27.11.2014 Views

Kvåle kraftverk - Luster Energiverk

Kvåle kraftverk - Luster Energiverk

Kvåle kraftverk - Luster Energiverk

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Historie

Dalsdalen strekker seg frå Luster ved Lustrafjorden og

nordvestover inn mot Vigdalen og Jostedalen i Luster kommune.

Lustrafjorden er den inste delen av Sognefjorden. Luster kommune

ligg lengst aust i Sogn og Fjordane og grensar mot Lom og Skjåk

oppe i Jotunheimen.

Utnytting av vasskraftressursar har lang historie i Luster.

Allereie ved oppstarten av Lyster Sanatorium i 1902 stod eit eige

kraftverk klart til å forsyne anlegget på Harastølen med elektrisk

straum. Sjølve bygda fekk elektrisk straum i 1915 med opninga av

Døsen kraftverk. Vidare vart Sage kraftverk inne i Dalsdalen sett i

drift i 1939 og modernisert i 2001. I tilknyting til Sage kraftverk er

både Smørvivatnet og Kringlevatnet regulert. Om lag halve tilsiget

til Kvåle kraftverk kjem frå reguleringsmagasina og Sage kraftverk.

Luster kommune er ein kraftkommune med fleire større kraftverk

som til saman produserar kring 3 TWh.

Gjennom ein avtale med Luster Småkraft AS i 2006, stilte

grunneigarane fallrettar tilgjengeleg for utvikling av eit småkraftprosjekt.

Luster Småkraft AS tok på seg risikoen og sjølve

utbygginga. Mai 2009 vart kraftverket sett i drift, noko som gjev ny

fornybar energi og lokale næringsinntekter, både til grunneigarar og

utbyggingsselskapet som er lokalisert i kommunen.

Kraftverksprosjektet i Kvåle har skapt stor aktivitet lokalt i

byggeperioden og sikra næringsinntekter til grunneigarar og lokalmiljøet.

Drift og vedlikehald vil og bli utført av grunneigarane og

lokale selskap.

Kvåle kraftverk har hatt fokus på estetisk utforming og

opprydding av tiltaksområdet. Kraftverket ligg sentralt i bygda og

nær opp mot naboar. Estetisk utforming og redusering av støy har

derfor vore viktig for prosjektet.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!