10.11.2014 Views

Soldathåndboken - Forsvaret

Soldathåndboken - Forsvaret

Soldathåndboken - Forsvaret

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

av personlege velferdsgrunnar, og militært

personell kan får slik permisjon når

beredskapssituasjonen tillèt det.

Velferdspermisjonar blir delte inn etter

kor viktig grunnen er:

Klasse A – kritiske situasjonar i heimen

Klasse B – andre tvingande velferdsgrunnar

Klasse C – andre velferdsgrunnar

Permisjonar i klassane A og B skal normalt

ikkje overskride 14 dagars fråvær, medan

permisjon i klasse C ikkje skal overskride 7

dagar. Velferdspermisjon går ikkje til

frådrag frå andre framtidige permisjonar.

Vedkomande sjef kan likevel ta omsyn til

tidlegare velferdspermisjonar ved fordeling

av tenesteoppdrag under høgtider og

på fridagar der talet på permisjonssøknader

er større enn det som kan innvilgast.

Utsett permisjon som refs

Ein permisjon som er gjeven, kan berre bli

inndregen i form av ei refsing. Slik

fridomsinnskrenking skal ikkje gå ut over

dei ordinære permisjonsdagane, og

derfor skal permisjonen leggjast til eit

seinare tidspunkt. Men refsen skal ikkje

hindre permisjonar som er særleg viktige

for velferda, og som ikkje kan utsetjast.

Sjukdom under permisjon

Personell som er delvis sjuke, skal berre få

permisjon i dei tilfella der medisinske

omsyn ikkje har noko å seie for om vedkomande

kan ferdast fritt. Andre sjuke kan

normalt berre få permisjon i samråd med

lege og dersom permisjonen er eit ledd i

behandlinga, og/eller at ein kan gå ut frå

at sjukdommen ikkje forverrar seg på

grunn av permisjonen.

Personell som er heilt sjukemeldt skal

opphalde seg på sjukestue/sjukehus eller

den staden som er bestemt, og kan berre

permitterast i samråd med lege.

Personell som blir sjuke under permisjon,

skal oppsøkje militær lege når det finst

ein slik lege på permisjonsstaden.

Personell som blir sjuke under permisjon i

Oslo, skal vende seg til Nasjonal militærmedisinsk

poliklinikk, Akershus festning.

Erklæring frå sivil lege gir ikkje rett til

fråvær frå tenesta utover den permisjonen

som er innvilga, med mindre det i legeerklæringa

uttrykkjeleg er slått fast at sjølve

tilbakereisa vil føre til fare for helsa eller

forverring av sjukdommen.

Som generell regel gjeld at sjukdom

under permisjon ikkje gir rett til fråvær frå

tenesta, med mindre sjukdommen

hindrar tilbakereisa, eller reisa kan

forverre sjukdommen.

Erklæring frå lege som seier at du er «ikkje

transportdyktig», blir vanlegvis rekna som

god nok dokumentasjon for slik sjukdom.

Avdelinga skal ha melding snarast råd

etter at ein er blitt sjuk. Dei som under

langpermisjon blir erklærte heilt sjukmelde

og «ikkje transportdyktige», får

godskrive tilsvarande mange permisjonsdagar.

Den delen av permisjonen som på

denne måten blir utsett, blir registrert

som sjukdom i permisjonsrekneskapen.

Den utsette permisjonen blir avvikla på ei

tid då avdelinga finn det mest tenleg,

men så langt som råd i samsvar med det

vedkomande ønskjer.

SOLDATHÅNDBOKEN

37

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!