Sjekkliste for statlige virksomheter som vurderer å etablere ... - Deloitte
Sjekkliste for statlige virksomheter som vurderer å etablere ... - Deloitte
Sjekkliste for statlige virksomheter som vurderer å etablere ... - Deloitte
Create successful ePaper yourself
Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.
IIA-standard 1110 stiller krav til at internrevisjonen skal vere organisasjonsmessig

uavhengig 8 . Av IIAs utdjuping av denne standarden om organisasjonsmessig handlefridom går

det fram at det er oppnådd når revisjonssjefen rapporterer funksjonelt til styret og elles har

direkte kommunikasjon og samhandling med styret.

Det øvste leiings-/styringsnivået i eit ordinært forvaltingsorgan er verksemdsleiaren.

Verksemdsleiaren er normalt òg oppdragsgivar for internrevisjonen. Internrevisjonen er

dermed ikkje heilt uavhengig, men står i eit linjeforhold til verksemdsleiaren. Internrevisjonen

vil likevel vere uavhengig frå nivåa under verksemdsleiaren.

Når verksemdsleiaren er oppdragsgivar, kan det innebere ein risiko for at handlefridommen og

objektiviteten til internrevisjonen blir svekt. For å styrkje handlefridommen til

internrevisjonen innanfor desse rammene bør verksemda utarbeide instruksar som tydeleg

definerer kva mandat internrevisjonen har til å gjennomføre uavhengige gjennomgangar. Som

oppdragsgivar for internrevisjonen vil det vere verksemdsleiaren som godkjenner årsplanen

for internrevisjonen. Revisjonsplanen bør baserast på ei overordna risikovurdering og på

drøftingar av risikobiletet mellom verksemdsleiaren og revisjonssjefen. Det bør leggjast stor

vekt på synspunkta til revisjonssjefen. Internrevisjonen må òg ha myndigheit til å kunne

omprioritere oppgåver dersom det er nødvendig ut frå risikoforholda i verksemda.

Det er viktig å understreke overfor organisasjonen at internrevisjonen skal evaluere

internkontrollen til verksemda på vegner av verksemdsleiaren, og at internrevisjonen skal ha

full tilgang til all informasjon som er nødvendig for å vareta kontrollfunksjonen og kunne

utføre oppdraga sine. I tråd med at verksemdsleiaren er oppdragsgivar for internrevisjonen,

skal internrevisjonen rapportere til verksemdsleiaren etter at reviderte einingar har hatt høve til

å uttale seg om resultatet av revisjonen og tilrådingar om tiltak. Dersom internrevisjonen og

den reviderte eininga ikkje blir einige om kva tiltak det er nødvendig å setje i verk, skal det

følgjast opp av verksemdsleiaren.

Det kan òg oppstå usemje mellom verksemdsleiaren og internrevisjon, til dømes om behova

for tiltak for å redusere risikoen på eit område (internrevisjonen meiner at verksemda tek

uforsvarleg høg risiko), eller det kan oppstå situasjonar der internrevisjonens observasjonar av

avvik er knytte til verksemdsleiaren. Internrevisjonen kan då saman med verksemdsleiaren ta

forholdet opp med departementet. Verksemda bør i samband med ei eventuell etablering av

ein internrevisjonsfunksjon fastsetje retningslinjer for korleis slike situasjonar skal handterast.

Det bør òg avklarast om departementet skal få fast rapportering om arbeidet til

internrevisjonen, og korleis det skal skje. Det kan til dømes vere oversending av årsrapporten

til internrevisjonen.

8 IIA-standard 1110 Organisasjonsmessig uavhengighet: ”Revisjonssjefen må rapportere til et nivå i

organisasjonen som gjør det mulig for internrevisjonen å ivareta sitt ansvar. Revisjonssjefen må bekrefte overfor

styret, minst en gang årlig, at internrevisjonen er uavhengig.”

9