Innstilling til ny rettskriving for det nynorske skriftmålet - Språkrådet

Innstilling til ny rettskriving for det nynorske skriftmålet - Språkrådet Innstilling til ny rettskriving for det nynorske skriftmålet - Språkrådet

sprakradet.no
from sprakradet.no More from this publisher
28.10.2014 Views

til at framlegget for nynorsk ikkje var «avklarande nok til at det i denne omgangen er tilrådeleg å skipla den stabiliteten som gjeldande rettskriving trass alt representerer». Styret i Språkrådet drøfta meir overordna sider ved normeringsarbeidet i 2006, og sette spørsmålet om ny nynorsknorm på saklista året etter. 17. september 2007 vedtok styret samrøystes å setja i gang arbeidet med ein revisjon av nynorsknorma. Saka vart drøfta i fagrådet for normering og språkobservasjon både før og etter dette vedtaket. Planen var å oppnemna ei nemnd for dette arbeidet i februar 2008. Styret vart så kjent med at spørsmålet om nynorsknorma ville bli teke opp i den varsla stortingsmeldinga om språkpolitikk. Det innebar at saka skulle drøftast i Stortinget, og derfor vedtok styret i februar 2008 å utsetja det vidare arbeidet med saka til Stortinget hadde avslutta arbeidet med språkmeldinga. St.meld. 35 (2007–2008) Mål og meining. Ein heilskapleg norsk språkpolitikk kom i juni 2008 og vart behandla i Stortinget i april 2009. Meldinga gav det formelle signalet om at arbeidet med ei rettskrivingsendring måtte setjast i gang att: Etter ei samla vurdering har departementet kome til at det likevel er så mykje som taler for ein ny gjennomgang at det ikkje vil vera rett å gå imot at dette arbeidet blir sett i gang slik styret har vedteke. (Mål og meining, s. 206) Departementet hadde rett nok merka seg dei mange innspela som kom etter at Språkrådet fyrste gongen varsla ei rettskrivingsendring: Det må likevel leggjast til grunn at nynorsken framleis skal vera slik utforma at han kan ha appell til språkbrukarar over heile landet, og at ein ikkje stengjer ute former som er i allmenn bruk blant breie grupper av nynorskbrukarar. (Mål og meining, s. 206) 1.1.1 Mandat 16. desember 2009 oppnemnde styret i Språkrådet ei nemnd som skulle gå gjennom den nynorske rettskrivinga, med tanke på ei ny norm. Nemnda fekk dette mandatet: 1 På grunnlag av utgreiinga om nynorsknorm i 2003, seinare offentleg ordskifte, språkmeldinga frå 2008 og drøftinga av denne i Stortinget våren 2009 set styret i gang arbeidet med å laga ei tydeleg, enkel og stram norm for nynorsk, utan sideformer. Denne nye norma skal vera eit tilbod til alle som ynskjer å skriva korrekt nynorsk, og ho skal gjelda for alle som pliktar å skriva innanfor ei norm. 2 Målet er å etablera ei norm som gjer det lettare å vera nynorskbrukar, som er tydeleg for alle som bruker nynorsk som sidemål, og som er stabil over tid. Norma skal vera lett å bruka uavhengig av formell utdanning og språkkompetanse. 3 Norma skal vera slik at nynorsken framleis kan appellera til språkbrukarar over heile landet og gir rom for former som er i allmenn bruk blant breie grupper av nynorskbrukarar. Breitt talemålsgrunnlag, mykje brukte former og ord, geografisk spreiing og skriftspråktradisjonar er difor blant dei viktigaste faktorane som skal balanserast i den nye norma. 20

4 Grunnlagsmaterialet frå arbeidet med normering 2001–2003 er eit fagleg hovudgrunnlag for arbeidet med den nye norma. 5 Det blir oppnemnt ei breitt samansett nemnd på sju medlemer som utfører arbeidet i tråd med dette mandatet og dei rammene for arbeidet som er utdjupa nedanfor. Til hjelp i arbeidet får nemnda ein eigen sekretær. 6 Arbeidet skal gjennomførast i ein open og inkluderande prosess. Nemnda har ansvaret for å utforme ein arbeidsplan som tek omsyn til dette og dei rammevilkåra som er sette opp. 7 Nemnda skal leggja fram endeleg innstilling seinast 1. april 2011 med eit ope høyringsmøte i februar 2011. 8 Styret vil leggja til rette for at den nye norma kan gjelda frå 1.8.2012 og då mellom anna vera tilgjengeleg i ei ny utgåve av Nynorskordboka, under føresetnad av godkjenning frå Kultur- og kyrkjedepartementet. 1.1.2 Samansetjinga av rettskrivingsnemnda Normering er meir politisert i Noreg enn i dei fleste andre land. Dei ulike rettskrivingsnemndene for nynorsk på 1900-talet (1901, 1910, 1917, 1938) vart oppnemnde av departementet fram til Norsk språknemnd vart etablert i 1952. På 1930- talet var det særleg Arbeidarpartiet og Bondepartiet som gjekk inn for samnorsktanken, og som i Stortinget dreiv fram tanken om «ei tilnærming på norsk folkemålsgrunn millom dei to måli». Likeins var det Stortinget som gjorde vedtak om at «den såkalla tilnærmingslinja i forholdet mellom bokmål og nynorsk ikkje lenger er aktuell normeringspolitikk» (St.meld. nr. 9 (2001–2002) Målbruk i offentleg teneste, s. 25). Ein normeringsprosess føregår i ulike steg: val av norm, kodifisering av norma, utbygging av funksjon og sist, men ikkje minst godkjenning frå samfunnet. «Planleggeren spår, men samfunnet rår» (Haugen 1966:20). Derfor har det vorte stadig vanlegare at også språkbrukarane blir tekne med på råd når språk skal normerast. I staden for å velja ei nemnd med berre profesjonelle språkvitarar peika styret i Språkrådet ut ei nemnd som var samansett av fagfolk og representantar for ulike grupper av språkbrukarar og frå samfunnsområde der det er pålegg om å bruka nynorsk. Styret i Språkrådet sa dette om oppnemninga av den nye rettskrivingsnemnda: Nemnda er sett saman med sikte på at ho skal ha høg strategisk normeringskompetanse på nasjonalt nivå, sentral språkvitskapleg kompetanse om moderne språkbruk, historisk og praktisk røynsle frå målrørsla og deltaking frå nokre av dei viktigaste brukargruppene. Vi har òg teke omsyn til kjønn og geografisk tilhøyrsle (oppvekststad og noverande bustad) i framlegget. Desse sju vart så oppnemnde i rettskrivingsnemnda: seniorrådgivar Grete Riise (leiar), fyrsteamanuensis i språkvitskap Unn Røyneland (nestleiar), journalist Ragnhild Bjørge, 21

til at framlegget for nynorsk ikkje var «avklarande nok til at det i denne omgangen er

tilrådeleg å skipla den stabiliteten som gjeldande rettskriving trass alt representerer».

Styret i Språkrådet drøfta meir overordna sider ved normeringsarbeidet i 2006, og sette

spørsmålet om ny nynorsknorm på saklista året etter. 17. september 2007 vedtok styret

samrøystes å setja i gang arbeidet med ein revisjon av nynorsknorma. Saka vart drøfta i

fagrådet for normering og språkobservasjon både før og etter dette vedtaket. Planen var

å oppnemna ei nemnd for dette arbeidet i februar 2008. Styret vart så kjent med at

spørsmålet om nynorsknorma ville bli teke opp i den varsla stortingsmeldinga om

språkpolitikk. Det innebar at saka skulle drøftast i Stortinget, og derfor vedtok styret i

februar 2008 å utsetja det vidare arbeidet med saka til Stortinget hadde avslutta

arbeidet med språkmeldinga.

St.meld. 35 (2007–2008) Mål og meining. Ein heilskapleg norsk språkpolitikk kom i juni

2008 og vart behandla i Stortinget i april 2009. Meldinga gav det formelle signalet om at

arbeidet med ei rettskrivingsendring måtte setjast i gang att:

Etter ei samla vurdering har departementet kome til at det likevel er så mykje som taler

for ein ny gjennomgang at det ikkje vil vera rett å gå imot at dette arbeidet blir sett i gang

slik styret har vedteke. (Mål og meining, s. 206)

Departementet hadde rett nok merka seg dei mange innspela som kom etter at

Språkrådet fyrste gongen varsla ei rettskrivingsendring:

Det må likevel leggjast til grunn at nynorsken framleis skal vera slik utforma at han kan ha

appell til språkbrukarar over heile landet, og at ein ikkje stengjer ute former som er i

allmenn bruk blant breie grupper av nynorskbrukarar. (Mål og meining, s. 206)

1.1.1 Mandat

16. desember 2009 oppnemnde styret i Språkrådet ei nemnd som skulle gå gjennom den

nynorske rettskrivinga, med tanke på ei ny norm. Nemnda fekk dette mandatet:

1 På grunnlag av utgreiinga om nynorsknorm i 2003, seinare offentleg ordskifte,

språkmeldinga frå 2008 og drøftinga av denne i Stortinget våren 2009 set styret i gang

arbeidet med å laga ei tydeleg, enkel og stram norm for nynorsk, utan sideformer. Denne

nye norma skal vera eit tilbod til alle som ynskjer å skriva korrekt nynorsk, og ho skal

gjelda for alle som pliktar å skriva innanfor ei norm.

2 Målet er å etablera ei norm som gjer det lettare å vera nynorskbrukar, som er tydeleg for

alle som bruker nynorsk som sidemål, og som er stabil over tid. Norma skal vera lett å

bruka uavhengig av formell utdanning og språkkompetanse.

3 Norma skal vera slik at nynorsken framleis kan appellera til språkbrukarar over heile

landet og gir rom for former som er i allmenn bruk blant breie grupper av

nynorskbrukarar. Breitt talemålsgrunnlag, mykje brukte former og ord, geografisk

spreiing og skriftspråktradisjonar er difor blant dei viktigaste faktorane som skal

balanserast i den nye norma.

20

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!