01.12.2014 Views

Undrande og skapande • God som gull • Pioner frå ... - nashornet

Undrande og skapande • God som gull • Pioner frå ... - nashornet

Undrande og skapande • God som gull • Pioner frå ... - nashornet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Sverre Solberg som den fotballglade

faren og Tobias Santelmann som den

ikkje fullt så fotballglade Knut.

(Foto: DNT)

Utan ball

i Suldal

”Betre utan Ball” vert sett opp

på Kulturhuset på Sand 23. – 25.

mai. Stykket har fått svært god

omtale etter premieren i Oslo

denne våren.

Hans Sæter, varaordførar i Suldal,

var til stades på premieren og

seier at han gler seg til teatret

kjem til Suldal. – Det var ein

fulltreffar og ung eller gamal bør

nytta høvet til å få med seg dette

spennande stykket.

– Oppsetjinga imponerer meg, måten dei har løyst

førestillinga på med humor, men likevel alvor. Det

forsterkar bodskapen i stykket, seier Sæter.

Og Sæter hadde støtte for synet sitt, noko dei

frammøtte viste på premieren. Etter teppefall

måtte skodespelarane inn att på scena ei rekkje

gonger for å møta trampeklapp frå dei frammøtte

i salen.

Kjempekritikk

”En forestilling med varme, humor og alvor….en

fornøyelse” stod det i Dagsavisen.

”Rett i mål”, skriv meldaren i Dagbladet om

premieren. ”Eit teaterstykke i kryssingspunktet

mellom ting som skjer i kvardagen, raritetar, rikt

krydra med festlege påfunn som det er. Her var

det fysisk komikk, fartsfylte sprell og humoristiske

overraskelsar – ei livlig tolking av Glenn Belden

sitt stykke.”

”Altså ny, norsk fersk og frisk barnedramatikk

som gjekk rett i mål”, avslutta meldaren.

Stykket

Måndag står det gym på timeplanen, da er Knut

”sjuk”, han har vondt i magen, han hatar gymtimane

for da skal det på død og liv spelast fotball.

Men det er ikkje berre på skolen det er fotballpress,

pappa masar og kjøper kjempefin ball til bursdagen,

kameratane masar og mobbar han for å vere

jentete. Det er ikkje lett å vere Knut, ein heilt vanleg

gut, som heller vil leike med dokker og misunner

jentene som slepp å spele fotball. Betre utan

ball er historia om ein gut som er litt annleis og

menneska rundt han som presser på for å få han

til å gjere som dei vil. Møtet mellom Knuts eigen

vilje og presset utanfrå gir rom for både skjøre augeblikk

og meir robust teaterleik.

I rolla som Knut finn vi 25-år gamle Tobias

Santelmann som kom direkte til Det Norske Teatret

frå teaterhøgskolen hausten 2006. Dei andre

rollene blir spela av Ingunn Øyen, Ellen Dorrit

Petersen, Sverre Solberg, Cecilie Enersen, Espen

Sandvik og Anders Rummelhoff. Stykket blir sett

i scene av Øyvind Osmo Eriksen og scenografien

er ved Nora Furuholmen.

Glenn Belden vann hausten 2006 førsteprisen

for stykket i dramatikktevling for barn i høve

Rasmus Lølands minneår.

Glenn Belden debuterer også denne våren som

barnebokforfattar med "Tøff med tøfler" som kjem

ut på Epoke forlag.

Einar Schibevaag

Nashorn av alle slag

Ungar frå 0-15 år har tevla

om kven som kan laga det

mest spennande nashornet.

Temaet i konkurransen

var henta frå Rasmus

Løland si forteljing om gutane

Pål, Gunnar, Kolbein

og Andres då dei møtte det

store nashornet inne i skogen

på Løland i Vanvik for

mange år sidan.

Innsendarane hadde

teke i bruk ulike teknikkar

som trearbeid, perling, maling,

teikning og toving. 56

flotte nashorn kom inn til

juryen og vitna om fantasi

og skaparglede blant den

yngre garde.

Vinnarane av tevlinga,

Gunnar Skålheim, Susanne

Angvik Tveit, Bjørnar

Tveit Vela, Patrick Weerstand

og Håvard Bakka

vart premierte med gratisbillett

til ei framsyning av

”Betre utan Ball” av Glenn

Belden med Det Norske

Teatret som kjem til Suldal

i mai.

Bente Kjos-Wenjum

12

RASMUS LØLAND-MARKERINGA 2007 – 2011

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!