Hospitalet 2009 Nr 4.pdf - Helse Bergen
Hospitalet 2009 Nr 4.pdf - Helse Bergen
Hospitalet 2009 Nr 4.pdf - Helse Bergen
Create successful ePaper yourself
Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.
AKTUELL

Navn: Per Espen Akselsen

Alder: 53

Sivil status: Gift, 2 barn

Aktuell: Overlege ved Senter for

smittevern under den første pandemiske

influensaen på fleire tiår.

Tekst: Anette Hellstrøm

Foto: Ole-Christian Amundsen

Vaksinedoktoren

Har du sjølv hatt svineinfluensa?

– Nei, det har eg ikkje. Eg vart vaksinert

på eit tidleg tidspunkt, og har difor sloppe

unna. Heller ingen i min nærmaste

omgangskrets heime eller på jobb har

vore sjuke.

Har familien din vore skeptisk til

vaksinen?

– Heime var nok sonen min på 9 år

mest skeptisk til å ta vaksinen i byrjinga.

Han var redd det skulle gjere vondt. No

derimot er alle vaksinert. Dei har hatt god

tillit til pappaen sin, så det har ikkje vore

så mykje diskusjon rundt middagsbordet

om dei skal vaksinere seg eller ikkje.

Opplevde du biverknadar av vaksinen?

– Eg fekk ein vond arm i to-tre dagar, men

det var ikkje verre enn at eg ikkje orka å

ligge på den medan eg søv. Det er viktig

at alle som opplever biverknader, sender

inn biverknadskjemaet. Dette gjeld og

dei som ikkje opplever biverknader. Så

langt har vi fått inn over 500 skjema

frå sjukehustilsette, og når desse vert

analysert vil vi sitte på meir kunnskap

om vaksinen.

Korleis har dei siste månadene som

smittevernoverlege vore?

– Denne perioden har mildt sagt vore

hektisk! Det har vore mykje å ta stilling

til undervegs både på overordna nivå,

med beredskapsplanlegging, intern og

ekstern kommunikasjon og ikkje minst

telefonar frå media. På det meste har

eg mottatt 50 e-postar (!) dagleg med

direkte spørsmål om svineinfluensa eller

vaksinen.

Smittevernoverlege i Bergen kommune,

Søbstad, spelar jazz når han skal slappe

av, kva gjer du?

– Hehe, eg tar turen til hytta i Hardanger

– gjerne saman med familien. Der finn eg

roen, og klarer å legge vekk andre ting.

Kva overraskar deg mest med

pandemien?

– Det er å sjå kor fort opinionen har snudd.

Eg husker ei meiningsmåling som kom

for nokre månader sida kor ein av fem

sa at dei ikkje ville vaksinere seg, men då

vaksinen endeleg kom ville plutseleg alle

ha den. Eg trur fleire ville vore motivert

for å ta vaksinen på eit tidlegare tidspunkt

viss helsemyndigheitene hadde vore

snarare ute med informasjon.

Korleis synes du vaksineringa av

sjukehustilsette har fungert?

– Det har fungert over all forventning.

Haukeland har valt å desentralisere

vaksineringsprosessen ved å la ulike

avdelingar gjere jobben sjølv. Vi har

passa på at dei har fått tilstrekkeleg med

informasjon, og så fort vaksinane har

kome på plass har avdelingane utført

jobben på ein utmerka måte. Vi har

hatt som mål å vaksinere flest mogleg

på kortast mogleg tid, og hittil regner vi

med at cirka 7500 tilsette er vaksinert.

Vanlegvis brukar mellom 15 og 20

prosent av dei tilsette å vaksinere seg

mot sesonginfluensa, så oppslutninga

mot vaksinering av svineinfluensa er vi

særs nøgd med!

23