30.10.2014 Views

Hospitalet 2009 Nr 4.pdf - Helse Bergen

Hospitalet 2009 Nr 4.pdf - Helse Bergen

Hospitalet 2009 Nr 4.pdf - Helse Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Mitt yrke: Prest

Mitt yrke

Utan kyrkjelyd

Livet på sjukehuset kan vera eit liv brutalt røska bort frå kvardagen. Trugande spørsmål

heng i lufta. Kva skjer med meg no? Overlever eg? For Patrick WohIgemuth og dei andre

sjukehusprestane er dette noko heilt anna enn ei misjonsmark.

Tekst: Silje Midttun

Foto: Ole-Christian Amundsen

Karl vart kvalm og elendig ein torsdag

morgon. Brakk seg heile formiddagen.

Spysjuke, tenkte både han og kona Gunn.

Om ettermiddagen vart han så kvalm og

tumlen at Gunn køyrde han til legevakta.

Krystallsjuke, sa legen. Slikt kunne ta tid,

det hadde dei høyrt. Men det skulle visa

seg at tida heldt på å renna ut for Karl.

Blodpropp

Karl ligg i respirator på Intensivmedisinsk

seksjon ved Haukeland.

Dei siste to døgna har snudd opp ned på

alt. Blålys og sirener fór med han torsdag

kveld. Ein blodpropp midt i hjernestamma

stengte blodtilførsla til hjernen. Det

vart ni timar på operasjonsbordet. Heile

den natta sat Gunn og sonen Tore i korridoren

utanfor. Lamslått av redsel heldt

dei kvarandre i hendene og tviheldt på det

vesle håpet.

Håpet svinn

Dagen etter gjekk dei fram og tilbake mellom

pårøranderommet og Karl. Dottera,

svigersonen, svigerdottera, broren og

foreldra til Karl var der også. Ingen hadde

sove særleg, så dei reiste heim for å kvile

om kvelden.

Når dei kjem tilbake denne laurdag morgonen

har tilstanden forverra seg. Håpet

svinn. Brått stig blodtrykket kraftig. Det er

laurdag ettermiddag. Karl døyr.

Ei ulukke inni kroppen

Han var 57 og heilt frisk. Brått er han død.

Sjukehusprest Patrick Wohlgemuth (40)

kallar det ei alvorleg ulukke inni kroppen.

Hadde ulukka skjedd på motorvegen,

hadde eit kriseapparat stått klart. Det gjer

det ikkje når kroppen krasjar uventa. For

dei som står att er krisa like stor.

– Alt skjedde så fort. Derfor måtte eg sjå

på dette som ei ulykke, ikkje sjukdom, forklarer

Patrick.

Kan ikkje snu ryggen til

I møte med sterke og ubehagelege hendingar

reagerer vi ofte med å snu ryggen

til, vi prøver å ordne opp i det eller vi blir

sinte og går til angrep. Gunn og mange

andre som kjem til sjukehuset, kan ikkje

snu ryggen til og springe, dei kan ikkje

ordne opp i problemet og dei kan ikkje gå

til angrep. Dei opplever sterke inngrep i

livet og må stå i det.

Eksistensielle tema

Når du kjem inn dørene på Haukeland

som pasient eller pårørande, inneber det

nærkontakt med eksistensielle tema. Korleis

vil eg oppleve å vere pasient på sjukehuset?

Kva betyr det som skjer med meg

og mine? Korleis kan eg ta ansvar for mitt

liv vidare? Vil eg overleve? Korleis vil alle

som eg er så glad i takla det om eg døyr?

Ingen eigen agenda

Det er noko heilt anna å vere prest i ein

klinisk kontekst enn i ein kyrkjelyd.

– I kyrkja kan presten sei det han har tenkt

ut på førehand. Det går ikkje her. Mitt arbeid

går ut på å møte livet slik det er akkurat

no, å bekrefte det, gi verdi til det, lytte

til menneske, søke å forstå dei, og være

saman med dei i det dei må stå oppe i

akkurat no, understrekar Patrick.

Prest alltid tigjengeleg

Før i tida gjekk sjukehusprestane rundt

og såg til pasientane for å bringe trøyst og

kyrkja sin bodskap til dei.

– Vi tenker annleis i dag. Vi vil ikkje berre

tilfeldig gå inn til nokon, men vi møter alle

som ønskjer det utifrå kva som er viktig

for dei no, forklarer han.

Haukeland har fire sjukehusprestar. Ein

av dei er alltid tilgjengeleg, dag og natt,

kvardag og helg. Dei kan koma på kort

varsel, utan tilvising og dei kan vere tilstades

i det vonde som skjer.

Ei god stund i det triste

Ja, seier Gunn. Ja, ho vil ha ein samtale

med sjukehuspresten. 53-åringen er ramma

av sitt livs største katastrofe. Det er

ikkje det at ho vil be akkurat no. Det ho

treng er øyrer som kan lytte til alt som boblar

opp i henne. Alle som var der då Karl

døydde sit med. Det er Gunn som snakkar.

Patrick som lyttar og spør. Dei andre

er stille.

Godt å snakke

I dag, berre nokre veker etterpå,

hugsar ikkje Gunn så

mykje av kva som blei sagt,

men ho hugsar kjensla.

9

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!