14.11.2014 Views

Banning – makt eller avmakt? - Språkrådet

Banning – makt eller avmakt? - Språkrådet

Banning – makt eller avmakt? - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

ment for eller mot, så når nynorskprosenten

i skolen går ned, er det straks

mange som tek til felts og vil nynorsken

til livs. Nett no er andelen av elevar

som har nynorsk som hovudmål i

grunnskolen, nede på eit historisk lågmål:

14,7 % per 1. oktober 2002. I absolutte

tal utgjer det 89 679 elevar. Ein

kan sjølvsagt diskutere om dette er

mykje eller lite, om det er mange nok i

høve til eitt eller anna ideal. Jamfører

ein med dei mange små og truga språka

som finst i verda, gjev desse tala på

ingen måte grunnlag for å rope varsku.

Om lag 90 000 grunnskoleelevar +

eit ukjent tal elevar i vidaregåande

skole i tillegg til alle vaksne nynorskbrukarar,

skulle kunne gje oss eit rett

nok usikkert tal på om lag ein halv

million. Det er slett ikke noko lite tal

når det er språk det er snakk om. Om

lag ein firedel av kommunane i Norge

har gjort vedtak om nynorsk som målform

i offisiell kommunikasjon, 116 av

435 kommunar. Desse kommunane utgjer

om lag 12 % av befolkninga. Også

det peiker i retning av eit totaltal på

om lag 1/2 million nynorskbrukararar.

Fire fylke har nynorsk fleirtalsmålform

etter reglane i mållova, Rogaland,

Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre

og Romsdal. Vidare veit vi at i år 2000

oppgav 10,4 % av dei vernepliktige at

dei hadde nynorsk som målform, om

lag 11 % ber om å få sjølvmeldinga på

nynorsk. 9 % av bøkene som blir utgjevne

her i landet, er på nynorsk,

mens ein firedel av avisene blir redigerte

på nynorsk. Ser ein derimot på

opplagstala, utgjer dei reine nynorskavisene

om lag 6 % av det samla avisopplaget.

I tillegg har ein del aviser

som i hovudsak bruker bokmål, eit

ikkje ubetydeleg innslag av stoff på

nynorsk.

Det er viktig å føre statistikk over

slike forhold. Men det er like viktig å

ikkje la seg forblinde av statistikken.

Dei kvantitative tilhøva mellom språk

er berre ein del av eit totalbilde, og

slett ikkje alltid den viktigaste delen.

Kan eit offisielt språk vere minoritetsspråk?

Nynorskfolk imellom har det ikkje

vore stovereint å tale om nynorsk som

minoritetsspråk. Helst har ein vilja

framheve at nynorsk er eit offisielt

norsk riksmål, og derfor ikkje noko

minoritetsspråk. Heilt opp til våre dagar

hevdar somme at einast nynorsk

har den historiske retten til å bli kalla

«norsk». No er det sjølvsagt slik at

nasjonar, nasjonalspråk og nasjonalkulturar

er sosiale konstruksjonar. Slik

eg ser det, er det gode grunnar for å

hevde at ein aldri har lykkast i å realisere

konstruksjonen «nynorsk som

offisielt nasjonalspråk i Norge». I realiteten

har nynorsk alltid vore – og er

framleis – eit minoritetsspråk, både i

den kvantitative og den meir utvida

meininga av omgrepet «minoritetsspråk».

Og det er i denne utvida tydinga

at vi ser at nynorsk deler språksosial

lagnad med ei rekkje minoritetsspråk

verda over, anten dei er «offisielle»

språk eller ikkje.

SPRÅKNYTT 3–4/2004

39

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!