Innstilling til ny rettskriving for det nynorske skriftmålet - Språkrådet

Innstilling til ny rettskriving for det nynorske skriftmålet - Språkrådet Innstilling til ny rettskriving for det nynorske skriftmålet - Språkrådet

sprakradet.no
from sprakradet.no More from this publisher
28.10.2014 Views

1901–1917 På 1890-talet vart det sett ned ei nemnd som skulle førebu ei ny og offisiell rettskriving for landsmålet. Nemnda delte seg i eit fleirtal (Rasmus Flo og Arne Garborg) som ville innføra midlandsnormalen, og eit mindretal (Marius Hægstad) som ville byggja på Aasen-normalen, med nokre forenklingar. Departementet vedtok at Hægstad-normalen skulle vera hovudform i skulen, men at midlandsnormalen skulle vera tillaten som sideform for elevar. Med vedtaket i 1901 hadde landsmålet for fyrste gong fått ei offisiell norm. I store drag følgde ho Aasens norm, men den stumme t-en vart fjerna frå inkjekjønnsforma i partisipp av sterke verb (teket > teke) og adjektiv på -en (opet > ope), og fortidsbøyinga av a-verb vart forenkla. I 1910 vart det innført nokre valfrie sideformer i Hægstad-normalen. Til dømes slapp dei r-lause formene i bunden form fleirtal hankjønn og hokjønn inn i normalen (gutarne eller gutane, gjentorne eller gjentone), og ubunden form av svake hokjønnsord fekk -e ved sida av den tradisjonelle forma -a (ei visa eller ei vise). 1917–1938 1917-rettskrivinga var den fyrste rettskrivinga som omfatta begge målformene. Der vart det gjort eit knippe endringar som skulle vera obligatoriske i begge målformer. I tillegg vart det vedteke ein del «valfrie former» for kvar av dei to målformene. Tanken var, som i 1901, at ein anten følgde den tradisjonelle normalen eller den valfrie. Men det er uklart om det vart praktisert slik. I ordlistene er dei to normalane integrerte i éi liste, der dei «valfrie formene» står i klammer. Den viktigaste obligatoriske endringa var at den stumme r-en i fleirtal av substantiv vart fjerna slik at ein gjekk frå -rne til -ne (båtane, bygdene). Svake hokjønnsord kunne få endinga -e (ei visa el. ei vise) (også tillate i 1910). I tillegg vart stum d sløyfa i ein del ord for å skapa samsvar med riksmål (brei, li, hei). Dei valfrie endringane omfatta innføringa av -a i sterke hokjønnsord bunde eintal og i inkjekjønnsord bunde fleirtal ved sida av den tradisjonelle forma -i (sola el. soli, husa el. husi), -e ved sida av -o i fleirtal av svake hokjønnsord (viser – visene el. visor – visone), e-infinitiv vart godteke i tillegg til a- infinitiv. Desse formene slo raskt gjennom, både i skulekrinsane og blant mange forfattarar, og reforma vekte ikkje særleg motstand i målrørsla. Med 1917-rettskrivinga hadde det vorte mange valfrie former både i landsmålet og i riksmålet, og mange språkfolk var uroa for at landsmålet kunne falla frå kvarandre. I 1929 vart namna på målformene endra frå landsmål og riksmål til nynorsk og bokmål. 24

1938–1959 I 1934 føreslo Venstre og Arbeidarpartiet at det skulle setjast ned ei ny rettskrivingsnemnd. Ho vart oppnemnd av Kyrkje- og undervisningsdepartementet, med statsråd Knut Liestøl som leiar. I mandatet stod det at nemnda skulle koma med framlegg om «ei tilnærming på norsk folkemålsgrunn millom dei to måli», og at ho skulle redusera talet på dobbelformer. Dette lét seg ikkje sameina, og løysinga vart å innføra klammeformsystemet: hovudformer til bruk i lærebøker, og klammeformer, som var tillatne for elevane. Viktige endringar var at a-endingar vart hovudformer i bunden form eintal av sterke hokjønnsord og fleirtal av inkjekjønnsord, med -i som klammeform: sola [soli] og husa [husi]. Svake hokjønnssubstantiv fekk fleirtal -e med klammeform -o: viser [visor], visene [visone]. Kløyvd infinitiv og a-infinitiv vart jamstilte hovudformer, mens e-infinitiv vart klammeform. Inkjekjønnsforma av partisipp av sterke verb vart -i, med -e som klammeform: funni [funne]. I 1952 vart Norsk språknemnd skipa. Formålet til det nye organet var «å arbeida for tilnærming mellom målformene på norsk folkemåls grunn». Den fyrste store oppgåva til nemnda var å justera 1938-rettskrivinga og laga ein ny læreboknormal for begge målformene. 1959–1996 I 1959 kom den siste offisielle rettskrivingsnormalen for nynorsk til no. Bakgrunnen var den store misnøya med 1938-rettskrivinga både blant nynorsk- og bokmålsfolk. Med «Læreboknormalen av 1959», som i realiteten var ein revisjon av heile rettskrivinga, tok nynorsken eit nytt steg i retning tilnærming, mens bokmålet vart ståande om lag på same stad som i 1938. I tillegg vart valfridommen større innanfor nynorskrettskrivinga. Den kløyvde infinitiven vart til dømes gjord til klammeform, mens e-infinitiv vart jamstilt hovudform. Dei største endringane kom likevel i ei rekkje sentrale enkeltord. Former med dobbel m vart hovudform i mange ord (gammal, sommar), og ø-en vart hovudform i ei rekkje ord med valfritt -y- eller -ø- (følgje, sølv), men dette vart ikkje gjort konsekvent. Noregs Mållag godtok den nye norma, og gjekk inn for å få slutt på den interne rettskrivingsstriden. I 1972 vart Norsk språknemnd avløyst av Norsk språkråd. Tilnærmingsparagrafen var no kraftig svekt, og rådet skulle «støtte opp om utviklingstendenser som fører målformene nærmere sammen». I 1970-åra stod talemålslinja sterkt i målrørsla, og mange skreiv ein dialektnær nynorsk. Dette synet kom òg til uttrykk i normeringspolitikken. I 1980- og 1990-åra vart ei rekkje talemålsnære former tekne inn att som klammeformer, t.d. [ei visa], [so], eller dei vart 25

1938–1959

I 1934 føreslo Venstre og Arbeidarpartiet at det skulle setjast ned ei ny

rettskrivingsnemnd. Ho vart oppnemnd av Kyrkje- og undervisningsdepartementet, med

statsråd Knut Liestøl som leiar. I mandatet stod det at nemnda skulle koma med

framlegg om «ei tilnærming på norsk folkemålsgrunn millom dei to måli», og at ho skulle

redusera talet på dobbelformer. Dette lét seg ikkje sameina, og løysinga vart å innføra

klammeformsystemet: hovudformer til bruk i lærebøker, og klammeformer, som var

tillatne for elevane.

Viktige endringar var at a-endingar vart hovudformer i bunden form eintal av sterke

hokjønnsord og fleirtal av inkjekjønnsord, med -i som klammeform: sola [soli] og husa

[husi]. Svake hokjønnssubstantiv fekk fleirtal -e med klammeform -o: viser [visor], visene

[visone]. Kløyvd infinitiv og a-infinitiv vart jamstilte hovudformer, mens e-infinitiv vart

klammeform. Inkjekjønnsforma av partisipp av sterke verb vart -i, med -e som

klammeform: funni [funne].

I 1952 vart Norsk språknemnd skipa. Formålet til det nye organet var «å arbeida for

tilnærming mellom målformene på norsk folkemåls grunn». Den fyrste store oppgåva til

nemnda var å justera 1938-rettskrivinga og laga ein ny læreboknormal for begge

målformene.

1959–1996

I 1959 kom den siste offisielle rettskrivingsnormalen for nynorsk til no. Bakgrunnen var

den store misnøya med 1938-rettskrivinga både blant nynorsk- og bokmålsfolk. Med

«Læreboknormalen av 1959», som i realiteten var ein revisjon av heile rettskrivinga, tok

nynorsken eit nytt steg i retning tilnærming, mens bokmålet vart ståande om lag på

same stad som i 1938. I tillegg vart valfridommen større innanfor nynorskrettskrivinga.

Den kløyvde infinitiven vart til dømes gjord til klammeform, mens e-infinitiv vart

jamstilt hovudform. Dei største endringane kom likevel i ei rekkje sentrale enkeltord.

Former med dobbel m vart hovudform i mange ord (gammal, sommar), og ø-en vart

hovudform i ei rekkje ord med valfritt -y- eller -ø- (følgje, sølv), men dette vart ikkje gjort

konsekvent.

Noregs Mållag godtok den nye norma, og gjekk inn for å få slutt på den interne

rettskrivingsstriden.

I 1972 vart Norsk språknemnd avløyst av Norsk språkråd. Tilnærmingsparagrafen var

no kraftig svekt, og rådet skulle «støtte opp om utviklingstendenser som fører

målformene nærmere sammen».

I 1970-åra stod talemålslinja sterkt i målrørsla, og mange skreiv ein dialektnær nynorsk.

Dette synet kom òg til uttrykk i normeringspolitikken. I 1980- og 1990-åra vart ei rekkje

talemålsnære former tekne inn att som klammeformer, t.d. [ei visa], [so], eller dei vart

25

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!