01.11.2014 Views

Last ned - bedriftmedia.no

Last ned - bedriftmedia.no

Last ned - bedriftmedia.no

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE:

Viktige IT-medarbeidarar

FOR FYLKESMENNENE

Tarjei Ylvisåker og Thomas Sløk Tvedt stortrivst i IT-gruppa hos Fylkesmannen i Sogn og

Fjordane. Dei og kollegaene utviklar og driftar ei rekkje viktige IT-løysingar for landet sine

fylkesmenn og andre samfunnsaktørar.

Hos Fylkesmannen

i Sogn og Fjordane

jobbar femten høgt

kvalifiserte IT-medarbeidarar.

Herfrå utviklar

og driftar dei

nettsideløysingar for

både sitt eige embete

og dei 17 andre fylkesmennene

i landet.

Dei ynskjer gjerne

fleire medarbeidarar

med på laget.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er lokalisert i

Statens hus i Leikanger, og har ei avdeling med

svært dyktige IT-medarbeidarar som utfører viktige

oppgåver for både sitt eige embete og dei

17 andre fylkesmannsembeta, i tillegg til andre

samfunnsaktørar.

NYE SYSTEM

- Vi er 130 medarbeidarar som jobbar hos Fylkesmannen

i Sogn og Fjordane, og det er vi som

utviklar og driftar datasystema dei brukar, seier

Thomas Sløk Tvedt i IT-avdelinga.

- For tida er vi i startfasen med eit nytt og betre

system for alle fylkesmennene i landet. Dei får

snart nye web-løysingar. Men det tek tid sidan

det er mange som skal seie sitt i fastsetjingsfasen.

Det er ei departemental avgjersle om at det er vi

som skal gjere denne jobben, seier Sløk Tvedt.

MANGE OPPGÅVER

Kollega Tarjei Ylvisåker fortel at avdelinga også

har ei rekke andre arbeidsområde for forvaltinga.

- «Fritt rettsråd» er eit system for advokatar

som blant anna skal sende inn sine

fakturaer for fri

rettshjelp. Vi arbeider

med eit

register for den

nye «vergemålsreforma»

som

kjem etter at Staten

har teke over etter kommunane.

- «Partistøtte» er eit system der dei politiske partia

kan sende inn sine søknader for partistøtte.

Vi var først mellom fylkesmennene på IP-telefoni.

No får dei andre også muligheita, seier

Ylvisåker.

GODT ARBEIDSMILJØ

Det er ei jovial stemning i kontorlandskapet der

dei to arbeider saman med sine 13 dedikerte

kollegaer. Dei to vil gjerne ha fleire kollegaer,

og har mykje fint å seie om både jobben og

regionen.

- Det er eit høgt fagleg nivå samstundes som at

takhøgda er stor.

Vi er ein sosial gjeng og møtast gjerne etter arbeidstid,

seier han.

- Leikanger er ei lita bygd, men

med svært mange statlege kontor.

Korleis er det å jobbe her?

- Veldig fint. Mange gjer som oss

og pendlar frå Sogndal, ein køyretur

som er fri for kø, og som er

på rundt tjue minutt. Eller med

buss som går veldig hyppig.

Det er mange fritidstilbod både i Leikanger og

Sogndal, i tillegg til fjell og fjord, seier Ylvisåker

som er av dei yngste på laget.

- Eg såg ikkje for meg eit så stort miljø og vart svært

positivt overraska. Eg trivest veldig godt, og håper

fleire vil verte ein del av teamet vårt, seier han.

Njøsavegen 2, 6863 Leikanger

Telefon: 57 64 30 00

Webside: www.fmsf.no

E-post: fmsfpost@fylkesmannen.no

30 Vi besøker Leikanger

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!