30.10.2014 Views

Hospitalet 2009 Nr 4.pdf - Helse Bergen

Hospitalet 2009 Nr 4.pdf - Helse Bergen

Hospitalet 2009 Nr 4.pdf - Helse Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Etikk

Etikk i svineinfluensaens tid

Det er uhyre krevjande

å kommunisere korrekt

kunnskap og informere

om tiltak på ein måte som

skapar tillit hos folk.

Berre få år etter potensiell spreiing av

fugleinfluensa, kom vi relativt raskt i ein

ny pandemiliknande situasjon, og dei

som har fått ansvar for å handtere dette

står midt oppi vanskelege faglege og

kommunikasjonsmessige avvegingar:

Korleis vil viruset/sjukdomen utvikle

seg, kan vi få laga vaksiner raskt nok

når det er mogeleg å utvikle verksam

vaksine, omfang av vaksinering, prioritet,

organisering, informasjon til rett tid og

adekvat kommunikasjon.

Helsestyresmaktene handterer dette i

nær kontakt med WHO og representerer

dermed det fremste av ekspertise. Det

burde seie seg sjølv at det er uhyre

krevjande å kommunisere korrekt

kunnskap og informere om tiltak på

ein måte som skapar tillit hos folk. Men

det er viktig at ein lukkast med dette slik

at vi oppfører oss rasjonelt og såleis

medverkar til at influensaen får mindre

omfang, og at samfunns- og arbeidsliv

ikkje stoppar opp.

Dette har også ei etisk side som

ikkje minst helsepersonell og andre

som arbeider med helserelaterte

problemstillingar må vere bevisst på.

Sidan dei første og nokså dramatiske

meldingane om svineinfluensaen kom,

har representantar for dei offentlege

helsestyresmaktene måtta konkurrere

med mange andre som også påropar

seg kunnskap og kompetanse.

Eksempel: Denne type influensa har

Kjellbjørg Lunde er

utdanningsdirektør i Hordaland og

medlem av Klinisk etikk-komité.

blitt bagatellisert, det har blitt åtvara

mot vaksinering, fått råd om å isolere

seg, det har blitt stilt spørsmålsteikn om

risikogruppevurderingar.

Media er som vanleg mest opptekne av

motsetningar og mogeleg konflikt, og vil

gjerne marknadsføre dei mest slåande

utsegner og alternative synspunkt. Har

du aldri vaksinert deg for noko som helst

og for eksempel underviser framtidige

helsearbeidarar er du garantert to sider

i vår regionavis. Ikkje rart at vanlege folk

blir forvirra og i villreie om kva som er

klokast å gjere.

Helsepersonell og fagfolk innan

helseområdet har eit spesielt ansvar for å

tenkje gjennom og oppføre seg i samsvar

med god etisk praksis når dei er freista til

å ri sine kjepphestar eller bidra til fagleg

diskusjon om det aktuelle emnet.

Kva er kunnskapsgrunnlaget, kva seier

lover, forskrifter eller retningslinjene,

kven er partane som er involverte, kva er

risikoen og nytten for dei, kva interesser

står på spel og kva prinsipp og verdiar

står i konflikt? Dersom ein tek seg tid til

å reflektere over dette, kunne ein kanskje

velje anna tid eller anna fora for den

faglege meiningsutvekslinga?

Kanskje er det for mykje å vente at

media også tek samfunnsansvar når

vi alle står midt oppi ei helseutfordring

som vi ennå ikkje veit sikkert omfang og

konsekvensen av?

Men det hadde nok hjelpt slik at vi alle

kjem mest mogeleg heilskinna gjennom

denne pandemien.

11

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!