18.11.2014 Views

Last ned - Unima

Last ned - Unima

Last ned - Unima

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Elin i Grimfi lm studio

planetane går rundt og rundt sola, og

at Pluto ikkje er ein planet, men ei

potet.

Vi visste ikkje heilt kva vi gav oss ut

på; berre temaet: universet – vel, eit

større tema fins det vel ikkje. Og i

tillegg skulle vi ha mange forteljande

element i framsyninga (musikk, tekst,

scenekunst, film) – å få dette til utan

at det eine slår i hel det andre, ja, det

var og ei utfordring. I tillegg kom å

lime songane og handlinga saman.

Og av og til gjekk tekst og animasjon

i forskjellig retning. Det var mange

moglegheiter for kommunikasjon

mellom tekst og det visuelle.

Animasjonen og videoarbeidet vart

produsert i Grimfilm sitt studio i løpet

av 2008. I tillegg til animasjonen lagde

vi videosnuttar med bla. dokketeater

og skyggeteater.

Dei visuelle ideane til videoarbeidet

og animasjonen var under utforminga

inspirert av bla. tidleg sciencefiction,

mytologi, Melies sine tidlege trick

filmar og barne-TV frå 60-tallet.

Det er 45 min med film og bilete

på lerretet under framsyninga, altså

under heile stykket. Eg fekk hjelp frå

2 kunstnarar/animatører, Eva Lis og

Daniella Orsini, nokre veker under ani

masjonfilmproduksjonen. I tillegg har

eg fått god hjelp frå Tone Blindheim.

Mange born er veldig opptatt av

stjerner og planetar, månen og sola.

Dei ser dei, der oppe på himmelen. Dei

undrar, stiller spørsmål. I “Universet”

formulerte vi dialog som spørsmål.

- Kven er dei? Kvifor heng dei der

oppe? Kven er eg? Korleis kunne vi

hente universet inn i scenerommet?

Gjere det nært? å knytte det der oppe,

stjernene, saman med oss ?

Å lage ei framsyning om universet er

like mykje å lage ei framsyning om

det å vere menneske. Å vere eindel

av noko som er større enn seg sjøl.

Å kjenne seg liten og audmyk. Å

ikkje vite, å vere nysgjerrig – å ville

vite. Tommy ønsker å reise opp til

universet, sjå med eigne auge det han

undrar på! Han MÅ reise. Men det

er fysisk ikkje mogleg. Ikkje har han

rakett eler romdrakt.

Men fantasien kjem flygande til

Tommy. Og då kan han reise! Første

stopp er månen. Tommy treff månen,

og månen fortel fabelen om korleis

Solformørkinga skjer.

Det er ikkje berre månen som har ei

personlegdom. Planetane har alltid

vorte personifisert i diverse mytologiar.

Dei er frykteleg forskjellige.

Gassplaneter, Steinplaneter, bitte små

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!