30.11.2014 Views

Hospitalet 2012 Jubileum.pdf - Helse Bergen

Hospitalet 2012 Jubileum.pdf - Helse Bergen

Hospitalet 2012 Jubileum.pdf - Helse Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

hospitalet

eit jubileumsmagasin frå Haukeland universitetssjukehus 2012

OFFENTLEG INFORMASJON

Haukeland gjennom 100 år

Side 8

Barn på sjukehus før og no

Side 12

Kjendisane om sitt haukeland

Side 14

Bli med på robotoperasjon

Side 16

HELSE 1 BERGEN

Haukeland universitetssjukehus

Haukeland sjukehus

blei fødd for 100 år sidan

Innhald

17. januar 1912 opna Haukeland sjukehus. På nøyaktig

same dato for 80, 65, 28 og 13 år sidan, vart Audun, Sissel,

Annemarte og Sivert fødde her. Alle er dei ei brikke i sjukehuset

si historie.

Tekst: Camilla Crone Leinebø, foto: Eivind Senneset

Jubilerer med 100-åringen ................ 4

Haukeland si historie .......................... 8

Å bli sett

I 2012 er det 100 år sidan eit nytt sjukehus for Bergen by stod klart på

Haukeland. På desse åra har pasientrolla endra seg enormt. Vi har fått verdas

sterkaste lovfesta pasientrettar, og pasientar og pårørande stiller heilt andre krav

til kommunikasjon og medverknad.

Barn på sjukehus før og no ............. 12

Kjendisane om sitt Haukeland ...... 14

Bli med på robotoperasjon ............. 16

Men ikkje alt har endra seg. Noko av det aller

viktigaste for oss menneske er å bli sett. Særleg

gjeld det når vi er i ein vanskeleg livssituasjon.

Når vi sjølve eller nokon vi er glade i er sjuke,

då er vi sårbare. Då treng vi at nokon ser oss,

at vi blir tekne på alvor.

Det å vere pasient eller nær pårørande handlar

mykje om følelsar. Slik var det for hundre år

sidan, og slik er det i dag. Vi kan vere rasjonelle

i kvardagen, men når alvorleg sjukdom rammar,

då er vi nærast det inste i oss: Følelsane våre.

Og det er ofte dette pasientane våre evaluerer

oss på: Korleis blir dei møtt på sjukehuset?

Vi har ordninga med Lytteposten, eit tilbod

til pasientar og pårørande der dei kan fortelje

korleis dei har opplevd møtet med sjukehuset.

Svært mykje av dei negative tilbakemeldingane

går på for lite eller for dårleg kommunikasjon

og på måten pasientane er blitt møtt på av

helsepersonell.

Eg veit av eigen erfaring at det ikkje er lett alltid

å ha tid til den gode kommunikasjonen med

pasientar i ein travel kvardag. Eg veit også

at det nokre gonger kan vere vanskeleg å nå

fram med bodskapen. Sjuke menneske på sitt

mest sårbare greier ikkje alltid å ta inn over seg

den informasjonen dei får. Så sjølv om vi har

informert, så har ikkje bodskapen nådd fram.

Vi veit det er slik, og dette set ekstra krav til

oss som helsearbeidarar. Kvalitet er ikkje berre

vellukka medisinsk behandling, kvalitet er også

den opplevinga pasienten har i møtet med dei

tilsette på sjukehuset.

For meg som øvste leiar for nær 12 000 tilsette,

blir oppgåva å sjå korleis vi skal innrette oss for

at vi i størst mogleg grad kan ta imot pasientane

på ein god måte. Noko ligg på tilrettelegging.

Men like viktig er det at vi på sjukehuset

minner kvarandre på at sjukdommar og behandling

som er kvardagen for oss, kan opplevast

som ein katastrofe for enkeltmennesket.

Heldigvis viser brukarundersøkingane våre

at dei aller fleste pasientar og pårørande er

fornøgde med måten dei har blitt møtt på.

Desse undersøkingane viser at dei aller fleste

av medarbeidarane våre greier å sjå mennesket

bak pasienten i sjukehuskvardagen.

Men sjølv om vi stort sett gjer ein god jobb, så

veit vi at vi kan bli betre. Målet vårt er at vi ikkje

berre skal gi pasienten medisinsk behandling -

vi skal også sjå heile mennesket.

Stener Kvinnsland

Administrerande direktør

Lærer ute i verda ................................. 20

Kursar psykiatriske pasientar ........ 24

Hospitalet 2012

Magasinet er utgitt av Haukeland universitetssjukehus, og blir

sendt alle husstandar i Helse Bergen sitt opptaksområde.

Magasinet gir deg eit innblikk i kva som skjer på sjukehuset.

Redaksjonen avslutta 13. februar 2012.

Utgivar: Helse Bergen – Haukeland universitetssjukehus

Ansvarleg redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli

Redaksjon: Anne Christine F. Olsen (redaktør),

Camilla Crone Leinebø og Anette Hellstrøm

Foto: Eivind Senneset og Øyvind Blom

Design og layout: Nor PR

Framsidefoto: Eivind Senneset

Trykkeri: Color Print Norge

Opplag: 181 000

I bladet nyttar vi QR-kodar som du kan scanne med mobilen om

du har smarttelefon. På den måten kjem du rett inn på nettsider

med meir informasjon om sakene.

Kontaktinformasjon:

Internett: www.helse-bergen.no

Epost: info@helse-bergen.no

Telefon: 55 97 60 00

fb.me/haukelanduniversitetssykehus

twittwr.com/haukeland_no

MILJØMERKET

241

Trykksak

599

Den 17. januar 2012 kom Martine til verda på Haukeland.

Det var på dagen hundre år etter at sjukehuset opna dørene.

Saman med alle dei andre som er fødde her, er ho del av

sjukehuset si historie.

2

3

17. januar 1932

17. januar 1947

Audun Mjanger (80) hugsar framleis den dagen

Haukeland var i full beredskap for første gong.

Sissel Sørensen (65) var på ulovleg besøk til ei

venninne på Haukeland då ho var åtte-ni år.

17. januar 1932 trekkjer tjuagutten Audun Mjanger sine

første andedrag på Kvinneklinikken (KK). I alle fall har

han blitt fortalt det.

Han har òg blitt fortalt at han skreik. Hjarteskjerande høgt.

– Eg får vel berre tru på det, for eg hugsar det ikkje, seier han med

glimt i auget.

Ny kvinneklinikk

I 1924, berre åtte år før Audun fekk testa lungekapasiteten sin for

første gong, blei KK etablert slik vi kjenner klinikken i dag. Medan

foreldra til Audun fekk deira første og einaste barn, var guten også

den einaste babyen som kom til verda på Haukeland denne dagen.

– Einebarn og ”forbrelet”. Der har du meg, spøkjer han igjen og

fortel om den gongen han som treåring fann ut at han skulle rusle

seg ein tur på eiga hand.

– Vi hadde akkurat flytta frå Nordnes til Vincent Lunges gade ved

Jernbanestasjonen. Truleg passa ikkje mor mi særleg godt på meg,

for eg kan framleis hugse små glimt frå turen åleine tvers gjennom

byen. Dei fann meg utanfor inngangen til der vi budde før. Eg fekk

ikkje kjeft, det var berre lykke over å finne meg heil, ler Audun.

Dagen det small

20. april 1944 kl. 08.39 smell det i eit hollandsk ammunisjonsskip

ved Festningskaia i Bergen. Audun er 12 år, men hugsar framleis

denne dagen svært godt.

– Huset vårt i ”Nonnaren” rista som eit ospelauv. Like etter ulte

Bergen av sirener, seier han. Bygningar raste saman, vindauga blei

knuste og det brann overalt. Det blir sagt at smellet kunne høyrast

heilt oppe i Solund kommune yttarst i Sognefjorden. Rundt 70

nordmenn døydde og om lag 4600 personar fekk skadar som

måtte behandlast.

Full beredskap

På sjukehuset forstår dei raskt at noko har skjedd. Kort tid etter

smellet kjem dei første ambulansane og lastebilane med skadde

frå byen, og Haukeland sjukehus er i full beredskap for første gong.

Legar og sjukepleiarar frå heile Bergen kjem på jobb, og alle avdelingar

tek imot pasientar. Tal frå operasjonsavdelinga viser at dei

hadde utrulege 96 operasjonar den dagen, utført av 18 legar.

Eit langt liv utan Haukeland

Like etter krigen møter Audun hans livs store kjærleik: Bjørg. Dei

giftar seg 10. juli 1954 og får sonen Helge i 1957.

– Ikkje ein einaste gong har nokon av oss vore innlagde på Haukeland,

utanom då Bjørg fødde Helge. Heldigvis. Når sant skal seiast,

var eg nære på for ti-elleve år sidan. Då fekk eg eit lite hjarteinfarkt,

men det var heldigvis så lite at Haukeland ikkje ville ha noko med

meg å gjere, humrar Audun, før han blir alvorleg:

– Har eg klart meg så langt i livet utan Haukeland, skal eg jaggu

klare resten og.

17. januar 1947 kjem ein liten engel til verda på KK, som

den midtarste i ein syskenflokk på fem. Ho får namnet

Sissel, eit namn ho delar med 6347 andre i Noreg.

– Eigentleg var det ganske kjedeleg å vere fødd 17. januar. Hugs at

eg er født i etterkrigstida, i eit samfunn prega av tronge kår. Då var

det ikkje så stas å invitere til bursdagsselskap berre tre veker etter

at alle hadde brukt opp pengane sine på julegåver, mimrar Sissel,

medan ho kjem på eit godt minne.

– Mor prøvde alltid å behalde juletreet til etter bursdagen min.

Den gongen hadde dei fleste grantre med levande lys til jul. Eg

hugsar at mange gonger var lysa det einaste som var igjen på

treet. Alle granbara låg strødd utover golvet, men eg var strålande

fornøgd med å ha juletre til ære for meg.

Barneklinikken eller Fløien?

Om Sissel Sørensen hadde blitt sjuk då ho var liten, ville ho ha

hamna på den nye hypermoderne Barneklinikken. I 1950 blei

nemleg Barneklinikken gitt i frigjeringsgåve frå Sverige til Bergen

og Haukeland. I ein av talane under mottakinga, blei det sagt

at Barneklinikken i Bergen var best i verda. Og det var ikkje ein

bergensar som sa det. I mange år var bergensarane så stolte

over den nye barneavdelinga si, at når høgtståande gjester kom

til byen, var ei omvising på Barneklinikken like sjølvsagt som ein

tur på Fløien. Heilt fram til Sissel fylte åtte-ni år, var Haukeland for

ho berre ein plass mora drog til for å kome tilbake med ei søster

eller ein bror. Det endra seg då venninna hennar var i ei ulukke og

hamna på sjukehuset.

Ulovleg besøk

– På den tida var det uhøyrt at barn fekk besøkje nokon på Haukeland,

men eg og ei anna venninne luska oss opp dit ein ettermiddag

etter skulen. Eg hadde aldri vore der før, fortel Sissel.

– Vi fekk ikkje lov til å kome inn, så vi sneik oss bak bygningen og

fekk auge på ein smal gesims. Med nasen så vidt over karmen,

såg vi inn i ein diger sal med masse folk i kvitt og mange senger

på rekkje og rad. Midt blant dei sjuke pasientane låg venninna

vår. Utruleg nok såg ho oss. Då ho møtte blikka våre gjennom

det svære vindauget og løfta handa si for å vinke, begynte eg å

hylgrine. Eg syntest så synd på henne.

Lokalsjukehuset Haukeland

I snart 50 år har Sissel og mannen hennar Atle vore eit team gjennom

tjukt og tynt. To barn, fire barnebarn og eit nyklekka oldebarn er

komne til fordi dei to fann kvarandre.

– Både eg, Atle og familien vår har fått mykje god hjelp frå sjukehuset,

både med fødslar og ved sjukdom. For alle oss er det ein

tryggleik å vite at Haukeland er vårt lokalsjukehus.

4 5

17. januar 1984 17. januar 1999

Annemarte Aarland (28) er nybakt mor til Theodor Kristoffer som kom til

verda på Kvinneklinikken ved Haukeland universitetssjukehus i januar.

Sivert Hjertås Sulebakk (13) kunne tenkje seg å jobbe på Haukeland

universitetssjukehus når han blir vaksen, truleg som kjemikar.

17. januar 1984 blir 131 små nurk ønskte velkomne til

verda i Noreg. 14 av desse kjem på Haukeland, fem gutar

og ni jenter. Knøttet Annemarte Aarland er ei av dei.

Ho blir fødd like ved det nye landemerket i byen: Sentralblokka.

I 1983 opna nemleg det dei fleste forbinder med Haukeland

universitetssjukehus. Ved foten av Ulriken ligg ein grå, nesten

skremmande svær koloss på 125 000 kvadratmeter, som ein kan

skimte frå dei fleste stader i byen.

Familiejenta

No, 28 år seinare, fekk Annemarte barn nummer to på same plass

og omtrent på same dato som ho sjølv kom til verda. Den 23.

januar i år fødde ho Theodor Kristoffer på Kvinneklinikken. Martine

på 2 ½ år blei stolt storesyster og Ole Kristoffer lukkeleg far til to.

– Familien er alt for meg, seier den nybakte mora som bur i andre

etasje hos svigermor og svigerfar i deira einebustad på Nesttun.

– Mange seier at dei aldri kunne budd så nære svigers, men for

oss er det heilt perfekt. Martine kan gå opp og ned trappa som ho

vil, oldemor bur i nabohuset, tante og onkel likså. Eg kan ikkje

tenkje meg noko betre enn å ha familien i nærleiken, strålar

Annemarte, men legg til:

– Draumen er sjølvsagt likevel ein eigen bustad, men helst i nærleiken.

Nyutdanna sjukepleiar

At Annemarte tok sjukepleiarutdanning, kom ikkje som ei overrasking

på andre enn ho sjølv.

– Eg har opplevd mykje og veit at livet ikkje alltid er ein dans på roser.

Eg har jo alltid vore ein omsorgsperson som vil jobbe med menneske.

Så skulelei som eg var då eg var ferdig med vidare gåande, trudde

eg ikkje at eg kom til å klare å gjennomføre høgare utdanning,

seier ho. I fjor stod småbarnsmora med eit imponerande vitnemål

og godkjenning som sjukepleiar i handa, i tillegg til fast jobb som

natte vakt på Søreide sjukeheim. Framtidsplanane er ikkje heilt

spikra når det gjeld vidare karriere, men mogelegheitene i yrket er

mange.

Mange mogelegheiter

– Først ville eg vidareutdanne meg innan psykiatri. Så har eg tenkt

litt på jobb ved Haukeland for å få meir øving innan prosedyrar og

teknisk utstyr. No kan det vere at det er helsesyster eg skal bli etter

kvart. Uansett, grunnen til at eg valde å bli sjukepleiar er utelukkande

at eg får hjelpe og kommunisere med menneske i ein sårbar livssituasjon.

Men inntil vidare, skal eg bruke all tida mi på å vere ei

god mor for dei to små mirakla mine, seier Annemarte.

17. januar 1999 kranglar ein velskapt gut seg ut av

mors liv. Sivert Hjertås Sulebakk kjem ved hjelp av

hastekeisarsnitt kl.04.13, tolv dagar på overtid.

– Flaks, meiner Sivert, for elles hadde eg ikkje fått dykk på besøk.

– Han kom seint og framleis bruker han lang tid på alt han gjer,

seier mora Anne Berit kjærleg.

– Fødselen var faktisk litt dramatisk, legg ho til, medan ho skildrar

ei mørk og stormfull natt, der lyn og torebrak gjorde far til Sivert så

bekymra at han måtte spørje personalet på KK kva som ville skje

dersom straumen blei borte.

– Dei forsikra han om at sjukehuset har naudaggregat om noko

slikt skulle hende. Det blei heldigvis ikkje nødvendig, ler ho.

Historisk omlegging

I 2002 blir ei av dei største omleggingane innan sjukehusorganisering

i norsk historie gjennomført. Staten overtek ansvaret for

alle sjukehusa i Noreg og Haukeland universitetssjukehus blir ein

del av føretaket Helse Bergen. Dette merkar sjølvsagt ikkje tre år

gamle Sivert, som eit par år seinare har sitt første møte med sjukehuset

etter fødselen. Som femåring opererer han ut polyppane.

Operert på Haukeland

– Eg sat på venterommet og leikte med ein raud leikesportsbil.

Magen var stappfull av sommarfuglar. Og så kom det ein sjukepleiar

som sa at ho skulle få meg til å sove, men eg trudde ikkje på

ho for eg hatar å sove. Det neste eg hugsar er at eg vakna fordi eg

måtte sånn på do. Då eg stod framfor toalettet blei eg så svimmel

at eg tissa oppetter veggen, ler Sivert, medan veslebror Ådne (10)

fniser høgt og stel den siste twistbiten med marsipan. Som sjølvsagt

er yndlingssjokoladen til Sivert og.

– Sivert levde eit svært beskytta liv før han blei storebror, smiler

mora.

Tilsett på Haukeland?

Som fersk tenåring går Sivert siste året på Vestbygd barneskule i

Meland kommune utanfor Bergen. No gler han seg til å begynne

på ungdomsskulen til hausten. Ein skulle ikkje tru at favorittfaget

er kunst og handverk når guten fortel kva han trur han skal gjere

når han blir vaksen.

– Ein bitte, bitte liten stad inni her, seier Sivert og peikar mot

hovudet sitt, så trur eg at eg skal bli kjemikar. Dei gjer så mange

kule eksperiment. Det har eg sett på TV.

– Eg trur i alle fall han blir akademikar. Han kan sitje med nasen i

bøker i mange timar, seier mora.

– Kva er ein akademikar?, spør Sivert, men før nokon rekk å svare

seier han ivrig:

– Kan ein jobbe som kjemikar på Haukeland? I så fall vil eg det.

6 7

gjennom 100 år

Tekst: Anette Hellstrøm

1926: Skandinavias mest moderne fødeklinikk

22. februar 1926 opna Kvinneklinikken i Bergen med avdeling for fødselshjelp

og kvinnesjukdommar. Den nye Kvinneklinikken hadde 876 fødslar i

1926 og tok gradvis over for heimefødslar. Fram til 1970-talet var det ikkje

mogleg for fedrar å vere med under fødsel og rutinane omkring fødsel og

barsel var rigide. I dag er Kvinneklinikken i Bergen (KKB) den nest største

føde-/barseleininga i Noreg, med om lag 5000 fødslar i året. Klinikken har

og ein stor gynekologisk seksjo med eit breitt tilbod innan utgreiing og

behandling av kvinnesjukdommar. Klinikken har regionansvar for

behandling av gynekologiske kreftsjukdommar.

Foto: Repro, Universitetets foto- og tegneseksjon

1912: Ein medisinsk hjørnestein blir til

Den 2. januar 1912 opna Haukeland sjukehus dørene for dei første pasientane.

Frå 17. januar var det nye sjukehuset i full drift, derfor reknar vi denne

datoen som den eigentlege bursdagen til sjukehuset. Haukeland var eit

lokalsjukehus for Bergen og det var kampen mot infeksjonane som hadde

hovudfokus. I tillegg omfatta sjukehuset drifta av Lungegaardshospitalet,

som mottok tuberkulosepasientar og andre kronisk sjuke, og Haukeland

Sykehus Sykepleieskole. Det var sett ei ramme på 1 250 000 kroner til utbygginga

av Haukeland, men det var overslaget til arkitekten på 1.526.000

kroner som blei vedteke av bystyret i 1907. Då rekneskapen blei gjort opp

var det brukt 9.411 kroner under budsjett.

Foto: Olav Svanøe/Universitetsbiblioteket

1944: Eksplosjonsulukka 20. april

Det hollandske ammunisjonsskipet Voorbode ved Festningskaien i Bergen

forårsakar ein enorm eksplosjon. Minst 70 blir drepne med ein gong og

4600 fekk skadar dei måtte ha behandling for. Kirurgisk avdeling tok i mot

117 pasientar denne dagen, og så mange som 96 operasjonar vart

gjennomførde. Til Gades kom i alt 83 døde til identifisering og for å

få fastslått dødsårsak. Dette var første gongen sjukehuset blei sett i

beredskap og ifølgje kjeldene fungerte alt effektivt frå første stund.

Foto: Bergen byarkiv, Havnevesenet

Ca. 1912: Utrivelege sjukesalar

Då sjukehuset opna i 1912 hadde det 250 senger og følgjande avdelingar:

Epidemisk avdeling, Medisinsk avdeling, Kirurgisk avdeling, Patologisk

anatomisk laboratorium (Dr. Med. F. G. Gades Path. Institut, seinare

Gades institutt), administrasjon, vaskeri, kjøkken, telefonsentral,

portørteneste og Teknisk avdeling. Sjukesalane var store og opne, og det

var ikkje uvanleg at det låg 16-18 pasientar på same rom. På desse salane

låg det blant anna både pasientar som venta på operasjon og ferdigopererte

pasientar med betente operasjonssår. Ventilasjonen var

utilfredsstillande og sjukehuslukta gjennomtrengjande. Forholda i Gamle

hovudbygg blei etter kvart så kritiske at Helsedirektoratet truga med å

stengje bygningen rundt 1970.

Foto: Repro, Universitetets foto- og tegneseksjon

1950: Kongeleg opning av Barneklinikken

Den 30. mai 1950 hadde HKH kronprinsesse Märtha innvigt Barneklinikken

ved Rikshospitalet, og dagen etter kom ho med nattoget til Bergen for å

innvie Barneklinikken i Bergen. Barneklinikken var ei gåve frå det svenske

folket ved Noregs frigjering i mai 1945. Året 1950 blei eit merkeår i Noreg

når det gjeld omsorga for sjuke barn og norsk pediatri. Frå å vere eit

tilbakeliggjande land med ei skrøpeleg barneavdeling på 40 senger ved

Rikshospitalet, fekk vi hypermoderne barneklinikkar både på Rikshospitalet

med 110 senger og på Haukeland sjukehus med 96 senger. Same året

opna også Ullevål sjukehus ei barneavdeling med 50 senger.

Foto: Repro, Universitetets foto- og tegneseksjon

1914: To nye sjukebilar

”Et stort fremskridt paa Sygetransportens omraade. Bergens to nye

sygeautomobiler”. I 1914 fekk Haukeland to nye sjukebilar til den nette

sum av 26 000 kroner. I ein avisartikkel frå det året kan ein lese at dei nye

bilane var særs etterlengta: ” I bilane er det innretta eit nytt bårearrangement

som firmaet har søkt patent på. Dette er særs praktisk og fordelaktig for

den sjuke.” I dag er ambulanseyrket i rask og omfattande endring. Det

som tidlegare var ei rein transportteneste, er i dag ei avansert og spesialisert

teneste ved ulykker, akutt sjukdom og forverring av kronisk sjukdom.

Faksimile Bergens Tidende 29.10.1914

1956: Status som universitetsklinikk

Etter krigen byrja oppbygginga av det som skulle bli Universitetet i Bergen.

Haukeland sto sentralt i dette heilt i frå starten og fekk i 1956 status som

universitetsklinikk. Utdanning er eitt av Haukeland sine fire viktigaste

fokusområde. Sjukehuset tar imot nærare 2000 studentar, elever og

lærlingar kvart år. Føretaket har eit stort spenn i utdanningsfunksjonen sin,

og har alt frå lærlingar innanfor elektronikk og finmekanikk, til sjukepleieog

medisinstudentar. Det er eit tett samarbeid mellom sjukehuset og

universitet når det gjeld forsking, og Haukeland er Noregs nest største

forskingsmiljø.

Foto: Repro, Universitetets foto- og tegneseksjon

8

9

1960-1969: Livlig byggeverksemd

I 1960 blei det utpeikt ein vinnar av arkitektkonkurransen for den nye

sentralblokka (sjå faksimile). Vinnarutkastet måtte omarbeidast, og først

i 1983 blei nybygget offisielt opna. I løpet 1960-åra føregjekk det mykje

bygging på Haukeland. På denne tida mangla helsevesenet personell,

særleg legar og sjukepleiarar. For å sikre naudsynt personell, sette derfor

Haukeland i gang omfattande bustadbygging og oppretta dagheim for

barn av tilsette. I 1961 blei Øre-nese-hals-avdelinga etablert på Kvinneklinikken,

og året etter kom laboratorium for klinisk biokjemi. I 1963 sto

bygningen for Mikrobiologi, Farmakologi og Hygiene ferdig, og i 1967

blei Nevrokirurgisk avdeling, Psykiatrisk klinikk og avdeling for plastisk

og rekonstruktiv kirurgi oppretta.

1984: Endeleg brannskadeavdeling i Noreg

For tretti år sidan fantes det ikkje brannskadeavdeling i Noreg. Allereie i

1979 blei det stadfesta eit behov for ei spesialisert brannskadeavdeling,

men det var ei ulykke på Mongstad 3. mai 1981 som sette fart i prosessen.

Tre dagar før Brannskadeavdelinga på Haukeland opna 10. september

1984, kan vi lese at dagen vil bli rekna som ein merkedag i norsk

medisinsk historie. Sidan då har avdelinga redda mange liv. Over 2000

pasientar har fått livsviktig hjelp. Brannskadeavsnittet (BSA) har framleis

landsdekkjande funksjon for behandling av pasientar i alle aldersgrupper

med store brannskadar, brannskadar som krev spesiell ekspertise og

andre tilstandar.

Faksimile Bergens Tidende 7.9.1984

1975: Kunnskapseksplosjon

Saman med den medisinske kunnskapseksplosjonen gjennomgår

Haukeland også ei rivande utvikling innanfor felta medikament, utstyr

og metodar. Ny kunnskap og teknologi skapar nye diagnosar, forklaringsmodellar

og behandlingsformer. Ultralydteknikken blei til dømes tatt opp

på Haukeland frå 1970 og utover. Den moderne forma for biletdiagnostikk

har vore svært viktig. Mange sjukdommar kan bli oppdaga på eit tidlegare

tidspunkt, og dei kan kartleggjast med stor nøyaktigheit. Der som ein

tidlegare måtte utføre open operasjon, kan ein i dag bruke ulike formar for

innstikk og instrumentering. Biletet viser korleis ein operasjonssal såg ut

i 1975.

Foto: Årsmelding Universitetsbiblioteket

HELSE BERGEN

Haukeland universitetssjukehus

2002: Ny helsereform

Den omfattande helsereforma som tredde i kraft i 2002 har prega det nye

tusenåret på Haukeland. Ansvaret for sjukehusa i Noreg blei overført frå

fylkeskommunane til staten og fem regionale helseføretak blei oppretta.

Dermed blei Haukeland ein del av Helse Bergen. På 2000-talet har

sjukehuset fått fleire landsfunksjonar, nye avdelingar og ny teknologi og

forskingsverksemda held internasjonal standard. Haukeland universitetssjukehus

er i dag eitt av dei største sjukehusa i landet og også eitt av dei

mest veldrivne.

1912-2011: Alt kler den smukke

Tidene har forandra seg! Tidlegare var utsjånaden på uniformene ulike alt

etter kva for skule ein hadde gått på. I dag er det bukse og trøye i unisexstil

– ingen bukser med gylf eller toppar med innsving. Det er praktiske og

lettstelte bomullsklede. Frå venstre på biletet: Forbundsuniforma til Norsk

sykepleierforbund (NSF), Haukelandsuniform med lang cape (brukt fram

til 1970), Haukelandsuniform med kort cape (brukt fram til 1970),

elevuniform frå sjukepleiarutdanninga ved Haukeland sjukehus (brukt

fram til 1970) og dagens uniform som blei tatt i bruk på 1990-talet og er

felles for alle yrkesgrupper.

Foto: Haukeland universitetssjukehus

2010: Teknologisk gjennombrot

I 2010 var Haukeland det andre sjukehuset i Noreg som tok i bruk

Positron Emisjons Tomografi, den såkalla PET-teknologien. Den avanserte

biletdiagnostikken som er mogleg ved PET-teknologi har særleg stor verdi

innan diagnostisering og behandling av kreft. Radioaktive forbindelsar

blir injisert i pasientane, og fordelinga i kroppen kan avbildast. Desse

forbindelsane synleggjer funksjon til vevet og ikkje berre utsjånaden, slik

CT gjer. Men saman med CT, i ein PET-CT, får ein det beste frå to verder,

både funksjon og anatomi. Vi kan for eksempel sjå om cellegift faktisk

fungerer og korleis den fungerer.

Foto: Haukeland universitetssjukehus

1983: Nye Haukeland sjukehus opnar

Då Sentralblokka opna i 1983, blei bygget omtala som ”ein av grunnpilarane

i norsk sjukehusstell, medisinsk utdanning og forsking”. På den

tida var bygget det største som til då var reist i Noreg – like stort som 18

fotballbanar. Vegen fram til det nye regionssjukehuset, sentralsjukehuset,

lokalsjukehuset og universitetsklinikken var på mange måtar tung og lang

med motbakkar og harde kneiker, med lang modningstid for idear, ønskjer

og krav. Økonomiske utfordringar var det også. Likevel var det ein ukueleg

optimisme og pågangsmot, og ein seig vilje til å ikkje gje opp. Etter tolv

års byggjeperiode stod bygget som hadde som mål å ”samle felles

funksjonar i eit felles lokale” klart.

Foto: Haukeland universitetssjukehus

2012: Nærare med samhandling

Frå årsskiftet blei ei av dei mest omfattande reformene i helsevesenet sett

i verk. Den nye samhandlingsreforma skal sørgje for at avstanden mellom

behandlingstilbod og pasient blir kortast mogleg. I praksis vil det seie at

fleire oppgåver er overførte frå sjukehusa til kommunane, slik at pasientane

skal unngå unødig lange sjukehusopphald. Å innføre desse endringane

vil ta tid, og derfor tar Helse- og omsorgsdepartementet høgde for ein

innkøyringsperiode på fire år. I Hordaland samarbeider Helse Bergen med

22 kommunar om desse endringane.

Foto: Haukeland universitetssjukehus

QR-koden tar deg direkte til Haukeland si historie. Du

finn program og informasjon om jubileumsaktivitetane

på nettsida haukeland.no/mitthaukeland.

10 11

Kong Mathias boltra seg i Leiketerapien då han var på besøk på Barneklinikken. Leiketerapien nyttar leik

som behandlingsmetode, og dette kan gjere sjukehusopphald for barn til ei mindre traumatisk oppleving.

Mormor Elisabeth Ødegård, dottera Kjersti Lervik

Øgaard og barnebarna Karoline og Mathias har

alle vore mykje på sjukehus fordi dei er fødde

med leppe-kjeve-ganespalte.

Framtidas sjukehus for barn

Første byggetrinn for det nye Barne- og

ungdomssenteret (BUSP) på Haukeland

er allereie godt i gang. Byggetrinnet vil

koste 1,4 milliardar kroner og stå ferdig

i 2014. Fullt utbygd vil senteret utgjere

66.000 kvadratmeter og er kostnadsrekna

til 3,4 milliardar kroner. Planen er at heile

senteret skal stå ferdig i

2020. Barnas energisenter

blir ein del av BUSP og

skal opne i 2014. Barnas

energisenter vil ha fokus

på fysisk aktivitet retta

mot barn og unge med

særskilde behov. Ved å leggje til rette for

fysisk aktivitet, vil ein betra livskvaliteten

og livsutsiktene til barn og unge med kronisk

sjukdom eller funksjonshemming.

Storsatsing på dei små

I fjor starta Haukeland Barneprogrammet.

Det rettar seg mot alle barn på sjukehuset,

og er eit samarbeidsprosjekt mellom sjukehuset,

Grieg Foundation og GC Rieber

Fondene. Programmet omfattar musikkterapeut

og sjukehusklovnar. Kultur brukt

på riktig måte kan ha positiv verknad for

barn innlagde på sjukehus.

Barn på sjukehus gjennom tre generasjonar:

Frå foreldrenekt til sjukehusklovnar

Som treåring måtte Elisabeth Ødegård (53) vere to veker på Haukeland utan at mor og far fekk lov å komme på besøk. Når

barnebarna hennar i dag er på sjukehuset, blir dei møtt av sjukehusklovnar og musikkterapeut, medan foreldra sjølvsagt er med.

– Det er rart å tenkje på kor annleis det var for

mamma å vere barn på sjukehuset, samanlikna

med korleis eg og mine ungar har opplevd det.

50 år er jo ikkje så lang tid, seier dottera Kjersti

Lervik Øgaard (28).

Tre generasjonar

Både Elisabeth Ødegård, Kjersti Lervik Øgaard

og hennar to barn, Karoline (5) og Mathias (3),

er fødde med leppe-kjeve-ganespalte. Noko

som har ført til at familien har brukt meir tid på

Haukeland universitetssjukehus enn dei fleste

Tekst: Camilla Crone Leinebø, foto: Eivind Senneset

gjer gjennom eit heilt liv.

– Å vere barn eller å ha barn på sjukehus er slitsamt

uansett korleis du vrir og vender på det.

Eg hugsar eigentleg ikkje så mykje frå då eg var

der som liten, men mor har fortalt meg ein del

og det er inga solskinshistorie, seier Ødegård,

medan ho blir avbroten av barnebarnet:

– Sjå mormor, ein klovn, ivrar treåringen og peiker

på døra inn til der sjukehusklovnane held til på

Barneklinikken.

– Under førre innlegging fekk Mathias besøk

av klovnane like etter at han blei operert. Det

gjorde inntrykk, ler mora.

Utan mor og far

For berre 50 år sidan var det lite merksemd

rundt barn sine behov ved sjukehusopphald i

Noreg. Den rådande haldninga var at barn hadde

det best på sjukehuset utan mor og far, fordi

dei hadde så lett for å gråte og blei urolege når

foreldra kom og gjekk.

– Rett etter at eg fylte tre år skulle eg bli operert

18. mai. Mor og far fekk beskjed om å levere

meg på Barneklinikken 16. mai, til deira og mi

store fortviling. Eg var vel akkurat gammal nok

til å forstå at eg ikkje fekk vere med på moroa 17.

mai, fortel Ødegård.

Opphaldet varde 14 dagar, og det var ikkje berre

den vesle jenta som sakna foreldra sine. Mora

sakna dottera, og grein kvar dag medan dottera

var aleine på sjukehuset.

– Dei fekk tilbake eit barn som hengte rundt

halsen deira og ikkje slapp taket på fleire dagar.

Truleg hadde det vore traumatisk, så eg er glad

eg ikkje hugsar særleg av det, smiler ho.

Ei ny verd

– Det var ei heilt ny verd å komme på Barneklinikken

med Kjersti då ho blei fødd. Som lita

fekk ikkje eg ha foreldra mine med på sjukehuset,

men med Kjersti var det forventa at vi

skulle vere der både dag og natt. Det blei nesten

litt i overkant, vi hadde jo ein son på to år heime

som trong foreldra sine, seier Ødegård, sjølv

om ho understrekar lykka over å få ta del sjukehusopphaldet

til dottera.

Kjersti Lervik Øgaard minnest tida på sjukehuset

i oppveksten med eit smil.

– Eg delte rom med fleire andre barn og vi

måtte ete alle måltida i lag. Det var berre stas

som barn, men då eg kom i tenåra kunne det

vere litt meir utfordrande. Ein har gjerne litt

meir behov for privatliv då, humrar ho.

– Ekstra gøy var det med så mykje besøk heile

tida, eg fekk jo godteri og brev frå alle klassekameratane

mine.

– Det kan verke som det gjekk frå det eine ytterpunktet

til det andre, seier mor og dotter.

Englesalve

Uvitande om korleis mormor hadde det på sjukehuset

då ho var lita, har prinsesse Karoline og

kong Mathias gått bananas i leiketerapirommet

på Barneklinikken. Dei har sjølvsagt valt sjukepleiaruniform

og legefrakk frå utkledningsstativet.

– Då eg var på sjukehuset sist, så måtte sjukepleiaren

stikke meg mange gonger for ho fann

ikkje blodåra mi, men det gjorde ikkje så vondt

fordi dei smurte sånn englesalve på først, fortel

Karoline som berre så vidt rekk å trekkje pusten

før ho opplyser at sjukepleiaren fann blodåra til

Mathias på første forsøk.

Barn sin rett

I dag har barn ei eiga forskrift i sjukehuslova

som beskriv deira rettar ved innlegging. Den

stiller mellom anna krav til sjukehuset når

det gjeld aktivisering av barn og samvær med

pårørande.

– Verken Karoline eller Mathias har tatt skrekken

av sjukehus. Då eg fortalde at vi skulle hit i dag,

var det berre forventning å skimte i auga på

begge to. Men det er herleg å vere her på besøk

for ein gongs skuld og ikkje som pasient eller

pårørande, smiler Kjersti Lervik Øgaard.

12 13

Dette betyr Haukeland for meg Tekst og foto: Eivind Senneset

Trine Eilertsen, sjefredaktør Bergens Tidende:

– Haukeland er ein institusjon dei fleste vestlendingar møter som

pårørande. Ein stor del av oss møter også Haukeland som pasient. Sjølv

har eg opplevd begge delar, men dei aller fleste møta med Haukeland har

vore som journalist og redaktør. Forskjellen på å møte Haukeland som

journalist og som pårørande er dramatisk. Eg har familiemedlem eg i

periodar har besøkt mykje på sjukehuset, og då har eg hatt fine opplevingar

med tilsette og fagmiljø. Som journalist er det jobben vår å fortelje om det

som ikkje fungerer. Derfor vil det alltid vere spenning mellom media og ein

så stor institusjon som Haukeland.

Anne-Grete Strøm-Erichsen, helse- og omsorgsminister:

– Haukeland har vore åstad for nokre av dei mest dramatiske hendingane i livet

mitt. Både triste opplevingar, som dødsfall, og dei mest lykkelege, som då barna

mine kom til verda. Faktisk jobba mor mi på Garantikontoret på Haukeland, og

nokre av dei tidlegaste barndomsminna mine er frå besøka der. Som helse- og

omsorgsminister kan eg slå fast at Haukeland er eit av dei beste og mest effektive

sjukehusa i Noreg, og det utmerkjer seg både nasjonalt og internasjonalt. Eg trur alle

sjukehustilsette har ein ærekjær yrkesstoltheit uttrykt gjennom høg etisk standard og

grunnleggjande respekt for alle menneske.

Thor Brekkeflat, prest:

– Eg har vikariert som sjukehusprest og hatt både dåp, bryllaup og gravferder

innanfor veggene til Haukeland. Eg har vigd menneske som ikkje var i stand

til å forlate sengene sine og døypt nyfødde som kanskje ikkje ville overleve

natta. Dette seier mykje om kontrastane på eit sjukehus. På eit rom kjem

eit nytt menneske til verda, medan på eit anna rom takkar ein annan av.

For meg betyr Haukeland glede, sorg og faglege utfordringar, og eg har

aldri slutta å la meg imponere over dei tilsette der. Dei utfører omsorgsoppgåvene

sine utan at eg nokon gong har opplevd likegyldigheit eller

fått maskinkjensle.

Christine Guldbrandsen, artist:

– Eit sjukehus er ein institusjon ein helst ønskjer å unngå, men når behovet

kjem prisar ein seg lykkeleg over at det finst. Det er trygt å vite at byen min har eit

kompetent sjukehus. Eg er sikker på at eg ville vore i trygge hender der. Mitt første

møte med Haukeland var då eg som barn blei innlagd med infiserte vasskoppar.

Dessverre blei det ikkje mitt siste sjukehusbesøk, for far min var alvorleg sjuk og

døydde då eg var 16 år gamal. Derfor er forholdet til Haukeland motstridande:

Institusjonen representerer tryggleik og tillit, men for meg får sjukehuset fram

mange triste minne.

Carl-Erik Torp, fotballspelar SK Brann:

– Eg hadde aldri vore innlagd før eg blei hjartepasient i ein alder av 27 år.

Det gjekk i eitt etter at eg fall om i Sogndal-kampen: Luftambulanse, sjukehus,

spesialistar, operasjon, pacemaker. Faktisk føler eg meg privilegert fordi eg

har tilgang til eit slikt helsetilbod og fordi eg hamna på Haukeland. Eit

pasientopphald kunne neppe vore betre. Når ein har vore frisk heile livet,

tenkjer ein ikkje på alternativa. No går eg rundt med eit arr på brystet. Det

arret har eg frå Haukeland. Og det er eit godt arr.

Trond Mohn, næringslivsleiar:

Sigmund Grønmo, rektor UiB:

Monica Mæland, byrådsleiar Bergen:

– Å kome i kontakt med menneske som er genuint opptekne av å hjelpe, trur

– Haukeland er den viktigaste samarbeidspartnaren til Universitetet i

– Gratulerer med jubileet! 100 år er ein flott alder for ein institusjon vi i Bergen er

eg gjer noko med korleis ein opplever livet. Sjukehusa er truleg nokre av dei siste

Bergen (UiB). Det er hovudklinikken for vår medisinutdanning og sjukehuset svært stolte og heilt avhengige av. Som institusjon spelar Haukeland også ei langt

institusjonane som er usjølviske. Ei stor oppgåve for alle sjukehus er å bidra til at folk

bidreg til å gjere Bergen til ein sentral aktør innan medisinsk forsking også større rolle enn som sjukehus for bergensarar og vestlendingar. At vi har nasjonalt

ikkje blir pasientar. For å førebyggje treng vi forsking, formidling og folkeopplysning,

internasjonalt. Mange sjukehustilsette har bistillingar ved UiB, og mange senter for brannskadar er viktig, og i eit større perspektiv er det bra ikkje alle

og her stiller Haukeland sterkt med fagfolka sine som usjølvisk gir av seg sjølve

av våre tilsette har bistillingar på Haukeland. Universitetet og sjukehuset

nasjonale kompetansesenter er samla på Austlandet. For meg er Haukeland også

til forskinga med ein innsatsvilje som skulle dei vore toppidrettsutøvarar. Vi har eit

deler også eit grunnleggjande verdisett basert på openheit, integritet og

staden eg har oppsøkt i mitt livs tristaste, men også mest lykkelege, augneblink.

helsetilbod til gode for alle i samfunnet, og ventelister og behandlingskøar blir eit

etikk. Dette kjem både forsking og pasientar til gode. Den innsikta eg som Eg har alltid blitt tatt varmt imot og møtt med respekt og kompetanse.

nødvendig utslag av det velferdssystemet vi nyt godt av.

universitetsrektor har om kompetansen og kvaliteten i sjukehuset, gir meg

14

også ein ekstra tryggleik som privatperson.

15

hendene som

aldri skjelv

Einar Jøssang ligg på operasjonsbordet. Over han

tronar seks mekaniske robotarmar. Dei lystrar

kvar minste rørsle frå fingrane og føtene til kirurg

Yngve Nygård som sit tre meter unna.

Tekst: Anette Hellstrøm, foto: Øyvind Blom

16 17

– Min far er murar og mine bestefedrar var tømrarar, så du kan trygt seie at

eg er tungt slektsbelasta på handverkarsida. Sjølv hadde eg lyst til å ta det

litt lengre - så då vart eg kirurg, seier Nygård i skrubben før han skal inn og

operere.

Dei nøyaktige robotarmane er med på å gi pasientar med prostatakreft færre

biverknader saman med raskare og betre behandling.

Foto: Ole-Christian Amundsen

– Sjølvsagt har eg hatt dagar der eg har grua meg til operasjonen, men eg

har blitt godt teken vare på og har heile tida følt eg har vore i gode hender,

seier Einar Jøssang.

Det er under eitt døgn sidan han blei trilla inn

på operasjonsstova. Einar Jøssang er for lengst

ute av sjukehussenga.

– Eg er mørbanka, men særs imponert. Allereie

i morgon reiser eg heim med kona.

Ein av tre

Einar Jøssang fekk konstatert prostatakreft i juni

2011. Statistisk sett er han er ein av tre i Noreg

som får kreft i løpet av livet. Det var ikkje heilt

sånn den spreke rogalendingen hadde sett for

seg starten på pensjonisttilveret etter 43 år i

Sparebank1 SR-bank.

– Eg leverte aldri inn ei einaste sjukemelding.

Frisk som ein fisk var eg stort sett heile tida. Ikkje

har eg vore på sjukehus eller blitt operert, så alt

dette er ny erfaring for meg, seier Jøssang.

Meir spent enn nervøs

Han kjende ikkje noko fysisk til kreften då diagnosen

blei bekrefta hos ein urolog i Haugesund.

Kroppen kjendest ut som han alltid hadde gjort.

– Urologen gav meg valet om å fjerne eller la

vere: ”Du kan etter alt å dømme leve i fem-seks

år eller meir utan at kreften utviklar seg til noko

farleg, men du har ingen garanti”. Eg bestemde

meg raskt for å få fjerna prostata. Urologen

sende tilvising til Haukeland på bakgrunn av

at ”dei er best på dette der borte”, og allereie

9. november fekk eg time til operasjon, fortel

Jøssang. Dei siste undersøkingane blir gjort

før Jøssang gjer seg klar til å faste. Han er meir

spent enn nervøs.

– Eg lurer veldig på korleis det blir. Eg håpar

eg slepp å ha mykje vondt i etterkant av operasjonen,

og eg lurer på korleis eg vil fungere

etterpå. Kor førleg vil eg bli? No skal det bli godt

å komme i gang og få det overstått, seier den

ivrige matematikaren og slår i hel ventetida

med litt Sudoku.

Hektisk

Inne på operasjonsalen er det hektisk aktivitet

i god tid før pasienten kjem inn. Ein anestesisjukepleiar

og to operasjonssjukepleiarar

klargjer utstyr, opnar sterile pakkar og testar at

antisklimadrassen som Jøssang skal liggje på sit

som den skal. Han skal nemleg bli tippa bakover

i ein vinkel som gjer at skuldrene og hovudet

hans nærmast vil liggje i golvet. Vinkelen han

ligg i vil gi roboten rett posisjon til å jobbe seg

ned til prostata gjennom buken.

– Det er mykje førebuingar som skal til før vi er

klare for sjølve operasjonen, seier operasjonssjukepleiar

May Solheim.

Roboten vaknar

– Det er hektisk for oss i byrjinga – alt skal skje

på ein gong, men så roer det seg ned etter kvart,

supplerer Sigrun Kramer, også ho er operasjonssjukepleiar.

Dei driftige damene får dei siste

detaljane på plass, og Jøssang blir trilla inn.

Medan anestesilege og sjukepleiar sørgjer for at

han fell i djup søvn, kler Solheim roboten, som

saman med kirurg Yngve Nygård skal fjerne

prostataen til Jøssang, inn i plast. Maskina blir

skrudd på, og robotarmane vaknar til liv. Klokka

er 13.30, og dei er klare til operasjon.

Høgteknologiens siste skrik

Den einaste gongen Nygård fysisk tar i Jøssang

er når han skjer seks små inngangar i buken kor

robotarmane skal inn. Resten av tida sit han tre

meter unna pasienten og opererer med fjernstyrte

armar. Det er dette som blir kalla kikholsteknologi.

Framfor seg ser Nygård ned i to hol

som viser tredimensjonale bilete frå innsida av

kroppen til pasienten. Han styrer maskina med

både fingrane og beina.

– Det er nesten som å køyre bil. Eg beveger

utstyret inne i pasienten ved hjelp av multifunksjonelle

hendlar og ein pedal, og det gir

meir presisjon enn det eg kunne gjort dersom

eg skulle operert pasienten med mine eigne

hender, seier Nygård.

– Dette er spennande kirurgi, og det er gøy å ta

del i den høgteknologiske utviklinga. Roboten er

eit veldig godt arbeidsverktøy og pasientane er

meir fornøgde, poengterer Nygård. Med trygge,

rolege rørsler svir, brenn og fjernar Nygård

den runde kulen som er prostata frå kroppen

til Jøssang. Spor av kreft, som ikkje er synlege

for auget, forsvinn bit for bit samstundes som

Jøssang sine sjansar for å bli fullstendig frisk

aukar. Etter to og ein halv time er operasjonen

over.

Dagen etter

– At kikholsoperasjon ikkje etterlet seg sår imponerer

meg, seier Jøssang dagen etter. Han er

støl i skuldrene og litt sår i halsen etter pusterøyret,

men har sove veldig godt i natt, og føler

seg utkvilt. Kona har nett vore på besøk når vi

møter han like etter at han har ete lunsj. I morgon

reiser han kanskje heim, eller kan hende blir

han ein dag ekstra. Det er opp til han sjølv.

– Menn i min alder bør gå til lege med jamne

mellomrom for å finne ut om dei har prostatakreft,

slik kvinner går til mammografi for å finne

eventuell brystkreft. Det er mi oppfordring.

Kva er da Vinci?

• Da Vinci er ein fjernstyrt operasjonsrobot

som aldri skjelv på hendene.

• Roboten er med på å tryggje inngrep, redusere

behandlingstid og minske dei postoperative

smertene for pasientar med prostata-,

underlivs-, urinblære- og rektumkreft.

• Maskina gjer at fleire pasientar kan bli

behandla raskare og meir effektivt, samstundes

som den ikkje etterlet store operasjonssår på

kroppen til pasienten.

• Det er mellom anna Medisinsk Høyteknologisk

Forskningsfond, Grieg Foundation og

trond Mohn som har skaffa pengar til

da Vinci-roboten på Haukeland. Med fullt

utstyr kostar den rundt 17 millionar kroner.

18 19

Sjå, ho smiler!

Den nyfødde vesle jenta på sjukehuset Mnazi Mmoja på Zanzibar får livgivande

oksygen gjennom nasekateteret. Og jammen ser det ikkje ut som om ho smiler.

Tekst og foto: Mona Høgli

“Vi driv

kompetanse overføring,

og den går begge vegar

Stener Kvinnsland

ZANZIBAR: Det er berre nokre timar sidan ho

vart fødd; ei flott lita jente som har problem

med å få i gong pustinga. Derfor er ho flytta

over på nyføddavdelinga for å bli lagt i kuvøse.

Det hovudpersonen sjølv ikkje veit, er at i dag

har barnesjukepleiar Gunn Elin Veivåg omsider

fått kopla til utstyr ho har hatt med frå Bergen.

Som første pasient blir den vesle jenta kopla til

apparatet som sørgjer for pustehjelp og måler

oksygenmengda i blodet.

Behandling som verkar

Ein treng ikkje apparat for å sjå at behandlinga

verkar. Det vesle ansiktet får ein friskare farge,

og det legg seg eit fornøgd drag over munnen.

Nyfødde kan ikkje smile, heiter det. Vel, så var

det i alle fall ein grimase som likna eit smil.

Denne gongen var det den norske barnesjukepleiaren

som kopla til utstyret. Men dette skal ikkje

vere hennar jobb. Hennar jobb blir å lære opp

dei andre sjukepleiarane i bruken av apparata.

Partnarsjukehus

Mnazi Mmoja Hospital på Zanzibar er eitt av

partnarsjukehusa til Haukeland universitetssjukehus.

Barnesjukepleiar Gunn Elin Veivåg og

barnelege Kristoffer Brodwall frå Barneklinikken

på Haukeland er dei to første som no arbeider

på barneavdelinga her på Zanzibar.

– Vi var ikkje heilt førebudde på kva som ville

møte oss. Vi tok med oss ein del utstyr som vi

meinte vi ville få bruk for. Men då vi kom hit, såg

vi at dei mangla grunnleggande ting som termometer

og fødselsvekter. Vi gav derfor beskjed til

kollegaene på Haukeland om at dei måtte kjøpe

rimelege vekter og termometer på Clas Ohlsson,

og ta det med nedover, fortel dei to.

Lagar mat sjølv

Mellom bygningane på sjukehusområdet er det

mykje folk. Dei fleste er pårørande. Sjukehuset

har ikkje matservering, og pasientane er derfor

avhengige av å ha pårørande som kan lage mat

og vaske kleda deira. Utanfor ein av bygningane

finn vi også ein stor, blå container. Den kjem frå

Haukeland, og her er alt frå leiker til kuvøser.

– Vi plukkar ut litt om gongen, alt etter kva vi

treng, fortel Veivåg. Det kjem bod etter Doctor

Kristoffer, som han blir kalla. Han blir bedt om

å gå visitten saman med Salama. Ho er korkje

sjukepleiar eller lege, men har treårig utdanning

som clinical officer, noko som gjer at ho får

mykje av ansvaret for pasientane. Sjukehuset har få

legar og mange slike clinical officers. Salama og

kollegaene hennar må derfor ta mykje av arbeidet

med å stille diagnosar og lage behandlingsopplegg.

Løyser problema saman

Salama og barnelegen går frå seng til seng og

ser på pasientane: Ein har kreft, ein greier ikkje

ete. I ei seng ligg tre år gamle Wasila åleine. Ho

har blodforgifting, har vore på sjukehuset i sju

dagar, og har hatt fleire tilfelle av feberkrampar.

Med nyinnkjøpt termometer frå Bergen tar

Salama temperaturen på jenta. Salama og

Brodwall diskuterer eit opplegg for korleis dei

skal registrere og følgje utviklinga for den vesle

feberheite jenta. For barnelegen gjeld det same

som med barnesjukepleiaren: Det er ikkje han

som skal gjere jobben. Han skal saman med

dei tilsette utvikle nye rutinar for å gi enda betre

behandling. Dei tilsette på sjukehuset har sin

kompetanse, Brodwall har sin. Saman kan dei

finne dei gode løysingane.

Givande jobbutveksling

Dei to tilsette frå Haukeland meiner dei har mykje

igjen for å jobbe på sjukehuset på Zanzibar.

– Når vi må jobbe under heilt andre forhold enn

det vi har heime og med andre sjukdomsbilete,

får vi bruk for all vår faglege dugleik. Her har vi

ikkje støtte i alt det tekniske utstyret vi har på

Haukeland, dermed får vi verkeleg utvikla den

kliniske kompetansen vår, seier dei to.

Livreddande luer

Tilbake på nyføddavdelinga har Veivåg funne

fram ei av dei små ull-luene som ivrige strikkarar

på Haukeland har sendt nedover. Nyfødde

mistar mykje varme gjennom hovudet, og dei

små som må liggje i kuvøsene, treng luene for å

halde på varmen. Den vesle, namnlause jenta

med nasekateteret får på seg ei knallgrøn lue.

Ho gjer framleis fornøgde grimasar.

Tre år gamle Wasila har feberkrampar.

Doctor Kristoffer Brodwall og clinical officer

Salama diskuterer korleis dei best kan

hjelpe den vesle jenta.

Dei små ull-luene som ivrige strikkarar på

Haukeland har sendt sørover, er viktige for at

dei nyfødde kan halde varmen i kuvøsane.

ut i verda for å lære

– Partnarsjukehus er ein vinn-vinn-situasjon. Det seier administrerande

direktør Stener Kvinnsland i Helse Bergen, Haukeland universitets sjukehus.

Tekst: Mona Høgli

– Partnarsjukehusa våre får hjelp til å

utvikle nye rutinar og system, og Haukeland

sine tilsette får verdifull erfaring og

trening som dei ikkje har moglegheit til

her heime, seier Kvinnsland.

Vinn-vinn

Som eksempel på det verdifulle samarbeidet

trekkjer han fram at Haukeland

har fått status som Nasjonalt behandlingssenter

for gynekologiske fistlar. Dette er

ein type fødselsskadar som heldigvis ikkje

er så vanlege i Noreg. Men i mange

afrikanske land er dette eit stort problem.

Gjennom samarbeidet med partnarsjukehusa,

får tilsette frå Haukeland verdifull

klinisk erfaring som kjem pasientane her i

Noreg til gode. Samtidig bidrar dei til å lage

system og rutinar som betrar behandlinga

ved partnarsjukehusa.

Nyttig for begge

– Dette er sjølve berebjelken i det internasjonale

arbeidet vårt: Vi driv kompetanse

overføring, og den overføringa går

begge vegar, seier Kvinnsland. Han har

jamleg kontakt med leiarane for partnarsjukehusa

i Afrika for å finne fram til kva

for prosjekt som skal prioriterast.

– Det viktige er at prosjekta speglar det

våre partnarar sjølv meiner dei treng, ikkje

det vi meiner dei treng, seier Kvinnsland.

20 21

Administrerande direktør om framtidas sjukehus:

– Vi må ha evne og vilje til

vanskelege val

– Framtida vil gi eit hav av moglegheiter og utfordringar, både medisinsk, teknisk

og etisk. Då må vi vise at vi har både evne og vilje til å ta dei vanskelege vala, seier

Stener Kvinnsland, administrerande direktør i Helse Bergen.

Tekst: Mona Høgli

Framtidsforskaren:

– Størst

utfordring

med dei eldre

– Eldrebølga vil bli den største

helseutfordringa i åra som kjem,

seier forskingssjef Johan Peter

Paludan ved institutt for Fremtidsforsking

i København.

Tekst og foto: Øyvind Blom

Han fortel at om ti år vil vi ha svært mange 70-åringar, og

om tjue år er denne gruppa blitt 80 år. Demens og andre

sjukdommar som rammar den stadig aukande eldre delen

av befolkninga vil auke. Det same vil livstilsjukdommar

som skuldast røyking, alkohol og overvekt. Infeksjonssjukdommar

vil det bli færre av ifølgje Paludan.

Fleire psykisk sjuke

Psykiske lidingar aukar i befolkninga, både alvorlege

lidingar som psykose og schizofreni, men også mildare

tilstandar som angst og depresjon.

– Psykiske lidingar er ofte kostbare for samfunnet. Desse

pasientane lever lenge med sjukdommen sin samanlikna

med for eksempel alvorleg kreftsjuke eller andre med

kortare leveutsikter, forklarar Paludan.

Sentraliserer spesialoppgåvene

Instituttet har ved fleire høve gjort utgreiingar for dei

danske helsestyresmaktene, og framtidsforskaren ser også

for seg utfordringar når det gjeld lokalisering. Danmark er

i gang med nedlegging av små sjukehus, det skjer både av

økonomiske og medisinskfaglege grunnar.

– Ny teknologi vil først og fremst gjere det enklare å

behandle pasientar over lang avstand. For dei som

bur til dømes i Nord-Noreg er dette eit godt alternativ.

Ojepengane gjer Noreg privilegert, og landet vil ha gode

moglegheiter for eit godt helsevesen også i åra som kjem,

meiner framtidsforskaren.

Utviklinga innan teknikk og medisin gjer at

grensene for livreddande og livsforlengjande

behandling stadig blir flytta. Dette

vil tvinge fram ein debatt om individualetikken

sett opp mot gruppeomsynet.

For eit enkeltmenneske er det sjølvsagt

at han eller ho skal ha den beste

behandlinga som er å oppdrive, sjølv

om prisen kan vere fleire hundretusen

kroner, ja kanskje millionar, for nokre

ekstra månader liv.

Mangel på hender

Sett opp mot omsynet til ei gruppe

andre pasientar, er ikkje svaret så

enkelt. Bruker sjukehusa store

ressursar på nokre få pasientar, vil

det føre til at det blir mindre til andre,

store pasientgrupper. Her hjelper det

ikkje å vere ”verdas rikaste land”.

– Det vil bli mangel på helsepersonell,

og dersom mange av dei skal bruke tida

si på omfattande behandling av nokre få,

vil det bli færre til å ta seg av dei andre.

Her vil det komme viktige debattar i åra

framover, meiner Kvinnsland. Medisinsk

teknikk og IKT kan løyse nokre av desse

utfordringane. Robotteknologien har vi berre

sett starten på, den vil revolusjonere mykje av

det vi driv med. Men kva val gjer vi når teknikken

effektivt kan gjere nokre av dei oppgåvene som

hendene før måtte gjere?

Rett kompetanse

– Vi må ikkje velje bort hendene! Den menneskelege

kontakten er heilt essensiell. Men vi må ha mot til å

sjå med friske auge på kva for hender vi skal ha, seier

Kvinnsland.Den store utfordringa innan alle delar av

helsevesenet, vil vere mangelen på ulike typar helsepersonell.

Det vil komme diskusjonar om kva for

kompetanse som trengs, det er ikkje sikkert det er

behov for høgspesialiserte fagfolk til alle oppgåvene.

– Det blir viktig å spele inn til utdanningsinstitusjonane

kva for behov vi har. Til dømes finst det svært få utdanningar

som ligg i skjeringspunktet mellom medisin og

teknikk, dette har vi stort behov for. Eg meiner også at

mange utdanningsløp må endrast, seier Kvinnsland.

Treng generalistar

Kvinnsland presiserer at han ikkje er imot den aukande

spesialiseringa innan mange felt, den er heilt naudsynt

med den rivande utviklinga som er innan medisinen.

Likevel ivrar han for å få ein heilt ny type ”spesialist”,

nemleg generalisten.

– Vi må få ein ny type legar i sjukehusa som kan

mykje om det meste. Haukeland universitetssjukehus er

eigentleg eit stort lokalsjukehus. Om lag 75 prosent av

alle pasientane våre treng behandling på lokalsjukehusnivå.

Det er altså om lag ein fjerdedel som har behov for

dei mest kompliserte og høgspesialiserte tenestene våre.

Det er ikkje bra verken for pasienten eller ressursbruken

på sjukehuset at pasienten kjem inn i ei høgspesialisert

behandling når det han eller ho treng, er vanleg lokalsjukehusbehandling,

seier han.

Behandling på rett nivå

Haukeland planlegg no ein ny mottaksklinikk som i større

grad skal sikre at pasientane får behandling på rett nivå.

– Her treng vi verkeleg dei gode generalistane! seier

Kvinnsland. Behandling på rett nivå vil vere eit nøkkelord

i framtidas helsevesen. Skal pasienten ha høgspesialisert

behandling på eit universitetssjukehus, på eit lokalsjukehus

eller i kommunehelsetenesta?

– Samhandlingsreforma legg opp til at meir skal ut til

kommunane. Det er kommunane som er grunnpilaren i

helsetenesta for dei aller fleste innbyggjarane. ”Folk bur i

kommunane og er gjest på sjukehuset” var det ein som sa.

Det er eit godt bilete på dette, seier Kvinnsland.

Fleire eldre

Vi vil få fleire eldre med samansette sjukdommar, og

stadig auke i talet på pasientar med til dømes rus, kreft

og psykiske lidingar vil krevje mange og vanskelege val i

åra som kjem.

– Dette krev knallhard prioritering. Ressursane til

helsevesenet greier aldri å halde tritt med forventningane

hos innbyggjarane. Vi kan aldri gjere alt som alle

forventar, seier Kvinnsland.

Pasientsikkerheit

Han er også opptatt av den aukande merksemda på

pasientsikkerheit.

– Det er bra. Vi skal ikkje skade pasientane! Nokre gonger

går det galt uansett kva vi gjer, mange behandlingar har

ein risiko ved seg. Men mykje kan likevel førebyggjast, og

openheit om arbeidet med å auke pasientsikkerheita vil

vere viktig i åra som kjem. Heldigvis går det bra i dei aller

fleste tilfella. Vi greier å gjere det beste for pasientane,

stiller diagnosen og gir ei skreddarsydd behandling med

minst mogleg biverknader, då er det fantastisk å jobbe på

eit sjukehus. Og det er mogleg å gjere dette endå betre.

Det er dette som er drivkrafta for å planleggje for

framtidas sjukehus!

22 23

– Eg har lært for livet, seier Elin Hansen (til venstre) som dei siste åra har kjempa seg tilbake

til kvardagen og arbeidslivet. Oppskrifta har mellom anna vore kurs hos Eva Helen Svendsen

ved Bjørgvin DPS.

Med stø kurs mot håpet

Psykiatriske pasientar blir no sendt på kurs med stort hell. Her lærer dei seg meistringsstrategiar.

Kjensla av å lukkast med noko i løpet av dagen er sjølve nøkkelen til betre psykisk helse.

Tekst: Silje Midttun, foto: Silje Robinson

For fire år sidan låg Elin Hansen i senga si og

hadde angst for at ho aldri skulle kome seg derifrå.

Etter mange infeksjonar og mykje stress, hadde

ho fått den omdiskuterte diagnosen ME tre år

tidlegare, og opplevde at kroppen kollapsa. Til

slutt var ho sengeliggjande, fullstendig avhengig

av andre. Kontakten med venene forsvann gradvis

og ho var fanga i energislukande grubling som gav

næring til angsten. Ho hadde angst for å hamne

på sjukeheim som pleiepasient, og etter kvart tok

også ein sterk dødsangst eit klamt tak i henne og

blei altoppslukande.

– Når du har vore isolert og levd på sida av samfunnet

lenge, føler du deg ekstremt utanfor og

aleine, fortel ho stille.

– Utanfor storsamfunnet, men også utanfor i

ditt eige nettverk og i din eigen familie, utdjupar

35-åringen. Det er tøft å prate om dei tunge åra då

ho følte seg som ei byrde.

– Du mister tilliten til din eigen kropp, til dine

eigne evner – ja, til heile deg.

Einsemd

Lågt sjølvbilete og einsemd er eit problem for

mange psykiatriske pasientar.

– Menneske som har opplevd tap og store belastningar

trekkjer seg gjerne tilbake og har mindre

energi og initiativ til å ta kontakt med andre. Einsemda

er ofte påtrengjande, fortel psykologspesialist

Eva Helen Svendsen ved Bjørgvin DPS.

Psykologspesialist Eva Helen Svendsen ved

Bjørgvin DPS har hatt stort hell med å bruke

kurs i behandlinga av psykiatriske pasientar.

Ho er primus motor for kurstilbodet til psykiatriske

pasientar ved senteret, og peikar engasjert

på at kursa er viktige på mange plan. Pasientane

kjem seg ut av heimen og treff andre, dei kjenner

seg igjen i andre sine historier, deler erfaringar,

støttar kvarandre og ser at dei ikkje står aleine.

– Dessutan er kurs noko alle tek i dag. Det er

såleis lite stigmatiserande, seier Svendsen, som

er svært oppteken av å byggje ned fordommar i

psykisk helsevern.

– Mange av mine pasientar får stadig høyre at

dei skal smile til verda, så smiler verda tilbake.

Slike tankelause kommentarar er både sårande

og krenkjande for den sjuke, forklarar Svendsen.

Kursa tek tak i problem som psykisk sjuke ofte

har felles, og gjev dei verktøy til å bryte mønster og

meistre kvardagen. Jobben må dei gjere sjølve.

Det er som å lære eit nytt språk. Resultat krev

innsats.

Alt blei svart

Då Svein Ove kom til Eva i fjor var han djupt

deprimert. Hovudet var sprengt av destruktive

tankar. Meir enn ein gong hadde han lurt på om

han orka å leva vidare. Meir enn ein gong hadde

han nesten sett punktum. Så då han sette seg i

ein av dei turkise stolane på Eva sitt kontor var

han i grunnen berre ute etter at ho skulle vri om

på ein brytar slik at han kunne gå ut att som ein

fiksa mann.

– Eg er ikkje fiksa, vedgår han.

– Det går opp og det går ned, men eg har

fått mange reiskap som eg bruker til dagen.

Nedturane er ikkje så djupe og skumle lenger,

fortel han. Det var eit samlivsbrot som knekte

Svein Ove. Familien hadde vore fokuset i livet

hans. No kjendes det som han stod aleine og

ribba tilbake. Kjærleikssorga overmanna han, i

tillegg kom økonomiske vanskar som førde til at

han måtte ta ein ekstra deltidsjobb på toppen av

ei full stilling. Alt gjekk i svart. Svein Ove deltok

på kurs i mindfulness parallelt med at han fekk

intensiv samtaleterapi. Det opna ei ny verd. No

mediterer han dagleg. Det set ned turtalet og får

han til å bli til stades her og no, leggje grublinga

bort og våge å håpe. Håpe på betre dagar.

Ber håpet

Psykologspesialist Svendsen ser på kursa som ei

investering i deg sjølv som aldri kan falle i verdi.

– Det er like enkelt som at du skal ta surstoffmaska

på deg sjølv før du hjelper andre, seier ho.

– Når du opplever meistring i kvardagen, vil det

tenne håpet på ny. Håpet er heilt avgjerande,

men eit menneske som er mørklagd av depresjon

gløymer at ho har eit medfødd potensiale og ein

medfødd livsgnist. Då er det mi viktige oppgåve å

bere håpet for pasientane til dei klarer det sjølve,

forklarer ho.

– Det er ein fantastisk jobb å hjelpe folk på vegen.

Rørande, seier Eva Helen Svendsen med djupt

engasjement. I dag ber Elin Hansen håpet sjølv.

Men det tok tid. Og det var hardt arbeid. Både

fysisk og psykisk. Ho har trena seg forsiktig opp

igjen saman med fysioterapeut, parallelt med at ho

har delteke på tre kurs ved Bjørgvin DPS gjennom

dei siste åra og samstundes fått individuell terapi.

– Eg har lært for livet

Gradvis har ho teke opp igjen kontakten med

venene. Ho er kvitt grublinga og har fått verktøy

til å meistre angsten. Og med skrekkblanda fryd

har ho teke det første skrittet ut i arbeidslivet igjen.

– Eg er på veg opp og fram, seier ho spøkefullt.

kurs som behandling

• Bjørgvin Distriktspsykiatriske senter (DPS)

har sidan 2005 drive kurs for psykiatriske

pasientar, og tilbyr kurs i Meistring av

belastning, sjølvhevding og mindfulness.

• Kursa er eit supplement til anna behandling.

• Felles for pasientar innanfor psykiatrien er

at dei ofte har mista kjensla av meistring i

kvardagen. Derfor står meistring i fokus.

• I 2011 deltok 121 pasientar og pårørande på

kurs ved Bjørgvin DPS.

24 25

Internasjonale kollegaer på Haukeland: Yadira R.A. Halden frå Cuba på Sterilsentralen (øvst)

og klinisk ernæringsfysiolog Jenny Hernæs frå Sverige.

Ein fot i begge

kulturar

Ei dramatisk avgjersle under Golfkrigen i 1991 skulle føre Kahtan

Al-Azawy (47) frå Irak til direktørjobb på Haukeland. Der jobbar han

saman med folk frå heile verda.

Tekst: Anne Christine F. Olsen, foto: Eivind Senneset

“Eg las norsk

18 timar i døgnet

Kahtan Al-Azawy

– Språket kan aldri bli det same når du kjem til

eit nytt land som vaksen, men det er ei utfordring

ein må ta på alvor, seier avdelingsdirektør

Kahtan Al-Azawy frå Irak ved Lungeavdelinga på

Haukeland.

På den tida var han 27 år gamal, ferdig med

medisinstudiet og jobba som turnuskandidat

ved sentralsjukehuset i Baaquba, omlag seks mil

nord for hovudstaden Baghdad.

– Eg bestemte meg brått for at eg måtte komme

meg vekk, og fekk hjelp til å flykte nordover til

Tyrkia, fortel Kahtan Al-Azawy. I seks dagar var

han på flukt, stort sett til fots i dei kleda han

hadde på seg då han drog.

Rømde til Tyrkia

– Den sjette dagen gjekk eg saman med fleire då

vi blei stoppa av tyrkiske spesialstyrkar berre nokre

få kilometer frå ein flyktningleir i Tyrkia, fortel

Al-Azawy. Han klarde å rømme frå soldatane, og

kom seg til flyktningleiren søraust i Tyrkia. Der

melde han seg som frivillig for Sameinte Nasjonar

(SN), og jobba som lege blant 10 000 flyktningar

i nærmare eitt år.

– Etter kvart skjønte eg at det ikkje var mogleg

for meg å reise tilbake, men at det var på tide å

kome seg vidare.

Frå song til tang

På sterilsentralen på Haukeland sit Yadira R.A.

Halden frå Cuba og sorterer sakser, skalpellar,

tenger og anna utstyr som skal steriliserast før

nye operasjonar. Ho er eigentleg utdanna musikkpedagog,

men har jobba på Haukeland sidan

1999.

– Eg gjer mykje forskjellig, lærer mykje nytt, så

det er kjekt å jobbe her, seier ho.

I etasjane under sterilsentralen på Haukeland

held vaskeriet til, og her jobbar tilsette frå 18

nasjonar. Dei vaskar mellom 10 og 11 000 kilo

med tøy kvar dag, og det blir svimlande 2645

tonn tøy på eit år.

– Vi er heldige, for vi får reint arbeidstøy kvar

dag, spøker vaskeriassistent Sadeta Sahbegovic

frå Bosnia. Etter snart 13 år på vaskeriet er ho

i ferd med å ta fagbrev i tekstilreinhald saman

med tre andre kollegaer.

Valde Noreg

Som alle dei andre flyktningane i leiren blei også

Kahtan Al-Azawy intervjua av uttakskommisjonen

i SN om kor han helst ville dra. Valet sto

mellom Australia, Canada eller Noreg.

– På den tida var det arbeidsløyse blant legar

i Australia og Canada, så valet blei enkelt. Det

måtte bli Noreg for meg. Ein av dei siste dagane

i mars i 1992 landa han saman med kona på

Flesland. Vel framme i Bergen flytta det unge paret

inn på asylmottaket ved jernbanestasjonen. Det

første året brukte han på å lære seg norsk.

– Eg las norsk 18 timar i døgnet. Du må kjenne

språket for å kunne bidra, meiner Kahtan

Al-Azawy. Innsatsen for å lære seg det nye

språket, gav gode resultat. Trass i at norsk ligg

langt frå morsmålet arabisk, fekk han svært gode

karakterar på norskeksamen, og han bestod

også fagprøven. Med papira i orden forventa

han at tilbod om jobb skulle kome av seg sjølv

gjennom eit brev i posten. Etter kvart skjønte

han at det norske systemet var slik at han sjølv

måtte søkje arbeid.

– Eg sende 65 jobbsøknader til sjukehus i heile

Noreg, men fekk ikkje eit einaste positivt svar.

Difor oppsøkte eg Haraldsplass og Haukeland,

og fekk etter kvart jobb på Haukeland.

I godt selskap

På Haukeland er Kahtan Al-Azawy i godt selskap

med kollegaer frå 35 nasjonar, mellom anna

svenske Jenny Hernæs på avdeling for klinisk

ernæring. På spørsmål om kvifor ho busette seg

i Noreg, svarer ho kort og kontant:

– Ein kar! Og han er eg gift med i dag, ler ho.

Haukeland har vore arbeidsplassen hennar dei

siste åtte åra.

– Det var for mange svenskar i Oslo, så eg søkte

meg til Bergen. Det er tilfeldig korleis livet blir,

men eg er utruleg fornøgd med at eg kom hit,

summerer ho opp.

Tilbake til utgangspunktet

Etter sin første jobb på Haukeland fekk Kahtan

Al-Azawy nye jobbtilbod andre stader i landet,

og han flytta frå Bergen. Men i 2002, ti år etter

at han kom til sitt nye heimland, var han tilbake

i vestlandshovudstaden og klar for ny jobb på

Haukeland. Denne gongen som seksjonsoverlege

ved Lungeavdelinga, avdelinga han i 2008 blei

øvste leiar for. Avdelingsdirektøren er ikkje i tvil

om kva som er det beste ved livet i Noreg.

– Her har ein fridomen til å gjere det ein vil. Å

oppleve slik fridom er ikkje sjølvsagt.

– Etter alle desse åra, føler du deg mest som

irakar eller nordmann?

– I mange samanhengar føler eg meg like mykje

norsk som irakisk. Det er så mykje som skjer

med eit menneske gjennom eit liv, og eg har ein

fot i begge kulturar. Det er ikkje noko du vel, det

berre blir slik.

Haukeland som internasjonal

arbeidsplass:

Med tilsette frå 35 ulike nasjonar er

Haukeland universitetssjukehus ein

internasjonal arbeidsplass. Sjukehuset

har rundt 12 000 tilsette, men

har alltid behov for dyktige fagfolk

innan dei fleste helsefaglege områda.

Om du kunne tenkje deg å jobbe på

Haukeland, kan du sjå ledige stillingar

på helse-bergen.no.

26 27

10 000 får hjelp

til sjølvhjelp

Visste du at Haukeland låner

ut behandlingshjelpemiddel til

nærare 10 000 pasientar kvart år?

Av: Anne Christine Olsen

– Vi ser at dette er svært nyttig for

mange pasientar. Både fordi dei får

større kontroll over eigen sjukdom,

og fordi det førebyggjer at dei må

leggjast inn på nytt. Når vi kan leggje

forholda godt til rette for pasientane

heime, aukar det tryggleiken deira.

Pasientane kan gjere meir sjølve, og

dei treng ikkje bruke tid på å gå så

ofte til lege, seier Gunn Krogenes

Larsen.

Med livet på ryggen

Kvar kveld må Per Storm Torjussen (59) ta på seg sekken frå sjukehuset.

– Utan den hadde eg ikkje overlevd, seier han.

“Mange i min

situasjon ville nok

vore innlagde på

sjukehus

Per Storm Torjussen

Tekst: Anne Christine F. Olsen, foto: Eivind Senneset

Sekken han har lånt frå sjukehuset inneheld ei pumpe

som dagleg pumpar livsviktig næring inn i kroppen

hans.

– Kroppen klarer ikkje å ta opp næringsstoff frå maten

eg et. Derfor må eg ha på sekken. Den held meg i

live, seier Per Storm Torjussen.

Kronikar

59-åringen har levd med den kroniske fordøyelsesjukdommen

Crohns heile livet, og blei operert

første gong i slutten av tenåra.

– Legane måtte fjerne overgangen mellom tynn- og

tjukktarmen, noko eg levde fint med heilt fram til eg

måtte fjerne heile tjukktarmen for nokre år sidan. Det

var då eg fekk utlagt tarm og stomi på magen. To

gonger har legane forsøkt å sy tynntarmen saman

med tjukktarmen, slik at eg skulle sleppe å ha stomi,

men det har vore mislykka begge gongene, seier Per

Storm Torjussen.

Mørke klede

Han er nøye med kva for klede han tar på seg. Dei

skal helst vere mørke og sitje laust rundt kroppen, så

stomiutstyret ikkje blir synleg. Panikken er at stomiposen

skal bli for full, eller sprekke.

– Spør meg om toaletta i Bergen – eg veit kor dei er!

smiler han.

– Korleis er det for deg å ete?

– Eg et for å vere sosial og fordi eg liker smaken. Eg

kan ete som alle andre fram til eg tar på meg sekken

om kvelden. Men eg må vere forsiktig. Får eg i meg

til dømes ein for stor kjøtbit, så kan han proppe igjen

systemet, forklarer Per Storm Torjussen.

Tilfeldigvis er kona hans stomisjukepleiar.

– Eg er heldig som er gift med ein stomisjukepleiar,

men det er stort sett eg som ordnar opp i høve til

sjukdommen. Ho er jo kona mi - ikkje sjukepleiaren

min. Det er viktig.

Ventar på operasjon

No ventar Per Storm Torjussen på endå ein ny

operasjon for å bli kvitt stomien, og skal etter planen

bli operert i vår. Medan han ventar, lever han livet så

normalt som mogleg med jobb og heimebehandling.

Det inneber at sekken må på kvar kveld klokka sju.

Først 12 timar seinare, klokka sju om morgonen,

kan han kople seg frå sekken. Då har han fått i seg

næringa han treng.

Jobbar frilans

– Det er vanleg å ha sju meter tarm, men hos meg er

tarmen som er kopla til magesekken berre 40 centimeter,

så tarmen er for kort til å gjere seg nytte av

maten eg et. Derfor må eg fjernmatast ved hjelp av

sekken, forklarer han. Tidlegare har han reist mykje

i samband med jobb i legemiddelbransjen. No fartar

Med hjelpemiddel og oppfølging frå sjukehuset, og ikkje minst ei eiga

evne til å sjå moglegheiter, kan kronisk sjuke Per Storm Torjussen

halde fram å jobbe medan han ventar på operasjon.

han mest frå heimen ved Mariakirka i Bergen til

kontoret som ligg rett i nærleiken. Der jobbar han

som frilansar – i hovudsak med omsetjing av

medisinske tekstar.

– Som frilansar bestemmer eg sjølv kor mykje eg

kan jobbe. Eg jobbar som regel kvar dag, men har

kortare dagar. Eg har valt å ha alt behandlingsutstyret

heime. Med kort avstand frå kontoret til

heimen, kan eg dra heim når eg treng det.

Ordnar opp sjølv

Før Per Storm Torjussen skal opererast på nytt,

må han førebu tarmen ved å halde han aktiv. Det

gjer han ved å mate tarmen til faste tider fem

gonger om dagen.

– Eg sprøytar inn næring, slik at tarmen får noko

å arbeide med, og det tar ein time kvar gong. For

å seie det slik, eg har ikkje fritidsproblem, ler han.

Livsviktige rutinar

Alt Per Storm Torjussen skal gjere må planleggast,

for han kan ikkje hoppe over dei livsviktige daglege

rutinane. På fritida går han gjerne tur for å halde

seg i form. Kino har han ikkje forsøkt enno, men

han har ei konsertoppleving friskt i minne.

– Eg gjekk på konsert, og skulle kose meg med

ein øl. Men å stille seg opp ved baren med sekk

på ryggen var ikkje særleg populært kan du seie.

Det blei trongt, så konserten var ei lite hyggjeleg

oppleving, humrar han.

Får god oppfølging

Med god oppfølging og lån av utstyr frå sjukehuset,

kan Per Storm Torjussen klare seg sjølv.

Han er jamleg i kontakt med sjukehuset.

– Eg er takksam for all hjelpa eg får. Fordi eg får låne

utstyr frå sjukehuset, kan eg leve så normalt som

mogleg. Mange i min situasjon ville nok vore

innlagde på sjukehus eller fått hjelp frå heimesjukepleia.

Men eg trivst med å stå opp om

morgonen, ha rutinar og å vere i jobb. Å fylle livet

med meining er viktig for meg.

Samhandling

Krogenes Larsen leier Seksjon for

behandlingshjelpemiddel som blei

oppretta i 2003 etter at Helse- og

omsorgsdepartmentet vedtok at ein

del behandlingshjelpemiddel skulle bli

overført frå Hjelpemiddelsentralen til

helseføretaka. Seksjonen har eit stort

lager med blant anna infusjons- og

insulinpumper, forstøvingsapparat,

heimerespiratorar og oksygenflasker

som pasientar kan låne med heim.

Daglege leveringar

Dagleg køyrer to bilar ut med

medisinsk utstyr, forbruksvarer og ernæring

til barn, vaksne og eldre i heile

Helse Bergen sitt område. På denne

måten får dei hjelp til å hjelpe seg

sjølve etter at dei har vore innlagde

på sjukehus eller besøkt poliklinikk.

Sjåførane tek også med seg medisinsk-teknisk

utstyr i retur for reingjering,

vedlikehald eller reparasjon.

– Vi har tilsette med brei fagkunnskap

som kan kome på heimebesøk eller

gi opplæring i bruk av hjelpemidla.

Vi skal vere eit bindeledd mellom

pasient, avdelingar ved sjukehuset og

den kommunale heimetenesta, seier

Gunn Krogenes Larsen.

Dette er Crohns sjukdom

(Morbus Crohn):

Ein kronisk betennelsessjukdom i

fordøyelseskanalen. Det mest vanlege

er betennelse i overgangen mellom

tynn- og tjukktarm. Du kan lese meir

på www.helse-bergen.no.

28

29

Nest størst på forsking

Forsking og innovasjon:

– Best på noko,

skal bli betre på alt

– Vi satsar på forsking for å bidra til at pasientane våre skal få den aller beste behandlinga

som finst, seier forskingssjef Ernst Omenaas i Helse Bergen.

Tekst: Camilla Crone Leinebø, foto: Øyvind Blom

– I dag er vi svært langt framme innan tradisjonell

medisinsk forsking, som til dømes hjarte- og lungesjukdom,

diabetes, nevrologi, medisinsk genetikk

og alle variantar av kreftsjukdommar. Innan fleire

av desse er vi ikkje berre best i Noreg, men òg

konkurransedyktig internasjonalt. Det er vi stolte

av og det skal vi fortsette med, seier Omenaas.

Nye forskingsområde

Forskingssjefen trekkjer likevel fram behovet for å

bli betre på fleire nye forskingsområde som framleis

er unge i norsk samanheng.

– Eit viktig stikkord her er pasientnær, klinisk forsking.

Vi treng fagfolk som er dyktige til å bruke eksisterande

forskingsresultat. Dei skal utvikle system for korleis

vi vil prioritere ulik behandling, slik at vi tilbyr

effektiv og trygg behandling til pasientane våre. Det

krev kunnskapsbasert og akademisk tilnærming for

å vite korleis vi skal prioritere for å få meir helse ut

av helsekronene, fortel Omenaas. Han meiner det

er her dei største utfordringane ligg, og her fokuset

skal vere framover.

Samhandling

Forsking og innovasjon innan samhandling vil og

bli vesentleg dei nærmaste åra.

– Vi må sjå om tenestene fungerer, eventuelt vere

framifrå når det gjeld å betre tenestene, seier

Omenaas.

– Det er takka vere forsking og innovasjon at pasientbehandlinga

vår stadig utviklar seg. Sam arbeidet

med Universitetet i Bergen er høgt verdsett. No er

vi best på noko, men skal bli betre på alt. For å

følgje utviklinga i samfunnet, må vi tenkje nytt for

å bidra til verdiskaping og den beste behandlinga

av pasientane våre.

Visste du at Haukeland universitetssjukehus

står for nær ein femtedel av all helse forsking

i Noreg? I fjor hadde forskingsmiljøet på

Haukeland universitetssjukehus 561

publi serande forskarar som publiserte 515

vitskapelege artiklar. I 2011 blei det gjennomført

23 doktorgrader med vesentleg bidrag

frå Haukeland. Berre Oslo universitetssykehus

har større forskingsaktivitet innan

medisin- og helsefag. Forsking er ei av dei

fire hovudoppgåvene til sjukehuset, saman

med pasientbehandling, utdanning og

opplæring av pasientar og pårørande.

Jubilerer heile året

Den 17. januar i år fylte Haukeland

uni versitetssjukehus 100 år, men feiringa

held fram gjennom heile 2012. Det blir

mellom anna festframsyning, open dag på

sjukehuset, revy, foredrag, stands og to ulike

bokprosjekt: Det eine ei portrettbok og det

andre eit forskingsprosjekt om utviklinga av

spesialisthelsetenesta på Vestlandet med

utgangspunkt i Haukeland. Under mottoet

Mitt Haukeland vil både

tilsette og folk flest få

høve til å feire 100-

åringen. Eigne jubileums

nettsider og

oppdatert program for

jubileums året finn du på

www.helse-bergen.no.

Forsking og innovasjon i samarbeid med

Universitetet i Bergen gjer at pasientbehandlinga

på Haukeland stadig utviklar seg.

Hjelp oss å hjelpe deg

– Sjølv om vi har arbeidd mykje med pasientsikkerheit frå før, har vi potensiale til å

bli enda betre. For å sikre dette treng vi litt hjelp også frå pasientane våre.

Tekst: Anette Hellstrøm, foto: Camilla C. Leinebø

Det seier pasientsikkerheitskoordinator Torhild

Vedeler. Ho har som oppgåve å følgje opp

innsatsområda i den nasjonale pasientsikkerheitskampanjen

”I trygge hender”.

– For å kunne gjere sjukehusopphaldet enda

tryggare for pasientane, ønskjer vi at dei har

med seg skriftleg og oppdatert oversikt over

dei faste legemidla sine. Problemet er særleg

aktuelt hos kronikarar og eldre som ofte er i

kontakt med ulike deler av helsetenesta. Oppdaterte

legemiddellister kan forhindre feil

ordinasjon, feil dose og feil bruk av legemiddel,

forklarar Vedeler.

Lik informasjon

Samstemming av legemiddel, som er eitt av

fokusområda i kampanjen, handlar om at sjukehuset,

fastlegen, heimetenesta, sjukeheimen,

pårørande og pasienten skal ha lik informasjon

om dei faste medisinane pasienten brukar. I

dag manglar tekniske løysingar og rutinar for å

sikre at medisinlista til pasienten er oppdatert.

Nye satsingsområde

I 2011 har det i pasientsikkerheitskampanjen

vore særleg fokus på ”Trygg kirurgi”, men i

løpet av 2012 vil enda fleire innsatsområde bli

introdusert.

– Undersøkingar viser at altfor mange pasientar

får skadar under sjukehusopphald. Det kan vi

ikkje tolerere. Mange av desse skadane kan bli

unngått ved å auke fokus ytterlegare på pasientsikkerheit.

Døme på nye tema i år vil vere

behandling av hjerneslag, tvang i psykiatrien,

førebygging av infeksjonar i sentrale vene kateter

(CVK) og førebygging av liggjesår, fortel Vedeler.

– For å gjere sjukehusopphaldet enda tryggare

for pasientane, ønskjer vi at dei har med

skriftleg og oppdatert oversikt over dei faste

legemidla sine, seier pasientsikkerheitskoordinator

Torhild Vedeler.

Lytteposten

Har du noko du har lyst til å

fortelle oss? Noko du er fornøgd

med eller misfornøgd med? Då

kan du kontakte Lytteposten.

Dette er eit tilbod til pasientar og

pårørande som ønskjer å gi ei tilbakemelding

om korleis dei har opplevd

møtet med sjukehuset. På den måten

kan vi få viktig informasjon som vi kan

lære av og bruke i vidareutviklinga av

tilbodet til pasientar og pårørande.

Kontakt oss

Telefon: 95 89 05 55

Telefontid

Tirsdag og torsdag kl. 11-15

Besøksadresse

Kontor i gangen som går ut ved Narvesen

i Foajeen i Sentralblokka på Haukeland.

Postadresse

Lytteposten

v/Kommunikasjonsavdelingen

Haukeland universitetssjukehus

5021 Bergen

Epost

lytteposten@helse-bergen.no

Bli blodgivar i dag

Er du frisk, over 18 år og veg meir enn 50 kg? Då

kan du melde seg som blodgivar og vere med på

å redde liv. Blod er ein viktig del av akuttberedskapen

og behandlinga i sjukehuset. For å skaffe nok

blodkomponentar er det behov for blodgivarar. I dag er rundt 10 000

personar i Hordaland blodgivarar. Det er for lite til at beredskapen

skal vere god nok.

Sjukehuset treng blod og ønskjer fleire

blodgivarar. Foto: Øyvind Blom

30 31

KNOCKOUT

av HJERNESLaG

Hjerneslag skjer plutseleg.

Lær deg symptoma:

• Manglande syn på eitt auge

• Manglande taleevne

• Manglande kraft i arm eller bein

RiNG 113 foR

COmebaCK

Ring straks om du sjølv eller andre

har eitt eller fleire av desse symptoma.

Du har inga tid å miste.

HELSE BERGEN

Haukeland universitetssjukehus

www.helse-bergen.no/hjerneslag

32

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!