01.11.2014 Views

Last ned - bedriftmedia.no

Last ned - bedriftmedia.no

Last ned - bedriftmedia.no

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

SØNNESYN SAG:

Oppe i fjellsida på Indre Hafslo i Sogn finn du Sønnesyn

Sag og ein arbeidande Einar Sønnesyn som produserer lekre

villmarksmøblar som passar både ute og inne, i huset og

i hytta, og andre flotte villmarksprodukt.

VILT – VAKKERT – SOLID

Sønnesyn Sag er

ei familiebedrift

med lange tradisjonar.

Arbeidet har gått

i arv, og heilt inn

til nyleg var far til Einar Sønnesyn med i arbeidet

på saga.

Heldigvis ønskjer borna å vidareføre handverket.

- Dei er aktivt med når dei er heime frå skulen,

det set eg pris på. Familien har hatt sag sidan

tidleg på 1900 talet, seier Einar, som i tillegg

driv garden med storfe og sau.

NORSK NATUR

Det er frå skogane rundt Lustrafjorden Einar

Sønnesyn får trevirket, og som han og medarbeidarane

lagar solide og flotte villmarksmøblar,

rundstokkar og villmarkspanel av.

Einar viser veg inn i det eine skjulet der ei rekkje

villmarksmøblar er plassert på utstilling, møblar

som er både vakre å sjå på og som skapar den

rette stemninga.

- Vi sel mykje til skitrekka. Både fordi dei er flotte

å sjå på og at dei tåler ein støyt, smilar Einar og

viser oss utstillinga sin minste installasjon. Ei

sitjegruppe for born.

- Du skal sitje godt når du sit på desse møblane,

og vi har dei i fleire storleikar.

Designen er ny og er noko vi har jobba oss fram

til sidan vi starta produksjonen av slike møblar

for femten år sidan.

INNE OG UTE

- Vi ser at slike møblar er populære. Bedrifter

brukar dei som lunsjbord eller i fellesområda inne

og ute. Kioskar, barnehagar, gatekjøkken, skular

og offentlege institusjonar er også ivrige etter å

få tak i villmarksmøblar. Modellane for utebruk

er behandla for å tole ver og vind.

Innemøblane er i naturtre og ubehandla.

Sommer og vår ser vi at stadig fleire kjem hit for

å sjå møblane vi har utstilt.

VILLMARKSPANEL

Villmarkspanel er eit anna produkt frå Sønnesyn

Sag.

Einar ser at slike panel har ein renessanse, noko

folk vil ha.

- Vi produserar mykje villmarkspanel som vi i

hovudsak leverer til forhandlarar både i Voss,

Hemsedal, Valdres og Sogn. Spesielt er hyttemarknaden

stor. Villmarkspanel er noko fleire

og fleire vil ha.

Det er både vakkert og haldbart. Panelen vert

levert i 25 og 32 millimeters tjukne.

IKKJE DYRT

Sønnesyn Sag og

Einar Sønnesyn er

stolte av produkta

sine, og vil gjerne vise

dei fram for næringslivet.

Og mange trur

kanskje at prisen på

slikt handverk er

svært dyr. Det er ikkje

riktig.

Villmarksmøblar og panel er rimelegare enn ein

skulle tru. Og når ein ser på levetid er det ikkje

mykje som overgår desse produkta.

Heller ikkje rundstokkane og restaureringsvirket

Sønnesyn Sag produserar.

Alt norskprodusert, dekorativt kvalitetshandverk.

Indre Hafslo

6873 Marifjøra

Tlf.: 57 68 74 48

Mobil: 418 55 255

Fax.: 57 68 74 34

post@sonnesynsag.no

www.sonnesynsag.no

6

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!