01.11.2014 Views

Last ned - bedriftmedia.no

Last ned - bedriftmedia.no

Last ned - bedriftmedia.no

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

SOGN KONTORSENTER AS:

Ei bedrift med

stort lokalt hjarte

Sogn Kontorsenter

i Leikanger ser sitt ansvar som

ein lokal og regional aktør i

å støtte lokal idrett og kultur.

Og det er dei lokale kundane

med lojalitet til selskapet som

gjer dei i stand til å vere

lojale mot lokalmiljøet.

Sogn Kontorsenter har åtte tilsette med avdelingar

i Årdal, Førde og i Leikanger. I fjor feira bedrifta

25 år som leverandør av kontormøblar, kontormaskiner

og kontorrekvisita.

KVALITET

- Våre kundar krev kvalitet, difor fører vi

kvalitetsmøblar for kontor og offentlege

institusjonar frå norske møbelleverandørar. I tillegg

er det kontormaskiner vi leverer mest av.

Då snakkar vi om kopi, print og scanning frå

Canon og Sharp.

I tillegg har vi tre hundre

serviceavtalar med bedrifter

i regionen, seier

Ingar Husum.

Han og Ove Nes legg

ikkje skjul på at dei har eit stort lokalt engasjement.

Men dei tek ikkje æra sjølv.

LOJALE KUNDAR

- Det er dei lokale faste kundane våre som gjer

oss i stand til å støtte lokale lag og organisasjonar,

mellom anna Målrock i Årdal og Sogndal Fotball

som er dei største, seier Nes.

I Leikanger, der selskapet

har sitt hovudkontor, er

det i desentraliseringa si

ånd plassert godt over

tusen kontorarbeidsplassar,

noko som naturleg

skulle føre til at lokale

selskap som Sogn

Kontorsenter låg som

«smørauget i grauten». Men slik er det ikkje.

Store selskap plassert i det sentrale austlandsområdet

stikk av med store delar av denne marknaden.

Husum og Nes vil likevel ikkje klage, men gir

gjerne frå seg eit lite hjartesukk.

LIKE VILKÅR

- Vi har jo mange konkurrentar også her i fylket

lokalt, og det er jo greitt. Vi konkurrerer på like

vilkår.

Men når ein plasserer så mange kontorarbeidsplassar

ute i distrikta hadde det jo vore fint om

meir av dette tilfell lokale aktørar av ulikt slag.

Meininga med desentralisering fell liksom litt bort,

det å gje noko ut til lokalsamfunna dei er plassert

i, seier Husum som er rask med å leggje til at dei

har avtalar no, avtalar som vil kanalisere endå meir

ut til lokalmiljøet.

JOBB OG FRITID

Midt på golvet i selskapet sine lokale, mellom

kontorstolar i alle fasongar,

kontormaskiner

og møblar står eit prakteksemplar

av ein motorsykkel.

Ein finpussa

Harley dei sette inn under

jubileumsutstillinga,

men så er jo også den

lokale motorsykkelklubben

næraste nabo, ein klubb som nyt godt av

naboskapet med Sogn Kontorsenter.

- Kvifor dette lokale engasjementet?

- Det er her vi bur, lever og fungerer både i jobb

og fritid.

Det er som ein syklus i lokalmiljøet det med arbeid,

fritid og lokalt engasjement.

Heldigvis er vi ei bedrift som har trufaste kundar

som har vore hos oss i mange år, og som er med

å bidra i dette samspelet, seier Husum.

- Å pleie og ta vare på kundemassen er alfa

omega.

Og vi ser at det sirkulerer på ein måte. Vi leverer

kontorutstyr, har service og oppfølging før dei

etter ein del år skal fornye. Då er dei tilbake på

innkjøp. Då veit vi at vi lukkast, seier han.

Sogn Kontorsenter as

Askedalen 10

6863 Leikanger

Tlf.: 57676699

E-post: post@sognkontorsenter.no

Webside: www.sognkontorsenter.no

Vi besøker Leikanger

33

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!