14.11.2014 Views

Banning – makt eller avmakt? - Språkrådet

Banning – makt eller avmakt? - Språkrådet

Banning – makt eller avmakt? - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

semesteroppgåve om «Svertedauden –

om nynorskjournalistar iført tvangstrøyer

i riksavisene». I 1990 skreiv

Linda Eide hovudoppgåve om «Språktvang

i den frie pressa?», og i 1978

skreiv eg sjølv hovudoppgåve om

«Holdningane til nynorsk i Oslo-pressa».

Og holdningane er jamt dei same i

dag som for 14 og 26 år sidan. Ja, kanskje

verre?

Vi har kome dit at det er naturleg

for dei fleste å snakke sin eigen dialekt

i dei fleste situasjonar, men den sterke

språklege frigjeringa og medvitet som

dialektrørsla hadde med seg, er vatna

ut.

Språket vårt er for mange ikkje viktig

lenger, somme går så langt at dei

tykkjer det er like greitt at vi går over

til engelsk her i landet. Det fyrste vi

lærer ungane i barnehagen, er å synge

«Happy birthday», og fleirtalet i Stortinget

tykkjer det er skit det same om

forskarar og studentar på universiteta

brukar norsk eller engelsk Når det er ei

så likegyldig holdning til norsk generelt,

er det mest så ein skjemst over å

ha to jamstilte norske språk. Det er uttrykk

for ei husmannsånd, stikk imot

dei fleste andre land, som tykkjer det

er viktig å ta vare på språka sine i den

globaliserte verda vi lever i. Somme

ville sikkert tykkje det var greitt å leve

i ei verd prega av engelsk, kinesisk og

spansk, men mange ville sakne morsmålet

sitt. Det er for dei fleste av oss

samnemnaren for både identitet, kultur,

litteratur, historie og sjølvkjensle.

Det har vi som fekk nynorsken i voggegåve,

skjønt. Mange av oss tykkjer

det er viktig å ta vare på det, og utvikle

det, og når ikkje universiteta lenger

ser det som ei viktig oppgåve å verne

om det norske språket generelt – og slett

ikkje nynorsken spesielt – får vi sette vår

lit til at det kjem fleire Odd Nordstoga,

Side Brok, Jon Fosse, Frode Grytten,

Ragnar Hovland, Morten Sandøy, Ingvild

Bryn, Are Kalvø, Solveig Barstad,

Kjersti Strømmen osv. som kan få nynorsken

til å syne att i vande og uvande

samanhengar i kultur- og medieverda –

og gjere oss stolte av språket vårt. Gode

føredøme er og blir viktig same kva det

er snakk om.

Radio, fjernsyn og Internett er viktige

både for språkleg utvikling og godtaking.

Når berre 5 % av dei som lagar

barne- og ungdomsprogram i NRK,

brukar nynorsk, seier det seg sjølv at

det vert få program på dialekt og nynorsk

dei åra i livet då vi vert mest forma,

både når det gjeld identitet, toleranse

og språk. Det er få lyspunkt i så

måte. Men i år har Odd Nordstoga

toppa VG-lista i rekordmange veker

med ein barnesong på vinjemål, eigentleg

ein parodi på Fager kveldssol

smiler, skriven for 20 år sidan av

Ragnar Hovland. Det umogelege er

framleis mogeleg!

SPRÅKNYTT 3–4/2004

35

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!