14.11.2014 Views

Banning – makt eller avmakt? - Språkrådet

Banning – makt eller avmakt? - Språkrådet

Banning – makt eller avmakt? - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Makta i talemålet

REIDUNN HERNES

DÅ EG VAR EI LITA JENTE i Os, kommunen

på sørspissen av Bergenshalvøya,

snakka eg og naboungane

osdialekt. Som den innflyttarungen eg

var, visste eg at ikkje alle snakka likt

her i verda. Men då eg begynte på førskule,

fekk eg likevel eit lite sjokk då

det viste seg at mange av ungane – og

også førskulefrøken – snakka eit språk

eg ikkje kjende meg heime i. Dei sa

spise der eg sa eta, dei snakka om å

kamme håret i staden for å kjemma, dei

gikk barfot i gresset der eg gjekk berrføtt i

graset. Og sjølv om eg berre var seks år

gammal, kjende eg at det var dei som

hadde rett, det var den måten dei sa

orda på, som var den beste, og eg

prøvde å etterlikna dei utan å få det

heilt til. Eg hadde fått mitt første møte

med sosialt verdiladde talemålsformer,

og eg kjende det langt ned i magen.

Korleis bruken av ulike talemålsformer

heng saman med graden av sosial

status, er eit velkjent tema i sosiolingvistikken,

den språkvitskaplege disiplinen

som studerer språket i ein sosial

kontekst. Tidleg på sekstitalet vekte

pedagogen og sosiologen Basil Bernstein

hissig debatt då han hevda at

born frå arbeidarklassen i England blei

skuletaparar fordi dei berre meistra

ein avgrensa språkkode (restricted code),

og difor kom til kort på skulen, medan

born frå mellomklassen meistra både

den avgrensa koden og ein utvida språkkode

(elaborated code) som var den

som blei brukt i skulen. Grunnleggjaren

av sosiolingvistikken som ein moderne

språkvitskapleg disiplin, William

Labov, vekte seinare på sekstitalet

internasjonal oppsikt med sine analysar

av den språklege variasjonen i

New York. Gjennom å studera utvalde

språktrekk hjå språkbrukarar frå ulike

samfunnsklassar klarte han å visa ein

systematisk samanheng mellom språklege

mønster og sosial status i dei

undersøkte gruppene. Sjølv om Labov

og Bernstein har ulikt fagleg utgangspunkt

og er usamde om mykje, er begge

opptekne av korleis språklege normer

er knytte til sosial status, og korleis

nokre sosiale grupper kjem til kort

fordi deira språk er definert som mindreverdig.

Talemål og makt

Det er her det begynner å bli interessant

å ta i bruk omgrepet makt. Omgrepet

er mangetydig, men i vår

samanheng handlar det om makt til å

påverka og strukturera andre si oppleving

av «noko». Kven er det som har

makt til å definera andre sitt språk

som mindreverdig, og på kva for

grunnlag skjer det? Språkvitskapleg

finst det ikkje noko grunnlag for å seia

at ein dialekt er betre eller dårlegare

22 SPRÅKNYTT 3–4/2004

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!