Hospitalet 2009 Nr 4.pdf - Helse Bergen
Hospitalet 2009 Nr 4.pdf - Helse Bergen
Hospitalet 2009 Nr 4.pdf - Helse Bergen
Create successful ePaper yourself
Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.
Tekst: Anette Hellstrøm

Foto: Ole-Christian Amundsen

Travle føter senkar tempoet og høge

stemmer dempar seg i det dei kvitkledde

får auge på den oransje flammen i

resepsjonen. Dei tonar ned kvardagen for

å vise respekt for den som ligg i senga, og

familien som skal ta avskjed.

– Vi ønskjer å synleggjere at dette er eit

dødsfall, og at vi av omsyn til den døde

og dei etterlatne ønskjer ro og verdigheit

rundt den siste tida på avdelinga,

forklarar spesialsjukepleiar Marianne

Sætrang Holm. Ho er engasjert i MIO

si ressursgruppe for palliativ omsorg.

Gruppa har fokus på å kvaliteten rundt

pleie og omsorg av pasienten og dei

pårørande i tida før og etter dødsfall.

Medan musikken spelar i bakgrunnen passar Torbjørg Bjørnraa Høidal på at blomane

held seg til syninga. Kvar dag dør det i underkant av tre personar på Haukeland.

Eit verdig punktum

Det dør mellom 100 til 150 pasientar på

MIO kvart år. Avdelinga, som behandlar

indremedisinske intensivpasientar og

hjerteovervakingspasientar, har både

pasientar som brått går bort i tillegg til dei

som ligg over lengre tid. Her inne er ikkje

menneske udødeleg. Ofte er det berre

veggane mellom romma som skil liv og

død. I slike tilfelle er det naturleg å spørje

på kva måte helsepersonell kan vere med

på å sette eit verdig punktum for den

døde og dei etterlatne?

– For dei pårørande kan denne tida

vere full av blanda kjensler, særleg når

dødsfallet skjer brått og uventa. Vi

må leggje til rette for at pasienten sin

verdigheit blir oppretthaldt, og om muleg

at dei etterlatne sin sorgprosess vert

lettare, understrekar Sætrang Holm.

Pårørande som deltek

Dei kvite veggane går i eitt med lakenet

som om litt skal pakkast rundt kroppen

i senga. Musklane kjemper ikkje lenger,

auga er tomme og ansiktstrekka er glatta

ut. Alle dei medisinske apparata som

tidligare var kopla til, er slått av og er

ikkje lengre framtredande i rommet. I det

kroppsvarmen sløkkjer veit sjukepleiarane

at stivleiken er på veg. Det er derfor viktig

å ikkje vente for lenge med å kle om den

døde.

Dei er alltid to under det siste stell. I dag

er det Torbjørg Bjørnaraa Høidal som er

med Marianne S. Holm på vakt. Erfarne

armar svingar stellefrakken rundt kroppen.

Viss dei etterlatne ønskjer det kan sjukepleiarane

plassere ein blome i hendene

på den døde til syninga.

4