Innstilling til ny rettskriving for det nynorske skriftmålet - Språkrådet

Innstilling til ny rettskriving for det nynorske skriftmålet - Språkrådet Innstilling til ny rettskriving for det nynorske skriftmålet - Språkrådet

sprakradet.no
from sprakradet.no More from this publisher
28.10.2014 Views

jamstilte former: me el. vi, og -de el. -te i e-verb med stammeutlyd på -r: førde/førte. Ubøygde former i perfektum partisipp ([han/dei er kjent]) vart klammeformer der samsvarsbøying hadde vore eineform tidlegare (han er kjend – dei er kjende). I seinare år har det utkrystallisert seg ein midtlinjenynorsk som ligg om lag der læreboknormalen er. Stadig fleire har teke til orde for at den store valfridommen i nynorsken skaper forvirring blant dei som skal læra nynorsk, og at den offisielle norma bør strammast inn. 1996–2002 I 2002 vedtok Stortinget at tilnærmingslinja i normeringa ikkje lenger er gjeldande politikk, og oppheva samtidig tilnærmingsparagrafen i lov om Norsk språkråd (§ 1 b). I praksis vart tilnærmingslinja meir eller mindre avslutta då Norsk språkråd vart oppretta. I 1981 gjekk bokmålet eit klart steg i konservativ lei, og seinare nynorskvedtak har vore grunngitt ut frå dialektgrunnlag og skrifttradisjonen i nynorsk. Normeringsarbeidet frå 1996 til i dag er det elles gjort nærare greie for i punkt 1.1. 1.3 Normomgrepet 1.3.1 Kven lagar me norma for? Ei norm kan definerast som eit mønster eller ei rettesnor for kva som er godkjend eller ikkje godkjend åtferd. Normer finst på alle livsområde. Nokre av desse er me medvitne om og er slikt som me har lært gjennom oppveksten, men normer kan også vera meir eller mindre vage førestellingar om kva for åtferd andre ventar av oss. Språknormer er normer som både gjeld kva som blir rekna som grammatisk rett og feil innanfor eit språksystem (grammatiske normer), og normer for kva for språkformer som høver seg i ulike kontekstar (bruksnormer) (jf. Vikør 2007). Språknormer er slik eit sett av grammatiske og bruksrelaterte normer som til saman utgjer ei rettesnor for korleis folk skal skriva eller snakka. Nokre av desse normene er fastsette (eller offisielle), mens andre er internaliserte (eller operative). Begge desse normtypane omfattar alle i nivå i språkbygnaden, men dei fastsette er slike som gjerne er nedfelte i grammatikkar og ordbøker, og som dermed normalt blir vurderte etter dimensjonen rett–feil. Dei internaliserte språknormene er derimot meir flytande, er oftast ubevisst innlærte, og vurderinga av dei er også meir flytande. Det kan til dømes vera subjektivt funderte vurderingar av kva som er godt og dårleg, fint eller stygt språk. Her i landet har ikkje offisiell talemålsnormering vore særleg aktuelt anna enn i NRK og ved teatera. Når me talar om ei fastsett språknorm, tenkjer me derfor helst på skriftnormer. 26

Grunnen til at me treng ei fastsett skriftnorm, er at det lettar lesinga mykje om ein møter eit nokolunde fast skrivemønster. Dei fleste opplever at det å lesa dialekt er tyngre enn å lesa normert skriftmål – jamvel om det er deira eigen dialekt. Fordelen med det tilvande skriftbiletet er altså eit argument for normering, og for ei nokolunde stabil norm. Det er ikkje alle som treng retta seg etter dei offisielle, fastsette skriftnormene for bokmål og nynorsk. I dag ser me at mange skriv på dialekt eller har dialektinnslag når dei bloggar, skriv tekstmeldingar eller bruker skriftspråket i andre private samanhengar. Mange skjønnlitterære forfattarar som stort sett følgjer norma, bruker enkelte ord eller former utanfor norma som personleg uttrykk eller språklege verkemiddel. Her i landet er det fyrst og fremst det offentlege og skuleverket som må retta seg etter den offisielle skriftnorma. Rettskrivingsendringa får såleis størst konsekvensar for denne delen av den nynorske tekstproduksjonen og -formidlinga. Rettskrivingsnemnda vonar likevel at norma blir ei rettesnor og ei hjelp for andre som ønskjer å skriva korrekt nynorsk. Brukarane er svært viktige i den vidare «vegbygginga». Derfor har rettskrivingsnemnda tenkt mykje på korleis me skal få til ei norm som det er mogleg å setja ut i livet, og som det er lett å bruka. Målet har vore å laga ei norm for framtida, det vil seia ei norm som unge i dag kan kjenna seg heime i og bruka i alle samanhengar. 1.3.2 Korleis blir ei norm til? Dei fleste språksamfunn har ein instans som tek seg av normeringsarbeidet. I Noreg er det staten som tek ansvaret for den offisielle normeringspolitikken, gjennom vedtak i Språkrådet og godkjenning i Kulturdepartementet. I enkelte andre land ligg dette ansvaret hjå eit akademisk oppnemnt råd. Den norske tospråkssituasjonen med to offisielle målformer som ligg såpass nær kvarandre, er spesiell, og er noko av grunnen til at normeringspolitikk er ei politisk sak her i landet. Den offisielle norma er likevel ikkje den einaste norma i samfunnet (jf. ovanfor). Ei norm som den me legg fram her, er ei fastsett norm som språkbrukarar i skuleverket og det offentlege må retta seg etter. Andre som skriv mykje, til dømes journalistar og forfattarar, vel ofte å følgja den fastsette norma, men dei har ikkje pålegg om å bruka henne. I tillegg til å læra den offisielle norma blir språkbrukarane påverka av samfunnet rundt seg. Som skuleelevar blir me retta av lærarar og oppfattar deira syn på kva former som bør brukast. Som vaksne les me aviser og ser kva slags språk som blir brukt der, og kanskje har arbeidsplassen ei husnorm for kva som kan brukast der. Som sosiale individ blir me påverka av normdanninga rundt oss, anten me vil eller ikkje. Me utviklar eit sett med internaliserte normer som fører til at me vel å bruka visse former framfor andre. Til dømes har mange skuleelevar late vera å bruka klammeformer som finst i dagens rettskriving, fordi dei har opplevd at ikkje alle som evaluerer tekstane deira, kjenner 27

jamstilte former: me el. vi, og -de el. -te i e-verb med stammeutlyd på -r: førde/førte.

Ubøygde former i perfektum partisipp ([han/dei er kjent]) vart klammeformer der

samsvarsbøying hadde vore eineform tidlegare (han er kjend – dei er kjende).

I seinare år har det utkrystallisert seg ein midtlinjenynorsk som ligg om lag der

læreboknormalen er. Stadig fleire har teke til orde for at den store valfridommen i

nynorsken skaper forvirring blant dei som skal læra nynorsk, og at den offisielle norma

bør strammast inn.

1996–2002

I 2002 vedtok Stortinget at tilnærmingslinja i normeringa ikkje lenger er gjeldande

politikk, og oppheva samtidig tilnærmingsparagrafen i lov om Norsk språkråd (§ 1 b). I

praksis vart tilnærmingslinja meir eller mindre avslutta då Norsk språkråd vart

oppretta. I 1981 gjekk bokmålet eit klart steg i konservativ lei, og seinare nynorskvedtak

har vore grunngitt ut frå dialektgrunnlag og skrifttradisjonen i nynorsk.

Normeringsarbeidet frå 1996 til i dag er det elles gjort nærare greie for i punkt 1.1.

1.3 Normomgrepet

1.3.1 Kven lagar me norma for?

Ei norm kan definerast som eit mønster eller ei rettesnor for kva som er godkjend eller

ikkje godkjend åtferd. Normer finst på alle livsområde. Nokre av desse er me medvitne

om og er slikt som me har lært gjennom oppveksten, men normer kan også vera meir

eller mindre vage førestellingar om kva for åtferd andre ventar av oss. Språknormer er

normer som både gjeld kva som blir rekna som grammatisk rett og feil innanfor eit

språksystem (grammatiske normer), og normer for kva for språkformer som høver seg i

ulike kontekstar (bruksnormer) (jf. Vikør 2007). Språknormer er slik eit sett av

grammatiske og bruksrelaterte normer som til saman utgjer ei rettesnor for korleis folk

skal skriva eller snakka.

Nokre av desse normene er fastsette (eller offisielle), mens andre er internaliserte (eller

operative). Begge desse normtypane omfattar alle i nivå i språkbygnaden, men dei

fastsette er slike som gjerne er nedfelte i grammatikkar og ordbøker, og som dermed

normalt blir vurderte etter dimensjonen rett–feil. Dei internaliserte språknormene er

derimot meir flytande, er oftast ubevisst innlærte, og vurderinga av dei er også meir

flytande. Det kan til dømes vera subjektivt funderte vurderingar av kva som er godt og

dårleg, fint eller stygt språk. Her i landet har ikkje offisiell talemålsnormering vore

særleg aktuelt anna enn i NRK og ved teatera. Når me talar om ei fastsett språknorm,

tenkjer me derfor helst på skriftnormer.

26

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!