14.11.2014 Views

Banning – makt eller avmakt? - Språkrådet

Banning – makt eller avmakt? - Språkrådet

Banning – makt eller avmakt? - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Slik var det i Språknemnda

Til jamføring har eg òg laga ein indeks

for Norsk språknemnd, som eksisterte

frå 1952 til 1972, altså i tjue år. Språknemnda

hadde ein enklare struktur,

med berre eit arbeidsutval på tre medlemmer

pr. målform. Dermed blir indeksen

enklare her. Eg gir eitt poeng

for eitt år som medlem og to poeng pr.

år for formannsstillinga (alle medlemmene

i arbeidsutvalet i Språknemnda

var menn), totalt 80 poeng for kvar

seksjon. Språknemnda vart oppnemnd

av Kyrkje- og undervisningsdepartementet

– for dei fleste plassane etter

innstilling frå institusjonar – men dei

språkpolitiske organisasjonane var

ikkje med, om ein ikkje reknar med

Det Norske Samlaget, som nok vart

rekna som ein kulturinstitusjon meir

enn eit språkstridstiltak. Indeksen er

slik:

Bokmålsseksjonen

Universitetet i Oslo – 40 poeng

Norsk Presseforbund – 13 p.

Lærarskolen ved sin lærarorganisasjon

– 10 p.

Tre institusjonar hadde færre enn

10 poeng.

Nynorskseksjonen

Det Norske Samlaget – 31 poeng

Kyrkje- og undervisningsdepartementet

– 13 p.

Universitetet i Oslo – 12 p.

Fem institusjonar hadde færre enn

10 poeng

Dei høge skårane for Universitetet i

Oslo og Det Norske Samlaget i kvar

sin seksjon kjem av at desse institusjonane

okkuperte formannsstillingane

det meste av tida (Alf Hellevik for

nynorsk) eller heile tida (professorane

Didrik Arup Seip, Trygve Knudsen og

Eyvind Fjeld Halvorsen frå Universitetet

i Oslo utgjorde ei ubroten formannsrekkje

på bokmålssida). Kyrkjeog

Undervisningsdepartementets mann

i nynorskseksjonen det meste av tida

arbeidde òg ved Universitetet i Oslo,

rett nok ikkje som nordist (keltologen

Magne Oftedal). Også i Språkrådet

har desse institusjonane hatt ein slags

hevd på desse postane, Universitetet i

Oslo rett nok mest på fagnemndleiarplassen.

Der har Eyvind Fjeld Halvorsen,

Einar Lundeby, Dag Gundersen

og Kjell Ivar Vannebo vore leiarar

på bokmålssida i 28 år, berre avbrotne

av Egil Pettersen frå Universitetet i

Bergen i éin periode, og Kjell Venås

var leiar på nynorsksida i seksten år

uavbrote. Det Norske Samlaget, på si

side, har hatt styreleiarane på nynorsksida

i seksten år til saman (Leif

Mæhle hadde vervet i femten år, men

han sat først to periodar frå Universitetet

i Oslo, deretter to periodar frå

Det Norske Samlaget, og sidan 1996

har leiarane Kåre Lilleholt og Jan Olav

Fretland representert Det Norske Samlaget).

Elles kan ein merke seg at språkstridsorganisasjonane

har hatt ei sterk

stilling. Riksmålsrørsla har over seksti

poeng, og har hatt plassar både i fagnemnd

og styre i lange periodar, om

enn mest i fagnemnda. På syttitalet og

åttitalet hadde dei i periodar både

leiaren og ein styremedlem. Også

Noregs Mållag har stått sterkt. Dei har

prioritert å sitje i fagnemnda, og det er

20 SPRÅKNYTT 3–4/2004

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!