28.10.2014 Views

Innstilling til ny rettskriving for det nynorske skriftmålet - Språkrådet

Innstilling til ny rettskriving for det nynorske skriftmålet - Språkrådet

Innstilling til ny rettskriving for det nynorske skriftmålet - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Det varierer mykje kva for lyd- og ordgrupper som har palatal uttale. Uttalen bikkje er

einerådande, og ikkje er vanleg mange stader der dei elles har lite palatal uttale framfor

trykklett -e i utlyd. Ord med konsonantsambanda lg og rg held betre på den palatale

uttalen enn dei fleste andre samband (bølgje, følgje, svelgje og sørgje).

Palatal uttale blir stadig mindre vanleg i talemåla. 2002-innstillinga forklarer denne

utviklinga slik:

Gjennom 1900-talet har bruken av palatallyd framfor endingsvokal minka svært mykje, og

ei årsak har truleg vore at eit skifte mellom palatal og ikkje-palatal uttale i same ordet gjev

ein meir innvikla grammatikk som er vanskeleg å halda oppe i lite stabile samfunn. Det

viser seg i tendensar til å halda på palataluttale lenger i ordgrupper som har denne uttalen

i alle eller fleire bøyingsformer (bryggje-typen), enn i ordgrupper med palatal i berre éi

bøyingsform (f.eks. marka). (2002-innstillinga, s. 51)

Vurdering

Fleire søk i verb som kan ha j etter k og g framfor endestaving, kunne sikkert gi

interessante resultat, men me kan iallfall slå fast at formene utan j står minst like sterkt

som formene med j, og at dei truleg står sterkare i enkelte verb enn i andre. Dei j-lause

formene ser ut til å vera dei som aukar i bruk i skrift.

Nemnda meiner det er rimeleg å halda fast ved prinsippet om at dei verba og

substantiva som i dag kan ha valfri j etter k og g framfor endestaving, framleis skal ha

det.

2.3.2 Verbalsubstantiv med stamme som endar på g eller k

Status i dag

Når ein dannar verbalsubstantiv av verb med palatal skrivemåte -gja eller -kja, fell j bort

framfor -ing, etter regelen om at j fell bort framfor i og y, og at g eller k framfor i kan

uttalast palatalt. Døme: legging, tenking.

Framlegg til ny rettskriving

Verbalsubstantiv som er avleidde av stammar som endar på g eller k (t.d. bygging,

tenking), skal framleis skrivast utan j framfor -ing.

Normhistorikk

Aasen skreiv j framfor -ing i verbalsubstantiv der stammen enda på g eller k, jf. oversikta

under punkt 2.3.1.

64

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!