14.11.2014 Views

Banning – makt eller avmakt? - Språkrådet

Banning – makt eller avmakt? - Språkrådet

Banning – makt eller avmakt? - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

det vere rett å hevde at dei er utsette for

ei form for yrkesforbod.

Andre uttrykk for det same er det

når vi stadig høyrer folk snakke om

«norsk og nynorsk». Meir enn noko

anna avslører denne uttrykksmåten at

jamstillinga er ein illusjon. Når skoleelevar

med nynorsk som sidemål framleis

har moro av å «rette» «nynorsk ordliste»

til «spynorsk mordliste», viser

det igjen at det ikkje finst noka reell

form for jamstilling, verken i skolen

eller i samfunnet elles.

Trass den lange historia nynorsk har

som offisielt jamstelt mål i Norge, er

altså fordommane mot språket framleis

store. Det er grunn til å tru at kunnskapsløysa

er enda større. Og som elles

i livet er det samanheng mellom kunnskapsløyse

og fordommar. Ein fordom

er ein dom som blir felt på førehand,

før ein har grunnlag for å felle dommar.

Grunnlagslause dommar om nynorsk

er det mange av. Fordi dei blir felt så

ofte, står dei nærmast fram som allmenne

sanningar. Framleis er det mange

som oppfattar nynorsk som «fattigare»

enn bokmål; nynorsk skal liksom

høve godt innanfor visse domene (lyrikk

t.d.), men dårlegare innanfor andre

(det private næringslivet t.d.). Slikt

hører ein aldri sagt om majoritetsspråket

i eit samfunn. Det høver per definisjon

til alle formål.

Jamvel om vi alle skal ha lært oss

å meistre både bokmål og nynorsk

skriftleg, viser dei røynlege tilhøva eit

bilde som er eit godt indisium på at

nynorsk har mykje lågare status enn

bokmål. Det er berre dei som har nynorsk

som hovudmål, og bokmål som

sidemål, som synest å realisere målet

om jamstelte målformer. Dei lærer seg

begge, og mange hevdar at dei får

bokmålet gratis. Omvendt, så kan dei

fleste at dei som har bokmål som

hovudmål og nynorsk som sidemål,

ikkje seiast å meistre nynorsk på noko

som er i nærleiken av eit tilfredsstillande

nivå. Det fører til at for dei som

bruker nynorsk, er det alltid risikofylt

å møte eigne tekstar i aviser eller tidsskrift

e.l. I verste fall er dei radbrekte

til det ukjennnelege og – unynorske –

av nokon som ikkje kan betre. Nett det

er vonleg eit problem som hører fortida

til; det har datateknologien løyst

for oss, i prinsippet, om ikkje alltid i

praksis. Dette reflekterer sjølvsagt den

asymmetriske situasjonen mellom dei

to målformene. Ei anna side ved minoritetsproblematikken

er at den som

skriv nynorsk, ofte må rekne med å bli

attkjend også om han eller ho ønskjer

å vere anonym. Igjen: Nynorsk er markert;

bokmål er nøytralt. Bokmål finst

overalt, i aviser og vekeblad, på reklameplakatar

og informasjonsbrosjyrar.

Nynorsk derimot kan det gå dagar og

veker utan at ein ser i det offentlege

rommet, sjølvsagt avhengig av kor ein

bur i landet.

No kan vi spørje om det er dei kvantitative

forholda som fører til statusskilnaden

mellom nynorsk og bokmål,

eller omvendt? Det er opplagt ein samanheng

her, men kva som kom først,

er ikkje så godt å seie. Slik sett er

spørsmålet eit klart døme på høna-og

egget-problematikk, og slike spørsmål

veit vi er uløyselege. Så lat oss i staden

kaste eit blikk på dei kvantitavive forholda,

på nynorskstatistikken.

Nynorskstatistikk

Tallforhold blir ofte brukte som argu-

38 SPRÅKNYTT 3–4/2004

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!