"Kor vart det av jula?", i byrjinga

av juni.

Kulturskulane i Suldal og Asker er dei første som

får sjansen til å spele stykket som er basert på tekstar

av Rasmus Løland.

Premieren i Suldal er torsdag 7. juni på Kulturhuset

på Sand. Dagleg leiar i Løland-stiftinga,

Marny Skeie Henkel, seier at stykket skal tilbys

andre kulturskular etterkvart, men at Suldal og

Asker får prøve seg først.

Løland tekstar

Belsvik blei engasjert av Suldal kommune og Stiftinga

Rasmus Løland-markeringa til å dramatisere

tekstar av Løland til ei teaterframsyning som

kan brukast av kulturskular.

Skodespelet er basert på romanen "Kor vart

det av jula", forteljingane "Då bestemor fall frå",

"Striden om himmelriket" og "Kvitebjørnen".

Belsvik har også brukt sitat frå boka "Sjølvbiografi"

og har laga eit stykke i sju scener med 13 roller

for jenter og gutar frå omlag elleve til atten år.

Førebuing

Dramalærar Anne Elisebeth Skogen har ansvar for

regien, kostyme og scenografi, med god hjelp av

lærar i biletkunst Nenad Ignjatic. Goos ten Napel

er engasjert for å skriva musikk til stykket for

fløyte, fiolin, hardingfele, klaver og slagverk.

To jenter og åtte gutar frå Suldal kulturskule

er godt i gong med øvinga på tearterstykket. Nye

kostyme er under produksjon, og skulen er ute på

bygda og ser etter nødvendige rekvisita.

Bente Kjos-Wenjum

UNDRANDE OG SKAPANDE • www.nashornet.no 13