Innstilling til ny rettskriving for det nynorske skriftmålet - Språkrådet

Innstilling til ny rettskriving for det nynorske skriftmålet - Språkrådet Innstilling til ny rettskriving for det nynorske skriftmålet - Språkrådet

sprakradet.no
from sprakradet.no More from this publisher
28.10.2014 Views

Aasen tok i stor grad med stumme konsonantar for å visa etymologien til orda, t.d. Mod, bøygja og Bøygning. Aasen skreiv Fatl og fatla, men hadde til dels med former med både tl og sl: Hasl og Hatl, pusla og putla. Skriftspråkleg tradisjon og praksis Både bokmål og nynorsk har mange «stumme konsonantar», dvs. konsonantar som ikkje blir uttala – til dømes d og t i utlyd (stod, det). Slike stumme konsonantar vart tekne med i rettskrivinga for å visa etymologien til ordet, og eldre nynorsk hadde endå fleire stumme konsonantar enn dagens nynorsk. Dei stumme konsonantane har utvikla seg ulikt: Nokre av dei kjennest i dag framande fordi me sjeldan ser dei i skrift, og fordi me er påverka av skriftbiletet i bokmål. Det gjeld til dømes den stumme d-en i mod i tydinga ’huglag’, der dei fleste i dag vil velja forma mot. Andre stumme konsonantar blir i dag uttala, truleg etter påverknad frå skriftbiletet, og då skriv ein dei gjerne òg. Det gjeld til dømes speida og speidar, som i eldre nynorsk vart skrivne utan d, men som har vore skrivne med d i bokmål heile tida. Formene ovanfor med stum g er dei tradisjonelle, mens dei fleste skribentar i dag sløyfar g-en. I eldre nynorsk var tl vanleg skrivemåte i ord som fatle, mens forma sl er den vanlegaste i dag, sjølv om dei i mange tilfelle er jamstilte. I nokre tilfelle har formene fått litt ulik tyding, jf. under talemålsgrunnlag. Talemålsgrunnlag Den tradisjonelle uttalen i vestnorsk har vore tl: /fatle/, medan austnorsk har hatt sl: /fasle/. Uttalen med sl er i ferd med å spreia seg, etter mønster frå skriftmål og bymål. I dialektar der forma med tl er den vanlege, har forma med sl stundom kome inn med ei litt anna tyding. Eit døme på det er tusla og tutla. Vurdering Fleire av formene det her er tale om, synest alderdommelege i dag. Det gjeld til dømes speiar, flit (og husflit) og slut (nedbør). Når det gjeld dei nemnde orda med stum konsonant som blir skriven, varierer det frå ord til ord om det er forma med eller utan konsonant som blir brukt. Nemnda har vurdert bruken ut frå nynorskkorpuset. 60

Dei fleste formene med sl og tl har god utbreiing, men formene med sl er dei vanlegaste i dag. Det er rimeleg å ta bort former som er lite brukte, som firføsle og firføtle, men la to former stå der det er tvil om kva for form som står sterkast. 2.3 Former med og utan j etter g og k 2.3.1 J-en er valfri i dagens rettskriving Status i dag Verb og svake hokjønnsord med stammeutgang på g eller k har i dag forma med j som hovudform og forma utan j som klammeform. Det gjeld desse verba og substantiva: Verb: bleggja, brengja, bryggja, byggja, deggja, dengja, dyngja, eggja, flengja, glyggja, hengja, hyggja, klengja, klyngja, kneggja, leggja, lengja, liggja, mengja, nyggja, ringja, ryggja, sengja, skjeggja, skyggja, sleggja, slengja, sprengja, stengja, strengja, styggja, svengja, trengja, tryggja, tyggja, (v)rengja benkja, bleikja, blekkja, blenkja, brikja, bøkja, bøykja, dekkja, eikja, enkja, flekkja, flikja, føykja, hykja, kikja, klekkja, klykkja, kløkkja, knekkja, krenkja, krøkja, kveikja, kvekkja, lekkja, lenkja, likjast, mykja, møykja, nykkja, rekkja, rikja, rykkja, røykja, skjekkja, skjenkja, skrykkja, skrækja, sleikja, slikja, sløkkja, smeikja, snikja, spekja, sprekkja, sprikja, spækja, spøkja, steikja, stekkja, strekkja, stykkja, støkkja, svekkja, søkja, søkkja, tekkja, tenkja, trekkja, trykkja, tykkja, veikja, vekkja, vikja Svake hokjønnsord: brengje, bryggje, dengje, fengje, flengje, hengje, hyggje, klengje, klyngje, lengje, ringje, sleggje, slengje, slyngje, vengje, tyggje, (v)rengje drykkje, enkje, krykkje (stav), lykkje, rekkje, skjøkje, skrikje, sløkje I dei fleste av desse tilfella er forma utan -j- klammeform, men i nokre få tilfelle er det tale om jamstilte hovudformer, som t.d. i: enkja/enka v. (jamra), ryggja/rygga v. Krykkje i tydinga ’fugleart’ er eineform. Framlegg til ny rettskriving: Det skal vera valfridom mellom skrivemåtane gj og kj på den eine sida og g og k på den andre sida, i ord som i dag har former med gj eller kj som hovudform, og former utan j som klammeform. 61

Aasen tok i stor grad med stumme konsonantar for å visa etymologien til orda,

t.d. Mod, bøygja og Bøygning.

Aasen skreiv Fatl og fatla, men hadde til dels med former med både tl og sl: Hasl

og Hatl, pusla og putla.

Skriftspråkleg tradisjon og praksis

Både bokmål og nynorsk har mange «stumme konsonantar», dvs. konsonantar som ikkje

blir uttala – til dømes d og t i utlyd (stod, det). Slike stumme konsonantar vart tekne med

i rettskrivinga for å visa etymologien til ordet, og eldre nynorsk hadde endå fleire

stumme konsonantar enn dagens nynorsk.

Dei stumme konsonantane har utvikla seg ulikt: Nokre av dei kjennest i dag framande

fordi me sjeldan ser dei i skrift, og fordi me er påverka av skriftbiletet i bokmål. Det gjeld

til dømes den stumme d-en i mod i tydinga ’huglag’, der dei fleste i dag vil velja forma

mot. Andre stumme konsonantar blir i dag uttala, truleg etter påverknad frå skriftbiletet,

og då skriv ein dei gjerne òg. Det gjeld til dømes speida og speidar, som i eldre nynorsk

vart skrivne utan d, men som har vore skrivne med d i bokmål heile tida.

Formene ovanfor med stum g er dei tradisjonelle, mens dei fleste skribentar i dag sløyfar

g-en.

I eldre nynorsk var tl vanleg skrivemåte i ord som fatle, mens forma sl er den vanlegaste

i dag, sjølv om dei i mange tilfelle er jamstilte. I nokre tilfelle har formene fått litt ulik

tyding, jf. under talemålsgrunnlag.

Talemålsgrunnlag

Den tradisjonelle uttalen i vestnorsk har vore tl: /fatle/, medan austnorsk har hatt sl:

/fasle/. Uttalen med sl er i ferd med å spreia seg, etter mønster frå skriftmål og bymål. I

dialektar der forma med tl er den vanlege, har forma med sl stundom kome inn med ei

litt anna tyding. Eit døme på det er tusla og tutla.

Vurdering

Fleire av formene det her er tale om, synest alderdommelege i dag. Det gjeld til dømes

speiar, flit (og husflit) og slut (nedbør).

Når det gjeld dei nemnde orda med stum konsonant som blir skriven, varierer det frå

ord til ord om det er forma med eller utan konsonant som blir brukt. Nemnda har

vurdert bruken ut frå nynorskkorpuset.

60

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!