07.11.2014 Views

saksframlegg reguleringsplan - parkvegen - Klepp kommune - politikk

saksframlegg reguleringsplan - parkvegen - Klepp kommune - politikk

saksframlegg reguleringsplan - parkvegen - Klepp kommune - politikk

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

SAKSFRAMLEGG

Saksbehandlar: Hanne Thuen/Rannfrid S. Braut

Arkivsaksnr.: 06/953 - 14

Arkiv: L12

REGULERINGSPLAN - PARKVEGEN

Saka gjeld

Statens vegvesen har i brev, datert 19.05.06, på nytt kravd stenging av fire avkøyringar langs

Fv 251, Stasjonsvegen. Planen skal danne grunnlag for opparbeiding av alternativ

vegtilkomst.

Historikk

Då det vart oppført ny bustad på gnr.1/ bnr. 1290 i 1987, Parkvegen 6b, vart det stilt krav om

stenging av avkjørsler frå Stasjonsvegen. Det vart gitt førebels dispensasjon med krav om at

stenging av avkjørslene vart gjennomført innan 2 år. Det vart utarbeidd reguleringsplan, men

alternativ tilkomst er ikkje opparbeidd og avkjørslene er ikkje stengt. No er det på nytt kome

krav frå Statens vegvesen om at dette må gjerast. For å evt. kunne ekspropriere grunn til

opparbeiding av vegar må kommunen vedta ny plan. Administrasjonen legg fram to forslag.

Krav sett i overordna planar

Den gjeldande reguleringsplanen for Parkvegen frå 1976 viser internvegar og offentleg veg

med utkjørsel til Idrettsvegen og derfrå utkjørsel til Stasjonsvegen.

Varsel om oppstart av planarbeid

Oppstart av planarbeid er varsla i aviser 05.02.07 og i brev til grunneigarar og

høyringsinstansar datert 02.01.07. Det kom inn 8 merknader.

Innkomne merknader

Innkomne merknader er gjengitt i eige vedlegg, vedlegg 4.

Forslag til reguleringsplan

Administrasjonen legg fram to alternativ til reguleringsplan for Parkvegen. Alternativ 1 er

basert på innspel i merknad frå Torunn T. Lommeland m.fl. Alternativ 2 er i prinsippet i

samsvar med gjeldande reguleringsplan, reguleringsendring nr 2 for del av Kleppe.

Alternativ 1

Merknad frå fleire av grunneigarane i området er bakgrunn for dette forslaget. Alternativet

viser ein samleveg for alle eigedomane som får stengt sine avkjørsler frå Stasjonsvegen. Delar

av samlevegen vil kome parallelt med Stasjonsvegen.

Alternativ 2

Alternativ 2 er om lag i samsvar med gjeldande plan for området, reguleringsendring nr 2 for

del av Kleppe, stadfesta 23.07.1976.

Breidda på vegane er redusert frå 5 m til 4 m.

Opparbeiding av ny tilkomst og stenging av eksisterande avkøyringar vil ikkje løyse ut krav

om opparbeiding av støyskjerm, uansett om dette vil skje etter alternativ 1 eller 2. Med

bakgrunn i dette er det ikkje gjennomført berekningar av trafikkstøynivå i planområdet. Begge

planforslaga viser område for plassering av eventuell (støy-)skjerm. Ein samanhengande

(støy-)skjerm vil hindre at mjuke trafikantar kryssar Stasjonsvegen mellom bustadområdet i

Parkvegen og gang- og sykkelvegen langs Stasjonsvegen. Mjuke trafikantar må etter at

stenginga er gjennomført følgje interne vegar til Idrettsvegen og undergang under

Stasjonsvegen.

Vurdering:

Statens vegvesen krev å stenge enkeltavkjørslane frå Stasjonsvegen for å betre

trafikktryggleiken på og langs fylkesvegen. Erfaring viser at 30 % av alle trafikkulukkene er

knytt til kryss og enkeltavkjørslar, sjå merknad frå Statens vegvesen. Det har heldigvis ikkje

vore større ulukker langs Stasjonsvegen. Stadig auka trafikkmengde på Stasjonsvegen vil

auke ulukkesrisikoen langs vegen.

Mjuke trafikantar til og frå planområdet må krysse Stasjonsvegen for å kome til gang- og

sykkelveg (skuleveg). Ved å knytte alle eigedomane til Idrettsvegen, får gåande og syklande

betre tilgang til gang- og sykkelvegnettet i Kleppe.

Alternativ 1 krev bygging av omlag 120 meter ny veg. Alternativ 2 krev bygging av omlag 90

meter ny veg. I alternativ 1 er delar av samlevegen parallell med Stasjonsvegen. Dette er

vanlegvis lite gunstig då tre køyrefelt nesten samanhengande kan verke forvirrande på bilistar.

Eit samanhengande tett gjerde, vil kunne redusere ulempene med dette.

Risiko- og sårbarhetsvurdering

Det er gjort ei ROS-vurdering. Stenging av avkjørslar ut i Stasjonsvegen vil gje færre

mogelege ulukkespunkt i Stasjonsvegen. Både mellom bil, og bil under inn og utkjøring, og

mellom biltrafikk og mjuke trafikantar som skal krysse Stasjonsvegen til gang- og

sykkelvegen på sørsida av vegen. 30% av alle trafikkulukker er knytt til kryss eller

enkeltavkjørslar. Sidan Stasjonsvegen stort sett er utan enkeltavkøyringar med unntak av

planområdet, er faren for ulukker, særleg mellom bil og mjuke kryssande trafikantar større,

fordi slik kryssing ikkje er vanleg på resten av strekninga. Eventuell opparbeiding av (støy-

)skjerm, vil auke kvaliteten for uteplassane, og lede gåande og syklane til undergangen under

Stasjonsvegen.

Universell utforming

Planområdet er nokså flatt, og vegane skal opparbeidast etter prinsippet om universell

utforming. Vegane skal kunne brukast av alle i alle livssituasjonar, uansett mellombels eller

varig nedsett funksjonsevne (syn, rullestol, allergi m.m.).

Kommunen er i gang med opprusting av busshaldeplassar på strekninga Verdalen – Klepp st.,

for å gi trinnfri tilkomst til de nye lavgolvbussene. Dette krev bussperrongar med min 16 cm

kantsteinhøgd. I dag stopper vestgåande buss i sjølve krysset med Idrettsvegen. Ein slik

stoppestad vil ikkje kunne brukast med lavgolvbuss, og dermed ikkje vere tilgjengeleg for

alle. Det må avklarast vidare om frisiktsonane kan brukast til opparbeiding av universell

bussperrong. Dette kan i tilfelle delfinansierast med statlege BRA- midlar.

Konsekvensar for eigedomar i Parkvegen

For at avkjørslar frå Stasjonsvegen skal stengjast, og eit av planforslaga skal opparbeidast, må

nokre av eigedomane avstå areal til vegareal. Den gjeldande reguleringsplanen viser vegar

med 5 m breidde. I begge alternativ er vegane no redusert til 4 m, noko som vil gje mindre

inngrep i hagane. Fram til 2. gongs behandling, vil det bli vurdert om vegbreidda kan

reduserast ytterlege til 3,5 m på delar av strekninga.

Konsekvensar for barn og unge

Barn og unge som enten bur i området, eller skal på besøk, vil få tryggare veg til og frå

området dersom dei ikkje må krysse over Stasjonsvegen. Det er viktig å legge til rette for at

barn og unge, kan gå eller sykle til skule og aktivitetar utan å vere avhengig av vaksne som

kan følgje dei over vegen eller køyre dei.

Konsekvensar for kommunen

Kommunen er ansvarleg for opparbeiding av ny tilkomst til eigedomane i Parkvegen. Dersom

det og blir sett opp støyskjerm, vil det gje ein gevinst for eigedomane som ligg langs

Stasjonsvegen. Ein skjerm vil og lede mjuke trafikantar til undergangen under Stasjonsvegen

då ein tett skjerm vil hindre uønskt kryssing av fylkesvegen. Kommunen må gjere ei

vurdering om støyskjerm er noko ein vil påkosta.

Kommunen er ansvarleg for å utbetre sikttilhøva i krysset Stasjonsvegen/Idrettsvegen. I

Idrettsvegen skal kommunen gå i gang med arbeid med å få til tydelegare avgrensing av

køyrebane og område for mjuke trafikantar.

Konklusjon

Kommunalsjefen fremjar med dette reguleringsplan for Parkvegen, alternativ 1 og alternativ 2

for 1. gongs behandling i hovudutvalet.

Vedlegg:

Vedlegg 1:Reguleringsplan for Parkvegen, alternativ 1, datert 31.05.07

Vedlegg 2: Reguleringsplan for Parkvegen, alternativ 2, datert 31.05.07

Vedlegg 3:Reguleringsbestemmelser for Parkvegen, datert 31.05.07

Vedlegg 4: Innkomne merknader til varsel om oppstart av planarbeid

Vedlegg 5: PlanRos

Innstilling:

Kommunalsjefen tilrår slikt vedtak:

Hovudutval for lokal utvikling vedtek i samsvar med plan- og bygningslova § 27-1 å leggja

forslag til reguleringsplan for Parkvegen, alternativ 1 og alternativ 2 med tilhøyrande

føresegner, begge datert 31.05.2007, ut til offentleg ettersyn.

Rådmannen i Klepp 30.05.2007

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!