Innstilling til ny rettskriving for det nynorske skriftmålet - Språkrådet

Innstilling til ny rettskriving for det nynorske skriftmålet - Språkrådet Innstilling til ny rettskriving for det nynorske skriftmålet - Språkrådet

sprakradet.no
from sprakradet.no More from this publisher
28.10.2014 Views

ville ha forma med -i: t.d. funni, fordi ho var drøfta som ei mogleg felles form for nynorsk og bokmål. Departementet valde å følgja hans råd, og forma funni vart eineform. Perfektum partisipp på -i, t.d. funni, vart aldri teke inn i bokmål. I 1959 vart formene med -e og -i jamstilte i nynorsk. Aasen 1901 1917 1938 1959 funnet funne funni funne el. funni Skriftspråkleg tradisjon og praksis Av Framlegg til læreboknormal 1957 går det fram at perfektum partisipp på -e er det som har vore mest brukt i nynorsk presse og litteratur etter 1938: Vestnorske og nordnorske forfattarar nyttar jamt over den forma, det same gjer Vestlands-blada. Alt i alt er det likevel ikkje så få bøker som har gjennomført supinum på -i. Såleis er -i-ending gjennomførd i dei aller fleste bøkene som Det norske Samlaget har gjevi ut etter 1938. Tarjei Vesaas, Halldis Moren Vesaas, Inge Krokann og Halvdan Koht nyttar no denne forma. I Norsk allkunnebok skifter -i og -e med artikkel-forfattarane, like eins i «Syn og Segn». I lærebøker og i det aller meste av lesebok-stoffet på nynorsk er det etter 1938 gjennomført supinum på -i. I bm.-litteratur er i-supinum brukt berre i dialektreplikkar og anna sterkt målføremerkt framstelling. (Framlegg til læreboknormal 1957, s. 109–110) Frå Vikørs (1995b) forfattarundersøking kan me sjå at ni av ti forfattarskapar frå 1930- åra har stor overvekt av perfektum partisipp på -e, som då var hovudforma. Sjølv om -iforma vart hovudform etter 1938, vart perfektum partisipp på -e føretrekt av åtte av dei ni forfattarane frå 1950-åra. Berre Aslaug Høydal valde -i-forma. Alle dei ti forfattarane frå 1970-åra valde perfektum partisipp på -e av sterke verb. I redaksjonsmålet til Norsk Ordbok bruker dei 1938-rettskrivinga, og mellom anna partisippforma -i. Då Wetås (2001b) undersøkte barne- og ungdomstekst i upublisert tekstmateriale, fann ho ein eintydig tendens til at -e vart brukt i perfektum partisipp av sterke verb. Eit søk i nynorskkorpuset gir 17 treff på biti, men berre fem av dei er frå tida etter 1970. Det er godt og vel 200 treff på fari, men her er berre eit par treff yngre enn 1970. Tarjei Vesaas er ein av dei forfattarane som heldt på -i i perfektum partisipp gjennom heile forfattarskapen. Talemålsgrunnlag 2002-innstillinga seier om talemålsutbreiinga av funni kontra funne: Perfektum partisipp på -i finn ein i talemåla i eit søraustleg område (Grenland – Indre Østfold til Trysil), Setesdal og Vest-Telemark, mykje av Trøndelag (ikkje i søraust) og sør på Helgeland. I eit område i Nord-Trøndelag har ein både -i og -e etter eit system som heng saman med konsonantismen i rota. Eit midlandsk område har vokalharmonisk skifte med i 158

etter i i rota og e etter andre vokalar: biti, drivi, men brøte, fare. Resten av landet (Vestlandet, Nord-Noreg og andre stader) har utlydsvokalen -e. (2002-innstillinga, s. 135) Vurdering Partisippforma -e står klart sterkare i nynorsk rettskriving enn -i, sjølv om talemålsgrunnlaget for -i er ganske stort. Mykje av det naturlege området for -i ligg i område som ikkje har nynorsk som hovudmål, og det kan vera noko av forklaringa på at forma -i aldri har slått gjennom. Partisippforma -i bør takast ut or skriftmålet sidan ho er såpass sjeldsynt i skrift. Det ser i liten grad ut til at brukarane som har forma i talemålet, nyttar seg av tilbodet om å føra forma over i skrift. 3.4.4 Refleksiv- og passivformer på [-s] Status i dag Verb som endar på -st, har denne bøyinga: minnast [minnas] – minnest [minnes] – mintest [mintes] – minst [mins] Framlegg til ny rettskriving Refleksiv- og passivforma [-s] går ut av nynorsk rettskriving, og forma med -st blir eineform: minnast – minnest – mintest – minst Normhistorikk Aasen 1917 1938 1959 finnast finnast [finnas] finnast [finnas] slåst slåst [slåss] slåst [slåss] I reglane som den departementale rettskrivingskomiteen laga om landsmål i 1918, står det: «[Refleksivformi kann enda på s ved sida av st: finnast, finst – finnas, fins; slåst – slåss.]» (s. 14) I 1938-rettskrivinga heiter det: «Refleksiv infinitiv endar på -ast [-as].» Etter den tid har refleksivformer på [-s] vore klammeformer. 159

ville ha forma med -i: t.d. funni, fordi ho var drøfta som ei mogleg felles form for nynorsk

og bokmål. Departementet valde å følgja hans råd, og forma funni vart eineform.

Perfektum partisipp på -i, t.d. funni, vart aldri teke inn i bokmål. I 1959 vart formene

med -e og -i jamstilte i nynorsk.

Aasen 1901 1917 1938 1959

funnet funne funni funne el. funni

Skriftspråkleg tradisjon og praksis

Av Framlegg til læreboknormal 1957 går det fram at perfektum partisipp på -e er det

som har vore mest brukt i nynorsk presse og litteratur etter 1938:

Vestnorske og nordnorske forfattarar nyttar jamt over den forma, det same gjer

Vestlands-blada. Alt i alt er det likevel ikkje så få bøker som har gjennomført supinum på

-i. Såleis er -i-ending gjennomførd i dei aller fleste bøkene som Det norske Samlaget har

gjevi ut etter 1938. Tarjei Vesaas, Halldis Moren Vesaas, Inge Krokann og Halvdan Koht

nyttar no denne forma. I Norsk allkunnebok skifter -i og -e med artikkel-forfattarane, like

eins i «Syn og Segn». I lærebøker og i det aller meste av lesebok-stoffet på nynorsk er det

etter 1938 gjennomført supinum på -i. I bm.-litteratur er i-supinum brukt berre i

dialektreplikkar og anna sterkt målføremerkt framstelling. (Framlegg til læreboknormal

1957, s. 109–110)

Frå Vikørs (1995b) forfattarundersøking kan me sjå at ni av ti forfattarskapar frå 1930-

åra har stor overvekt av perfektum partisipp på -e, som då var hovudforma. Sjølv om -iforma

vart hovudform etter 1938, vart perfektum partisipp på -e føretrekt av åtte av dei

ni forfattarane frå 1950-åra. Berre Aslaug Høydal valde -i-forma. Alle dei ti forfattarane

frå 1970-åra valde perfektum partisipp på -e av sterke verb. I redaksjonsmålet til Norsk

Ordbok bruker dei 1938-rettskrivinga, og mellom anna partisippforma -i.

Då Wetås (2001b) undersøkte barne- og ungdomstekst i upublisert tekstmateriale, fann

ho ein eintydig tendens til at -e vart brukt i perfektum partisipp av sterke verb.

Eit søk i nynorskkorpuset gir 17 treff på biti, men berre fem av dei er frå tida etter 1970.

Det er godt og vel 200 treff på fari, men her er berre eit par treff yngre enn 1970. Tarjei

Vesaas er ein av dei forfattarane som heldt på -i i perfektum partisipp gjennom heile

forfattarskapen.

Talemålsgrunnlag

2002-innstillinga seier om talemålsutbreiinga av funni kontra funne:

Perfektum partisipp på -i finn ein i talemåla i eit søraustleg område (Grenland – Indre

Østfold til Trysil), Setesdal og Vest-Telemark, mykje av Trøndelag (ikkje i søraust) og sør

på Helgeland. I eit område i Nord-Trøndelag har ein både -i og -e etter eit system som heng

saman med konsonantismen i rota. Eit midlandsk område har vokalharmonisk skifte med i

158

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!