01.11.2014 Views

Last ned - bedriftmedia.no

Last ned - bedriftmedia.no

Last ned - bedriftmedia.no

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

ASKEDALEN BARNEHAGE I LEIKANGER:

Frå bolledeig til

BOLTRANDE UNGAR

MIDT I SMØRAUGA

Barnehagen ligg sentrumsnært som nabo til

Fylkeshuset, Statens vegvesen, Mesta, bensinstasjonen

og Statens hus.

- Uteområdet vårt er stort med ein stor eplehage,

og eit steinkast unna er vi så heldige å

ha fri tilgang til eit fantastisk naturområde på

Njøs, og til fjord og strand. Vi har det som

plomma i egget, seier Valvik Menes.

Ungane har teke over

plassen der mjølsekker og

bakemaskiner før dominerte.

Dei boltrande ungane

frå under året og oppover

stortrivst i den nye

Askedalen Barnehage

i Leikanger.

Edith Valeberg Eggum, (bilete f.v) Hilde Valvik

Menes og Inger Lise Knudsen er kvinnene bak

den første og einaste private barnehagen i Leikanger

kommune.

Ei bollemaskin er det einaste som står att og minner

om at det var bakeri og bustad her før barnehagen

flytte inn i november 2008.

STARTA PRIVAT

Dei tre damene var alle tilsett i den no nedlagde

Leikanger barnehage, der dei hadde ansvaret

for ei eiga avdeling. Når nedlegginga

nærma seg, starta dei tre å diskutere seg i mellom

om å starte ein eigen privat barnehage.

- Vi ville ikkje stå inne i det kommunale systemet,

og ein spøk om å starte privat blei alvor

da Hovlands Bakeri vart lagt ut for sal i 2007.

Vi gjekk på visning og likte det vi såg, seier

dagleg leiar Edith Valeberg Eggum.

- Plasseringa var praktisk, og bygget var etter

vår vurdering godt eigna for barnehagedrift. Med

litt ombygging og litt oppussing ville det bli bra.

Vi hadde ei rekkje møte med kommunen og foreldre.

I juni 2008 vart det endeleg avklara med

kommunen og vi kunne kjøpe bygget. Ein driftsavtale

med kommunen sikrar gjensidige

forpliktingar både på ordinær drift og på den økonomiske

delen, seier ho.

GODT EIGNA

- I den grad vi har vore opptekne av økonomi,

så har det vore å redusere utgifter for å vere

sikker på at dette skulle gå rundt, seier Valeberg

Eggum

Vi har brukt arkitekt som har teikna planløysinga

i kjellaren etter forskriftene.

Eit flott gjenvinningsanlegg har vi montert, som

skal sikre god luftkvalitet, eit krav frå arbeidstilsynet.

Med god hjelp frå familie, og med dyktige handverkarar,

vart Askedalen Barnehage ein realitet.

Vi sjølve er godt nøgde med resultatet.

OVERTOK BORN OG UTSTYR

Mange born frå den nedlagte Leikanger barnehage

følgde med inn i nye Askedalen Barnehage.

- Vi fekk overta inventar og utstyr . I 2008 starta

vi opp med 22 born

i alderen 0-6 år, men

frå hausten 2009

fekk vi godkjenning

for 42 barn i to etasjar

då det tidlegare

bakerilokalet i første

høgda vart bygd om,

seier styrar Hilde Valvik

Menes.

VERDISKAPING

- Barnehagen skal være ein god stad å vere

både for dei 13 tilsette og alle borna.

Stressdemping, fokus på løysingar og muligheiter

er viktig.

For dei tilsette er arbeidsmiljøet viktig, og vi

gjer mykje saman.

Verdiskaping er viktig for oss. I tillegg er samarbeidet

med kommunen og dei to kommunale

barnehagane godt. Det å drive eiga bedrift

gjer at vi har mykje til felles med andre private

næringsdrivande. Nylig har vi vore på kurs

i omdømebygging saman med fleire bedrifter,

og påfølgande hygge på fotballkamp, seier

Hilde Valvik Menes.

Askedalen Barnehage AS

Telefon: 57 65 44 12 / 13

E-post: post@askedalenbarnehage.no

28

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!