01.11.2014 Views

Last ned - bedriftmedia.no

Last ned - bedriftmedia.no

Last ned - bedriftmedia.no

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

LEIKANGER KOMMUNE:

EIN INNFLYTTARS BETRAKTNINGAR:

LEIKANGER HAR ALT

– no òg eit sentrum

Leikanger med sine 2250

innbyggjarar ligg sørvendt

mellom fjord og fjell midt på

Sognefjorden.

INNFLYTTAREN: Colin Tattersall fann seg raskt til rette i Leikanger, når avgjerda vart tatt. Innan kort tid kom han i arbeid, og han setter

stor pris på fritidstilbod og naturen i kommunen og området rundt.

FRÅ STOR BY TIL VAKKER BYGD

«Det er litt over tre år sidan eg flytta til Noreg på leit etter eit liv utanfor stor byen.

Når den økonomiske krisa ramma tok eg det som ein katalysator for å prøva noko nytt»

Det skriv innflyttar til Leikanger, Colin Tattersall. Her er hans betraktningar om avgjerda si.

Hovudnæringa er statlege- og

fylkeskommunale kontorverksemder

og eit landbruk med vekt

på frukt- og bærproduksjon.

Leikanger er prega av kulturlandskapet,

med oppdyrka lier

og med gardar konsentrerte i

rekkje- og klyngetun. Leikanger

har mange gode kvalitetar og

særtrekk som vert teke vare på

og skal forsterkast.

Sentrumsfunksjonane er knytt til

fjorden, mens bustadene i hovudsak

ligg i felt over den dyrka

marka og langs elvedalane.

Ein av utfordringane til Leikanger

som tettstad og sentrum,

er korleis ein skal få att kontakten

med sjøen. Riksvegen er ein

barriere i tillegg til fyllingar ut i

fjorden.

Etter ei sentrumsanalyse i 2008

har kommunen teke utviklinga

i sentrum på alvor. Det første

grepet var å få liv att i den gamle

fabrikkbygningen Saften. Her

er det samla forretningar med

eit variert vareutval saman med

kommunale tenestetilbod som

idrettshall og bibliotek.

Neste steg var etablering av

Borggarden som torg og samlingsplass.

I vår vart parkområdet

Schrødertomta opparbeidd med

grøntanlegg, leikeapparat og

ny tilgang til Henjaelvi. No er

tida kommen for å gjennomføra

miljøprioriterte tiltak på riksvegen

og gjera kontakten med

fjorden betre.

I London tenkte eg på å flytte til Australia, og å

stikke innom fjordane for litt sommararbeid på

vegen, men planane endra seg.

Livet utan langpendling, masse trafikk og å leve

på eksosrøyk, er veldig kjekt.

Med ein mastergrad og ti års erfaring i industri,

både på byggeplass og i designkontor, venta eg

ikkje lenge med å finna meg jobb.

Eg begynte med byggteknisk arbeid og etter

kvart skifta eg til vegvesenet.

Her har eg fått diverse og interessante oppgåver,

med byggteknisk arbeid og vegprosjektering.

Å jobbe i fjordterrenget med folk med ulike

interesser er ei fin utfordring. Å balansere

alle tekniske krav med kva som er etterspurt

av kommune/fylkeskommune, og kva som er

ynska av publikum gjev ikkje plass for ein keisam

augneblikk.

Før eg flytta lærte eg ein del norsk, men alt

var bokmål.

Så å flytte til eit nynorskområde ga behov for

noko ekstra innsats. Lokale dialektar i Noreg er

ei lita ekstra utfordring òg…

Det er veldig kjekt å bu i fjordane, spesielt i

Leikanger. Her er det er ei unik blanding av folk

som er lokale, nykommarar og utlendingar, og

alle gjev tilbake til lokalsamfunnet.

Det er fleire forskjellige lag og grupper, med

idretts- og kulturinteresse, - og sjølvsagt endelause

moglegheita for tur på fjell og fjord og

snø. Noko for alle!

Så for dei som bur i byen, men har ein halv ide

om å flytte ut eller er nysgjerrig på eit liv utan

storbystress, mitt råd er: ‘gå for det!’ (Det er

desidert mindre stress, men underteikna kan

ikkje lova at det ikkje er hektisk!)

Colin Tattersall

26 Vi besøker Leikanger

Vi besøker Leikanger

27

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!