Innstilling til ny rettskriving for det nynorske skriftmålet - Språkrådet

Innstilling til ny rettskriving for det nynorske skriftmålet - Språkrådet Innstilling til ny rettskriving for det nynorske skriftmålet - Språkrådet

sprakradet.no
from sprakradet.no More from this publisher
28.10.2014 Views

I brev frå departementet 5.12.2000 vart det spurt særskilt om nynorskseksjonen kunne vurdera å jamstilla former som ba, dro, ga og sto med bad, drog, gav og stod. Det er grunnen til at spørsmålet vart reist i 2002-innstillinga og i denne utgreiinga. Skriftspråkleg tradisjon og praksis I alle dei ti forfattarskapane frå 1930-talet som Vikør (1995b) undersøkte, er forma stod skriven med -d. I 1950-åra har Ulstein og Vigerust sto. Hauge og Vigerust brukte dessutan forma ga. Blant 1970-talsforfattarane bruker halvparten -d-lause former. Nynorsk frekvensordbok (1978–84) viser denne fordelinga i bruken: stod 84 %, gav 81 %, bad 77 % og formene utan sluttkonsonant: sto 16 %, ga 19 %, ba 23 %. Søk i nynorskkorpuset på desse preteritumsformene gav desse resultata: stod Ca. 3000 [sto] 970 bad Ca. 350 *ba 15 55 gav Ca. 2900 *ga 185 drog Ca. 4000 *dro 2 Eit søk i nynorskkorpuset gav 300 treff på glei og 280 på gleid. Gleid står naturleg nok litt sterkare i eldre tekstar enn glei gjer, men begge står stadig sterkt i moderne norsk. Talemålsgrunnlag 2002-innstillinga seier om talemålsgrunnlaget for å skriva desse «stumme konsonantane»: Det er ikkje vanleg å uttala d-en i bad og stod. På Sør-Austlandet og Sørlandet især blir drog uttala utan g, men g-lyden er vanleg elles i landet. Ga er den vanlegaste talemålsforma over heile landet, men gav finst i ein del bygder, til dels skiftande med ga. (2002-innstillinga, s. 93) Vurdering Isolert sett kan det synast enklast for folk flest å læra seg formene utan stum -d: ba, sto. Men g-en i drog blir uttala i mange dialektar i tradisjonelle nynorskstrøk. Også v-en i gav blir uttala i somme område. Formene med sluttkonsonant dominerer dessutan i nynorsk rettskriving, og denne konsonanten kjem att i andre former av same ord, t.d. givar, givast og gjev, gjeve til gjeva. Stumme konsonantar er elles ikkje framande i rettskrivinga, jf. land, tid, brød. 15 Formene ba, ga og dro er ikkje tillatne i nynorsk i dag. 168

Skal me velja eit gjennomført system som samtidig ikkje krev at språkbrukarane må læra seg mykje nytt, verkar det fornuftig å gå inn for formene med konsonant: bad, drog, gav. Det gjeld òg preteritumsforma stod, som har hatt klammeforma [sto]. Når det gjeld preteritumsformene med valfri sluttkonsonant etter diftongen ei, ser det ut til at formene med og utan sluttkonsonant står om lag like sterkt i nynorsk skriftmål i dag, og det er vanskeleg å kutta ut den eine framfor den andre. 3.4.5.d Valfri inkjekjønnsform i perfektum partisipp av verb på -0, -d, -g, -v Status i dag Saka gjeld verb der stammen endar på -0, -d, -g eller -v. Det gjeld for det fyrste ein del av verba ovanfor som får svak bøying, og dessutan andre svake verb som endar på desse konsonantane. Verb som berre har kortform i infinitiv, får i dag -dd eller -tt i inkjekjønnsforma av partisippet: nå – nådd/nått sy – sydd/sytt Verb med stamme som endar på -d, og som kan ha kort eller lang form i infinitiv, får -dd eller -dt i inkjekjønnsforma av partisippet: blø/bløda – blødd/blødt li/lida – lidd/lidt Verb med stamme som endar på -g eller -v, går slik: byggja – bygd/bygt leva – levd/levt Framlegg til ny rettskriving ‣ Verb med stamme som endar på -0, -d, -g eller -v, får -dd eller -d som ending i inkjekjønnsforma av perfektum partisipp: sydd, gnidd, bygd, levd. ‣ Partisippformene av seia, legg(j)a, ha og dei svake partisippformene av ta og la får -t: sagt, lagt, hatt, tatt, latt. ‣ Partisippforma av dra kan ha -d eller -t: dradd eller dratt. Normhistorikk Tabellen viser utviklinga i partisippet etter har av verb med stamme som endar på -0, -d, -g eller -v: 169

Skal me velja eit gjennomført system som samtidig ikkje krev at språkbrukarane må

læra seg mykje nytt, verkar det fornuftig å gå inn for formene med konsonant: bad, drog,

gav. Det gjeld òg preteritumsforma stod, som har hatt klammeforma [sto].

Når det gjeld preteritumsformene med valfri sluttkonsonant etter diftongen ei, ser det ut

til at formene med og utan sluttkonsonant står om lag like sterkt i nynorsk skriftmål i

dag, og det er vanskeleg å kutta ut den eine framfor den andre.

3.4.5.d Valfri inkjekjønnsform i perfektum partisipp av verb på -0, -d, -g, -v

Status i dag

Saka gjeld verb der stammen endar på -0, -d, -g eller -v. Det gjeld for det fyrste ein del av

verba ovanfor som får svak bøying, og dessutan andre svake verb som endar på desse

konsonantane.

Verb som berre har kortform i infinitiv, får i dag -dd eller -tt i inkjekjønnsforma av

partisippet:

nå – nådd/nått

sy – sydd/sytt

Verb med stamme som endar på -d, og som kan ha kort eller lang form i infinitiv, får -dd

eller -dt i inkjekjønnsforma av partisippet:

blø/bløda – blødd/blødt

li/lida – lidd/lidt

Verb med stamme som endar på -g eller -v, går slik:

byggja – bygd/bygt

leva – levd/levt

Framlegg til ny rettskriving

‣ Verb med stamme som endar på -0, -d, -g eller -v, får -dd eller -d som ending i

inkjekjønnsforma av perfektum partisipp: sydd, gnidd, bygd, levd.

‣ Partisippformene av seia, legg(j)a, ha og dei svake partisippformene av ta og la

får -t: sagt, lagt, hatt, tatt, latt.

‣ Partisippforma av dra kan ha -d eller -t: dradd eller dratt.

Normhistorikk

Tabellen viser utviklinga i partisippet etter har av verb med stamme som endar på -0, -d,

-g eller -v:

169

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!