03.11.2014 Views

Brosjyre - Fjell kommune

Brosjyre - Fjell kommune

Brosjyre - Fjell kommune

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

KOLLEKTIVPRIORITERING // VERDISKAPING // TRYGGLEIK // MILJØ

FRÅ FISKERI

TIL OLJETEKNOLOGI

INNHALD

03 Frå fiskeri til oljeteknologi

04 Sotra/Øygarden-Bergen Vest

07 Utdatert og overbelasta vegnett

08 Trafikkutvikling og folketalsvekst

10 Høge ulukkestal

11 Berekraftig regional byutvikling

14 Nytt Sotrasamband

17 Samordna areal- og transportplanlegging

18 Mykje meir enn eit vegprosjekt

22 Samband for verdiskaping

22 Samband for lokal og regional utvikling

24 Nytt Sotrasamband på NTP 2014- 2023

Boska Reklame AS

Grafisk design: Gaute Hatlem

Illustrasjon forside: MIR

Opplag II.

Då Sotrabrua opna i desember 1971 vart Sotra/Øygarden landfast med bergensregionen.

Dette skjedde berre to år etter dei første oljefunna i Nordsjøen. Sotrabrua og oljeeventyret

fekk store, positive ringverknader for øysamfunnet i vest. I løpet av 40 år er eit fiskarsamfunn

forvandla til eit moderne teknologi-og industrisamfunn med over 800 verksemder og meir

enn 15.000 arbeidsplassar. Frå 1972 til 2012 er folketalet nesten 3-dobla. Sotrabrua vart bygd

med ei levetid på 40 år og med intensjonar om vekst og velstand. I dag er Sotra/Øygarden

blitt ein av Noregs viktigaste verdiskapingsregionar.

3

SIDE

4

SIDE

SOTRA/ØYGARDEN - BERGEN VEST

ER EIN AV DEI RASKAST VEKSANDE

REGIONANE I LANDET

FV 561

RV 555

Bergen Vest og Sotra/Øygarden er ein verdiskapande og velfungerande region i sterk vekst. Berre i

Sotra/Øygarden auka talet på arbeidsplassar med meir enn 40% frå 2000 til 2010. I regionen under eitt

auka innbyggjartalet til meir enn 60.000. Dette gjer regionen til ein av dei raskast veksande i Noreg.

Regionen har fleire store næringsområde av nasjonal og global betydning: Coast Center Base (CCB),

Kollsnes Næringspark og Stureterminalen. Dei siste åra har Sotra/Øygarden-Bergen Vest styrka sin

posisjon som nasjonalt og globalt senter/verdiskapingsregion for olje, gass og undervass-teknologi

(subsea).

Sotrabrua og tilhøyrande riksvegar knyter området saman og er avgjerande for regionen sin vekst.

7SIDE

UTDATERT OG

OVERBELASTA VEGNETT

Hinder for vidare vekst. Trugsel mot tryggleik og miljø.

40 år med kraftig vekst og eit utdatert samband frå 1971 er ein hemsko for regionen.

Sotrabrua var dimensjonert for 12.000 bilar, men har på einskilde dagar registrert

trafikk på over 32.000 bilar. Liten vegbreidde gjer det ikkje mogeleg å prioritere

kollektivtrafikk. Særs smal vegskulder gjer det særs vanskeleg å gå eller sykle over.

Den gamle Sotrabrua er i realiteten einaste ferdslealternativet mellom Bergen og

Sotra/ Øygarden. Med berre ein hovudveg og ingen alternative vegar/omkøyringar

ved ulukker og i krisesituasjonar er sambandet særs sårbart.

Ei smal, to-felts bru som einaste samband til fastlandet er ein trugsel mot

tryggleik og miljø.

8

SIDE

Døgntrafikkfordeling over Sotrabrua 2011

Trafikkutvikling Sotrabrua 2004-2011 (ÅDT)

Trafikktal samanlikna med andre bruer (ÅDT)

TRAFIKKUTVIKLING

OG FOLKETALSAUKE

Fra Bergen

Fra Sotra

1400

26500

30000

Trafikkauken i området Sotra/Øygarden-Bergen er resultatet av

sterk vekst og positiv utvikling i regionen.

Trafikkveksten i regionen syner ikkje teikn til å stagnere. I 2011 fekk

vi ein auke i trafikken på 2,7%. Hausten 2012 er ÅDT nær 27.000 og

målt til meir enn 32.000 på einskilde dagar. Dette gjer Sotrabrua til

den mest trafikkerte to-felts hengebrua i Norden?

Samband for vekstregion

Etter at Sotrabrua opna har vi opplevd ei nesten 3-dobling i samla

folketal for kommunane Fjell, Sund og Øygarden. Sambandet har skapt

ein samla bu- og arbeidsregion. Trafikken har ei balansert retningsfordeling

med tilnærma like stor trafikk i begge retningar mellom

Sotra/Øygarden og Bergen.

1200

1000

800

600

400

200

0

0 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24

26000

25500

25000

24500

24000

23500

23000

22500

22000

25000

20000

15000

10000

5000

0

2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012

Folgefonntunnelen

Osterøybrua

Bømlafjordtunnelen

Oslofjordtunnelen

Svinesundbrua

Nordhordlandsbrua

Askøybrua

Øresundbrua

Sotrabrua

10

SIDE

HØGE ULUKKESTAL

Trugsel mot tryggleik og miljø. (Tal frå Fjell 2000-2010).

Dagens Sotrasamband er eit sårbart og sterkt ulukkesbelasta vegnett.

Dei fleste og mest alvorlege ulukkene skjer på RV 555 mellom Sotrabrua

og Kolltveittunnelen i Fjell kommune. Nye løp i Kolltveittunnelen er

prioritert i etatane sitt framlegg til NTP 2014-2023 grunna trafikkfaren.

År

2000 - 2010

Ulukker

320

Drepne/skadde

503

Drepne

15

Hardt skadde

30

Lettare skadde

458

BEREKRAFTIG

REGIONAL BYUTVIKLING

Nytt Sotrasamband vil knyte Sotra/Øygarden tettare opp mot Bergen

og bidra til å gjere heile området til ein berekraftig vekstregion for

framtida.

Godkjend trasé. Lengde: 8,5 km

13

SIDE

Foto/Illustrasjon: Tor Sponga

Panorama-illustrasjon av ny 4-felts Sotrabru og eksisterande bru sett frå Fjell

mot Bergen. Den nye brua er planlagt omlag 400 m sør for eksisterande bru.

NYTT SOTRASAMBAND

Sambandet opnar for sterk prioritering av kollektivtrafikken, framhald

i verdiskapinga, auka tryggleik og betre miljø.

Kommunedelplan for nytt Sotrasamband er vedteken i Fjell kommunestyre

og Bergen bystyre i 2012. Den planlagde traséen inkluderer

nytt 4-felts vegnett med ny 4-felts Sotrabru. Nytt Sotrasamband vert

tilrettelagd for aktiv kollektivsatsing: To av fire felt er reservert for

kollektivtrafikk. Bybaneløysing vert utgreidd. Det blir gang- og sykkelvegar

på heile strekninga. Når det nye sambandet er på plass vil dagens bru

bli nytta til lokaltrafikk.

Vedteken kommunedelplan reknar samla kostnadar til 5.585 mrd. kr.

14

SIDE

Framtidspanorama av Straume regionsenter/Sotra Kystby; samordna areal- og

transportplanlegging med prioritering av framtidsretta kollektivløysingar.

Illustrasjon: MIR

17

SIDE

SAMORDNA AREAL-OG

TRANSPORTPLANLEGGING

Sotrasambandet inngår i samordna areal- og transportplanlegging

som gjer det mogeleg å tilrettelegge for moderne bumiljø, fortetting/

arealbruk og rasjonelle trafikkløysingar.

Fjell kommune planlegg å utvikle nye og moderne sentrumsområde

for fleire tusen nye innbyggjarar i moderne og kompakte bu-og

næringsmiljø. I tråd med offentlege miljøkrav står aktiv tilrettelegging

og utbygging av nye og betre kollektivløysingar sentralt i planane.

Planane bak nytt Sotrasamband er ei aktiv og målretta oppfølging av

nasjonale retningsliner om samordna areal- og transportplanlegging.

Løysinga for sambandet er koordinert med planlegginga av Sotra Kystby

på Nordre Bildøy til ein samanhengande bystruktur. Sartor senter,

Noregs 8. største kjøpesenter, vert endra frå eit kjøpesenter til eit

nytt, urbant miljø med variert næringsliv, butilbod og kulturtilbod med

all parkering under jorda. Nye RV 555 er her lagt under eit 600 m

langt miljølokk, som ei effektiv demping av dei negative sidene ved ei

så omfattande vegbygging. Miljølokket vil knyte saman viktige helseinstutisjonar,

andre offentlege tenester og private verksemder på begge

sider av riksvegen, og opne for aktiv utvikling og betring av miljøet.

Illustrasjon: MIR

Illustrasjon av planane for det nye urbane sentrumsområdet

i Straume/Sotra Kystby

MYKJE MEIR ENN EIT VEGPROSJEKT

Investering i viktige meirverdiar.

For region Sotra/Øygarden-Bergen representerer nytt Sotrasamband noko langt

meir enn eit vegsamband. Det er ein føresetnad for vidareutvikling av regionen og

ei investering i viktige meirverdiar.

Nytt Sotrasamband prioriterer kollektivtrafikk og miljø.

Nytt Sotrasamband vil opne for vidareutvikling av ein viktig verdiskapingsregion.

Nytt Sotrasamband vil verkeleggjere ei framtidsretta areal- og transportplanlegging.

Nytt Sotrasamband vil bidra til betre storbyplanlegging og berekraft for heile

bergensregionen.

18

SIDE

Panorama over kystbasen CCB på Ågotnes i Fjell; 650 mål stort

industriområde i sterk vekst

Foto: Pål Bentdal

SAMBAND FOR VERDISKAPING

Sambandet opnar for framhald i vekst og verdiskaping og trygging av

arbeidsplassar og kompetanse.

Coast Center Base (CCB) blei etablert i 1973 som ei direkte følgje av

oljefunna i Nordsjøen og opninga av Sotrabrua i 1971. I dag huser basen

over 300 små og store verksemder m.a. store, internasjonale aktørar

som Statoil, FMC, Aker Solutions m.fl. CCB er eit globalt senter for

olje- og gassverksemd. Med Norwegian Center of Expertice er leiande

internasjonal kompetanse og ekspertise innan undervassteknologi

(subsea) samla på Ågotnes i Fjell kommune.

I dag er det 4000 arbeidsplassar på CCB. Interntrafikken representerer

ein ÅDT på 5600 bilar og 20.000 tungtransportar. Basen har planar om

å tilsette ytterlegare 2-3000 dei komande 5 åra.

Nytt Sotrasamband er avgjerande for vidare verdiskaping i regionen.

21SIDE

Illustrasjon: Link Signatur / MIR

Framtidsbilete av Sotra Kystby etter at nytt Sotrasamband er på plass.

SAMBAND FOR LOKAL

OG REGIONAL UTVIKLING

Nytt Sotrasamband er ein viktig premiss for moderniseringa og

utviklinga av regionsenteret Straume og Sotra Kystby.

22

SIDE

Gode kollektivløysingar frå vest vil avlaste presset inn mot Bergen

sentrum, og vere eit viktig bidrag til kontrollert folketalsvekst, mindre

luftforureining og betre miljø i storbyen.

NYTT SOTRASAMBAND PÅ NTP 2014 - 2023.

Framtidsretta prosjekt med vekt på kollektivtransport, verdiskaping, tryggleik og miljø.

• Nytt Sotrasamband er omtalt i gjeldande NTP (2010-2019) med 400 mill.

• Aktivt omtalt og konkretisert i fagetatane sitt framlegg til neste NTP (2014 -2023).

• Realisering i første del av planperioden føreset endra prioritering eller auke i rammene.

• Kommunedelplan vedteke i Fjell og Bergen kommune. Reguleringsarbeidet igang

haust 2012 med sikte på anleggstart i 2016/2017 og opning i 2020/2021.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!