20.11.2014 Views

nynorsk - Human-Etisk Forbund

nynorsk - Human-Etisk Forbund

nynorsk - Human-Etisk Forbund

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Tenk på det!

Informasjon om Humanistisk konfirmasjon

1

FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE

KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT

Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise

toleranse overfor andre viktig. Vi tek val på grunnlag av meiningane

våre. Desse vala har ofte noko å seie for andre enn berre oss sjølve.

Derfor må vi vise respekt for andre ved å ta ansvar for handlingane våre.

Eit av dei vala du står overfor akkurat no, er om du skal konfirmere

deg eller ikkje og korleis du eventuelt skal gjere det. Viss du ikkje

har bestemt deg eller er i tvil, kan kanskje denne informasjonen frå

Human-Etisk Forbund om Humanistisk konfirmasjon hjelpe deg til å

gjere ditt val. Kanskje du og dine føresette kan sjå på denne informasjonen

saman?

2 3

DEN SOM IKKJE STILLER SPØRSMÅL,

FINN HELLER INGEN SVAR

Å setje spørjeteikn ved noko er ikkje uttrykk for uvisse, men snarare eit prov

på evna til å tenkje sjølv. Dette er viktig for å kunne danne eigne meiningar og

ikkje berre stole på at andre har alle svara.

Deltaking i diskusjonar og meiningsytringar er fruktbart for å kunne sjå ei sak

frå så mange sider som mogleg. Det gjer det lettare å forme sitt eige standpunkt

i dei spørsmåla det er naturleg å stille seg på vegen mot å bli vaksen.

På kurset som er ein del av Humanistisk konfirmasjon tek vi opp ei rekkje

spørsmål. Vi tar opp spørsmål som er viktige i kvardagen, men óg store spørsmål

om verda. Ofte heng desse saman.

Vi oppmuntrar alle til å delta aktivt og til å sjå kritisk på eigne og andre sine

haldningar. Ikkje fordi vi vil påverke deg, men for å inspirere deg til å tenkje sjølv.

KVA ER HUMANISTISK KONFIRMASJON?

Humanistisk konfirmasjon er eit tilbod til deg som ønskjer ei humanistisk

markering av overgangsfasen frå barn til vaksen. Humanistisk konfirmasjon

er eit kurs i livssyn og etikk som vert avslutta med ein høgtideleg seremoni.

KVIFOR VELJE HUMANISTISK KONFIRMASJON?

Det å markere dei store hendingane i livet har alltid vore viktig, uavhengig av

kultur. Vi menneske set pris på feiringar, oppleving av høgtid og menneskeleg

fellesskap. Dette er ein del av Humanistisk konfirmasjon. I seremonien er det

talar, dikt, musikk, song og utdeling av kursbevis.

På same tid er Humanistisk konfirmasjon meir enn feiring. Konfirmasjonen skal

óg gjere at ein tenkjer over viktige spørsmål: Kva er rett? Kva er godt? Kva er

sant? Ansvarskjensle og respekt for andre er fine ord, men kva tyder dei, ikkje

berre på papiret, men i praksis? Og kva tyder det å ta ansvar for eige liv og på

same tid medverke til at andre har høve til det same?

4

5

kurset

Nokre tema er så viktige at dei vil dukke opp uansett kvar du bur og kvar

du går på kurs. Slike tema er livssyn, humanisme, kritisk tenkning og

menneske rettar. Andre tema kan vere identitet, toleranse, kjønn og kropp,

seksualitet og rus. Som konfirmant er du óg med på å bestemme tema

sjølv.

Det obligatoriske kurset i livssyn og etikk er tenkt å vere ein byggjestein

på vegen mot vaksenlivet, men óg for å styrke deg her og no.

På kurset møter du andre ungdomar, nokre kjenner du, medan andre har

du kanskje aldri møtt før. Vi håper kurset óg vert ein fin, sosial møteplass.

Human-Etisk Forbund er engasjert i arbeid for toleranse, solidaritetsarbeid

og humanitære prosjekt. Konfirmantane kan på ulike måtar bli

trekt inn i dette.

KVEN KAN VELJE HUMANISTISK

KONFIRMASJON?

Alle ungdomar som ønskjer det kan velje

Humanistisk konfirmasjon, uavhengig av

eige eller føresette sitt livssyn. Ingen vert

medlem i Human-Etisk Forbund utan aktivt

å melde seg inn. For å bli medlem må du

ha fylt 15 år.

KVA OM DU IKKJE KAN KOME

TIL KURS ELLER SEREMONI?

Om du bur i utlandet og er forhindra i å

delta på kurs, kan du ta kontakt med

hovud kontoret til Human-Etisk Forbund og

spørje etter det elektroniske kurset «Tenk

på det – og skriv om det!».

KOR LENGE VARER KURSET?

Det er vanleg at kurset byrjar i januar/

februar og varer fram til sjølve seremonien

om våren. Som regel er det ein kveld i

veka. Nokre stader er det tur eller leir, og

då kan kurstida bli annleis.

KORLEIS MELDER DU DEG PÅ?

Du melder deg på til Humanistisk konfirmasjon

hos ditt fylkeslag. Sjå lokal informasjon

om påmelding, anten på vedlagde

ark, eller på fylkeslaget si heimeside på

www.human.no.

Konfirmanten og føresette må sette seg

ned saman for å fylle ut påmeldinga. Skjemaet

omfattar spørsmål både om konfirmanten,

føresette og forhold de bør ta eit

felles standpunkt til. Før påmelding bør

de sjekke tilbodet i fylket der de bur og

snakke saman om kva som passar best.

Nokre fylke har kurs både på vekedagar,

helgesamlingar og kursleir.

KVA KOSTAR DET?

Kor stort gebyret er kan variere frå fylke til

fylke. Dersom minst ein av dine føresette er

medlem i Human-Etisk Forbund er gebyret

lågare enn for ikkje-medlemmer.

KVAR FINN EG MEIR INFORMASJON?

For å lese meir om Humanistisk

kon fir masjon, sjå forbundet sine heimesider:

www.human.no/konfirmasjon.

6 7

Human-Etisk Forbund arbeider for livssynsfridom og jamstilling av livssyn.

Til grunn for arbeidet ligg dei humanistiske prinsippa og ideala slik dei blir

uttrykt i menneskerettane.

Det humanistiske livssynet bygger på ei oppfatning om at vi kan leve gode

liv ved hjelp av fornuft, erfaring og fellesmenneskelege verdiar. Vi har sjølv

ansvar for handlingane våre og må jobbe saman med andre for vårt felles

beste.

Ein viktig del av verksemda til forbundet er tilbodet om seremoniar

i samband med høgtidene i livet. I tillegg til Humanistisk konfirmasjon

arrangerer Human-Etisk Forbund Humanistisk namnefest, Humanistisk

vigsel og Humanistisk gravferd.

Telefon: 23 15 60 00

Telefaks: 23 15 60 01

E-post: human@human.no

www.human.no

Postadresse:

Human-Etisk Forbund,

Postboks 6744 St. Olavs plass, 0130 Oslo

Besøksadresse: St. Olavs gate 27, Oslo

Brosjyren er óg trykt på bokmål.

Denne brosjyren vert sendt til deg som er fylt eller fyller 14 i år.

Foto: Nora Lie Bjørn Molstad/bareform.no Liselotte Dick Design: Grafisk Form Trykk: Norsk Formular Industri AS, 2012

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!