14.11.2014 Views

Banning – makt eller avmakt? - Språkrådet

Banning – makt eller avmakt? - Språkrådet

Banning – makt eller avmakt? - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Nynorsk og ulv

MAGNI ØVREBOTTEN

DET ER TO TING som engasjerer folk

her i landet, nynorsk og ulv. Hadde

ulven prata nynorsk, hadde han

garantert vore utrydda, sa Knut Nærum

i programmet «Først og sist» i april i

år. Det var godt sagt, og artig tenkt, og

med større vidd enn vi er vane med at

nynorsk vert omtala med.

Det er lenge sidan det har vore så

godteke å vere mot nynorsken som no.

Elles vert toleranse sett på som teikn

på vidsyn og kunnskap. Det er i alle

høve ikkje stovereint å syne fram fordommane

sine, bortsett frå mot nynorsk,

bygdefolk og bønder. Det er tre

synonyme ord for mange, og ved å le av

eller fordumme dei trur visst mange at

dei vert urbane verdsborgarar.

Media er ein viktig trendsettar i så

måte og har meir innverknad på haldningane

våre enn det er kjekt å tenkje

på. I programmet som fylgjer etter det

Nærum er med i, må ein mest vere

barnefødd i Oslo 1-2-3 for å få vere med,

eller på ei eller anna vis ha kome inn

i omgangskrinsen til programleiaren

Fredrik Skavland. Då vert ein resirkulert

til det einsformige. Men ein og

annan frå bygda kjem stundom med

som eksotisk krydder, som til dømes

ein liten gut frå Gaular i Sunnfjord

som les bakvendt. Han er trygg som

fjellet der han sit, men programleiaren

vert utrygg av slike fenomen frå utanverda,

eller «der borte på Vestlandet»,

som han sa då han skulle forklare kvar

6-åringen var frå.

Nokre veker etterpå var det luringen

Odd Nordstoga som ikkje lenger let

seg oversjå etter å ha toppa VG-lista i

vekesvis. Programleiaren tok det for

gjeve at denne karen med vest og gamaldags

kaps måtte vere eit heimespøta

talent frå avkroken Vinje. Difor

var det meir naturleg å snakke med

Nordstoga om fjøsstell enn om musikk!

I Bergens Tidende – Vestlandets storavis

– las eg nyleg eit intervju med den

same Nordstoga. Der var fokuset at

han hadde studert i Bergen nokre år,

og dei hadde teke han med til gata der

han hadde budd på hybel. Sjeldan har

eg lese eit intervju som tok så lite farge

av intervjuobjektet. Bokmålet kunne rett

og slett ikkje formidle Odd Nordstoga

skikkeleg, og intervjuet var knapt til å

kome seg gjennom. For Bergens Tidende

finst det inga orsaking, dei har

gode nynorskbrukande journalistar,

som altfor ofte må skrive på bokmål

fordi det er «naturleg» utifrå stoffet.

Men det gjeld visst ikkje hin vegen, og

her står vi på staden kvil.

Det skjønte eg for alvor då eg i vår

sat og las søknader frå mange unge,

håpefulle ungdomar som ynskte å bli

nynorskpraktikantar i Nynorsk mediesenter

i Førde. Ein av dei hadde skrive

34 SPRÅKNYTT 3–4/2004

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!