28.10.2014 Views

Innstilling til ny rettskriving for det nynorske skriftmålet - Språkrådet

Innstilling til ny rettskriving for det nynorske skriftmålet - Språkrådet

Innstilling til ny rettskriving for det nynorske skriftmålet - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Grunnen til at me treng ei fastsett skriftnorm, er at det lettar lesinga mykje om ein møter

eit nokolunde fast skrivemønster. Dei fleste opplever at det å lesa dialekt er tyngre enn å

lesa normert skriftmål – jamvel om det er deira eigen dialekt. Fordelen med det tilvande

skriftbiletet er altså eit argument for normering, og for ei nokolunde stabil norm.

Det er ikkje alle som treng retta seg etter dei offisielle, fastsette skriftnormene for

bokmål og nynorsk. I dag ser me at mange skriv på dialekt eller har dialektinnslag når

dei bloggar, skriv tekstmeldingar eller bruker skriftspråket i andre private

samanhengar. Mange skjønnlitterære forfattarar som stort sett følgjer norma, bruker

enkelte ord eller former utanfor norma som personleg uttrykk eller språklege

verkemiddel. Her i landet er det fyrst og fremst det offentlege og skuleverket som må

retta seg etter den offisielle skriftnorma. Rettskrivingsendringa får såleis størst

konsekvensar for denne delen av den nynorske tekstproduksjonen og -formidlinga.

Rettskrivingsnemnda vonar likevel at norma blir ei rettesnor og ei hjelp for andre som

ønskjer å skriva korrekt nynorsk. Brukarane er svært viktige i den vidare

«vegbygginga». Derfor har rettskrivingsnemnda tenkt mykje på korleis me skal få til ei

norm som det er mogleg å setja ut i livet, og som det er lett å bruka. Målet har vore å laga

ei norm for framtida, det vil seia ei norm som unge i dag kan kjenna seg heime i og bruka

i alle samanhengar.

1.3.2 Korleis blir ei norm til?

Dei fleste språksamfunn har ein instans som tek seg av normeringsarbeidet. I Noreg er

det staten som tek ansvaret for den offisielle normeringspolitikken, gjennom vedtak i

Språkrådet og godkjenning i Kulturdepartementet. I enkelte andre land ligg dette

ansvaret hjå eit akademisk oppnemnt råd. Den norske tospråkssituasjonen med to

offisielle målformer som ligg såpass nær kvarandre, er spesiell, og er noko av grunnen til

at normeringspolitikk er ei politisk sak her i landet.

Den offisielle norma er likevel ikkje den einaste norma i samfunnet (jf. ovanfor). Ei norm

som den me legg fram her, er ei fastsett norm som språkbrukarar i skuleverket og det

offentlege må retta seg etter. Andre som skriv mykje, til dømes journalistar og

forfattarar, vel ofte å følgja den fastsette norma, men dei har ikkje pålegg om å bruka

henne.

I tillegg til å læra den offisielle norma blir språkbrukarane påverka av samfunnet rundt

seg. Som skuleelevar blir me retta av lærarar og oppfattar deira syn på kva former som

bør brukast. Som vaksne les me aviser og ser kva slags språk som blir brukt der, og

kanskje har arbeidsplassen ei husnorm for kva som kan brukast der. Som sosiale individ

blir me påverka av normdanninga rundt oss, anten me vil eller ikkje. Me utviklar eit sett

med internaliserte normer som fører til at me vel å bruka visse former framfor andre. Til

dømes har mange skuleelevar late vera å bruka klammeformer som finst i dagens

rettskriving, fordi dei har opplevd at ikkje alle som evaluerer tekstane deira, kjenner

27

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!