20.11.2014 Views

Klepp kommune - politikk

Klepp kommune - politikk

Klepp kommune - politikk

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Klepp kommune

SENTRALADMINISTRASJONEN

Postboks 25

4358 Kleppe

Tlf 51429800

Saksnr Løpenr Arkivkode Avd/Sek/Saksh Dykkar ref

09/901-5 14907/09 145 SEN/SEN/IU

HANDLINGSPLAN - 2010 - 2013 -KOMMENTARER TIL

INVESTERINGSBUDSJETTET

FORSLAG TIL INVESTERINGSBUDSJETT 2010 - 2013

Rådmannen sitt forslag til investeringsbudsjett for perioden 2010-2013 utgjer 429 mill kr, eksklusiv

VAR-sektoren. Dette er 24 mill kr meir enn vedtatt budsjett for perioden 2009 - 2012.

Kleppetunet II er inne med full tyngde og utgjer åleine om lag halve investeringsbudsjettet for

perioden, og er eit stort løft for Klepp kommune. Tilbygg og rehabilitering på Bore ungdoms-skule,

barnehageløftet med ny Borsheim, nybygg/utviding av Lyngmarka barnehage og ytterlegare ein ny

barnehage pregar investeringsbudsjettet. Om lag 20 % av investerings-budsjettet går til

barnehageutbygging.

Nærare ¾ (ca. 275 mill.) av dei 429 mill. er forutsatt lånefinansiert. Om lag 1/5 (84 mill.) dekkes

gjennom momskompenssjonen. Berre 8 % dekkes ved statstilskot.

SENTRALADMINISTRASJONEN

Klepp kommune har eit omfattande og komplisert IT-system, med mange program i bruk, som ein

er avhengige av i den daglege drifta av kommunen. Det er eit kontinuerlig behov for oppgraderingar,

nye versjonar og fleire lisensar.

Rådhuset blei kabla på nytt tidleg på 90-talet. Det ser ut til at den generasjonen kablar begynnar å

bli eit problem for kapasiteten. Ny telefonløysing for dei komande åra må vurderast og

gjennomførast. Isolert sett krev dette ny kabling.

BUSTADTOMTER

5 tomter er regulert på gamle skuleplassen på Sele. Det treng planar for teknisk

opparbeiding. Tomtene kan vera klare for sal i 2010.

Kommunen eig ytterlegare areal på Orstad. Det er ikkje sett av pengar til opparbeiding av nytt

kommunalt bustadfelt i perioden.

e-post: postmottak@klepp.kommune.no - http://www.klepp.kommune.no

FLYKTNINGBUSTADER –BUSTADER TIL VANSKELGSTILTE

Det er avsett 6 mill. kr til kjøp av flyktningbustader i 2009. Beløpet er i samsvar med

kommunestyret sitt vedtak k.sak 77/08. I forslaget til budsjett for 2010 er det og ført opp 6 mill kr,

men dette må justerast når kommunestyret har teke stilling til nivået på mottak av flyktningar i 2010.

Kommunestyret behandla i sak 52/09 sak om utviklingsavtale mellom Klepp kommune og Block

Berge Bygg AS. Overtaking av bustadene i dette prosjektet ligg inne i handlingsplanen.

Det er også ønskjeleg å få bygd 2-3 små bustader til. Har kan ei lita tomt Klepp kommune eig på

Kåsen vera aktuell. Kostnadene er ukjende, men eit beløp er sett av på budsjettet for 2013.

ETAT FOR SKULE OG BARNEHAGE

Midlar til data i skulen er ført vidare med 1 mill kvart av åra. Midlar til uteområde er det sett av kr

200 000 til kvart av åra.

Kommunestyret sa i k.sak 41/07 ja til eit tilbygg på Bore ungdomsskule på 800 m 2 . Dette kjem i

tillegg til rehabilitering av dagens bygg, inkl symjebasseng og gymsal. I alt foreslås det i denne

handlingsplanen å nytta ca 65 mill kr på Bore ungdomsskule fordelt med 21 mill til tilbygg, 9 mill til

idrettsbygget og 35 mill til undervisningsbygget.

I statsbudsjettet er det varsla gjeninnføring av rentekompensasjonsordninga for skulebygg. Ein vil

søkja om tilskot til dette prosjektet, som har større utgifter enn heile Klepp kommune sin samla

kvote av 15 mrd, truleg ca 45 mill kr.

I tillegg kjem forslaget om kjøp av modulbygg til 9,5 mill kr som mellombels skal brukast på Bore.

Det er og sett av 2 mill kr til nytt inventar i 2009/2010.

Det er sett av 1 mill kr i 2009 til utviding av arbeidsrom til lærarane ved Kleppe skule. Ei

tilfredsstillande løysing krev ei løyving på ca. 2,5 mill kr, og dette er innarbeidd i forslaget.

Det er lagt inn 2 mill til påbygg Bore skule i 2011. Prosjektet er ikkje nærare avklara. Dette kjem i

tillegg til 0,8 mill. som vart løyva i 2.tertial 2008 til paviljong.

Det blei sett av 5 mill kr til utbetring på Orstad skule i 2009, og ytterlegare 0,5 mill frå tiltakspakken.

Arbeidet statar opp i desse dagar, og kostnadsramma er 7,3 mill kr. Restløyving på 1,8 mill ligg inne

i forslaget for 2010.

Det ligg inne midlar til kjøp av Grendahuset, men på grunna av framdrifta for Orstadhuset, er dette

utsett til 2010. Kommunestyret vedtok kjøp av bygget i k.sak 21/08.

Korleis bygget skal nyttast i framtida og behovet for ombygging og utbetring må behandlast som eiga

sak.

Kommunestyret har vedtatt ytterlegare utbygging på barnehagesektoren, jfr kommunestyre sak

08/77 (HP-09-12) og kommunestyresak 21/09. Kommunestyret har vedtatt utbygging av både ny

Borsheim barnehage og tilbygg til Lyngmarka barnehage.

Reguleringsplan for Borsheim barnehage er eigengodkjent av kommunestyret, k.sak 37/08. Det var

sett av 21,2 mill til prosjektet ny Borheim barnehage i handlingsplan 2009 – 12. Anboda har nå

kome inn, og det er grunnlag for å redusere løyvinga til 17,4 mill kr. Uteområde og inventar kjem i

tillegg. Arbeidet starta opp i veke 41.

Det er lagt inn 21 mill kr pluss inventar og uteområde til Lyngmarka, slik at utvidinga kan stå ferdig

hausten 2010.

Det ligg vidare inne 21 mill kr til ny barnehage i 2011/2012 og 24 mill kr til ny Tu barnehage i

2012/2013. Utbyggingsrekkefølge etter Lyngmarka bør avklarast i eiga sak om barnehageutbygging.

Omfang, tempo og kommunale/private løysingar for den komande barnehage-utbygginga

vil vera naturlege tema i tilknyting til handlingsplanen.

ETAT FOR HELSE OG SOSIAL

Det er lagt inn 9,2 mill kr til ombygging av Kleppheimen til to dagsenter. Det er usikkerhet om tala. I

denne ombygginga blir det plass til nytt dagsenter for demente og betra forhold for fysioterapien.

Kommunestyret sa i k.sak 41/08 ja til å kjøpa 3 bustader i eit prosjekt på Kjøpmannsbrotet for

psykisk utviklingshemma. I utgangspunktet skulle 5 bustader bli private. Formannskapet har vedtatt

å overdra ein av bustadene til ein aktuell kjøpar, slik at kommunen berre vil sitja igjen med 2.

Basen i P. Krohn 5, er base for mange tilsette, og det er behov for ei mindre utviding og etablering

av ventilasjonsanlegg for basen. Det er lagt inn 1 mill kr i 2010.

Kleppetunet 2 ligg inn med 200 mill kr (+10 mill kr) så langt og 12 mill (+8 mill kr) i inventar.

Grunninnløysing kjem og i tillegg og ligg inne med 15 mill kr over 2009 og 2010..

Staten sitt bidrag blir 30% av maks 2 mill kr pr sjukeheimsplass, det gir 0,6 mill kr pr plass. Eit

statleg bidrag på under 30 mill kr til Kleppetunet 2 er skuffande lite.

Ein vil vera klar til å sende bygget ut på anbod i 2009.

KYRKJA

Postane for utviding av gravplassar bør sjåast i samanheng. Det kan vera aktuelt at det er behov for

utviding på Kleppe før utviding på Bore. Det er behov for ei opprydding på det arealet kommunen

har kjøpt til gravplass på Bore.

Ein har kome fram til ei foreløpig avklaring om at det skal bli gravplass ved den nye Frøyland/Orstad

kyrkje. Klepp formannskap har stilt seg positive til gravplass og invitert Time kommune til eit

samarbeid. Dette har ikkje funne si avklaringen enno. Kommunestyret har godkjent avtale om kjøp

av grunn til gravplass på Orstad.

Det ligg nå føre godkjende planar for rehabilitering av gamle Orre kyrkje. Kommunestyret

godkjende kostnader i k.sak 20/08. Opplysningsvesenets Fond har seinare gitt tilsagn om 30%

tilskot som var eit vilkår i kommunestyrevedtaket. Prosjektet blir ført som eit kommunalt

investeringsprosjekt. (K-sak 77/08). Statsbudsjettet varslar gjenninnføring av ei

rentekompensasjonsordning for vedlikehald/rehabilitering av kyrkjebygg. Det vil bli søkt om at dette

prosjektet blir støtta.

Avtale om bygging av ny kyrkje for Frøyland/Orstad blei godkjent i kommunestyret i k.sak 25/05.

Vedtaket er følgd opp i handlingsplanen.

Kyrkja har også i år ein del andre ønskje som det ikkje er funne rom for, og som det neppe heller

vil bli rom for med det første, med dei samla utfordringane som kommunen står overfor.

ETAT FOR LOKAL UTVIKLING

Det ligg inne 400 000 kr til trafikksikring kvart år.

Vidare er det sett av omlag 18 mill kr til bygging av nye gang- og sykkelvegar i perioden.

Gang- og sykkelvegen mellom Pollestad og Salteskogen er finansiert i tidlegare handlingsplanar.

Vidareføring av gang- og sykkelvegen langs Orrevegen (forbi Horpestad skule) er prioritert

prosjekt. Mot slutten av perioden vil det vara rom for enda eit prosjekt til. Gang- og sykkelveg langs

Grødalandsvegen er neste på lista, men Lalandsvegen kan vera aktuell å prioritera.

I rekneskapet for 2008 var det fleire udekka postar i investeringsrekneskapen. Det er sett av ein

samlepost på 1,8 mill til dekning av manglande løyvingar. Størstedelen av beløpet gjeld utbygging av

Klepp stadion og kunstgrasbanen på Bore. Det er ikkje overskridingar, men skuldast at mva

refusjonen er nytta til andre prosjekt, slik at desse står med manglande finansiering. I tillegg er det

overskriding på undergangen ved Jærhagen.

Det er og sett opp 2,6 mill til sluttfinansiering av omlegging av krysset Stasjonsvegen –

Engelsvollvegen (inkl. g/s-veg langs Engelsvollvegen), samt fleire deler gang- og sykkelveg som blei

løyste i samband med bygging av omkjøringsvegen. Utbyggingsavtale for omkjøringsveg-prosjekta

er godkjende i kommunestyret, men denne avtalen er ikkje følgt opp med løyvingar.

Det er lagt inn 3 mill kr i perioden til prosjektet transportplan Nord-Jæren. Av dette reknar ein med

å få halvparten frå transportplanen sitt handlingsprogram (bompengar).

Det var sett av 2,5 mill kr i 2010 og 2011 til riving av skuret med Klepp stadion og oppsetting av

nytt lager. Etter innkjøp av Rognevegen 3 er løyvinga i 2011 teken ut. Det ligg inne 0,6 mill til kjøp

av eit areal nær Klepp stadion. Dette blir behandla som eiga sak.

Løyvinga til Parkvegen er ført opp med 2,2 mill kr som i vedteken handlingsplan. Det ligg føre

pålegg frå Vegvesenet om dette. Reguleringsplanen er endeleg.

Løyvinga til maskinkjøp til teknisk og gartner er slått saman. Samla løyving er på 3 mill kr i perioden.

I tillegg til midlar til veglys og turstiar om lag som før, er det sett av 1,5 mill kr til lys langs turstien

ved Frøylandsvatnet frå Orstad til Gunnarsberget i 2011 og 2012. I utbyggingsavtale med

Kvernaland Næringspark er det avklart at dei dekker betydelege deler av kostnadene, men tid for

utbetaling avheng av når dei kjem i gang med opparbeiding av næringsområdet.

Det ligg inne ny heis i rådhuset i 2009/10. Arbeidet er i gang.

VAR-sektoren

Arbeidet innan VAR-området skjer i samsvar med kommunedelplanane Vann inn og Vann ut.

Framføring av leidning samtidig med bygging av gang- og sykkelveg Pollestad til Salte er tatt med,

kostnad er 5 mill kr, inkl to pumpestasjonar.

Framføring av leidning til busetnaden på vestsida av riksvegen på Braut, sør til Brautvegen. Dette er

etappe 2 av anlegget langs omkøyringsvegen. Kostnad 3 mill kr (2009/10).

Framføring av leidning til Stangeland for å redusere avrenning til Figgjoelva. Kostnad 1,5 mill kr.

Klepp kommune, 07.10.2009

Svein Åtland

rådmann

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!