Innstilling til ny rettskriving for det nynorske skriftmålet - Språkrådet

Innstilling til ny rettskriving for det nynorske skriftmålet - Språkrådet Innstilling til ny rettskriving for det nynorske skriftmålet - Språkrådet

sprakradet.no
from sprakradet.no More from this publisher
28.10.2014 Views

Sjølv Ut frå talemålsundersøkinga er det grunnlag for å halda på fleirtalsforma sjølv. For dei som ikkje har fleirtalsbøying av dette ordet i talemålet, vil det vera framandt å bruka forma sjølve. Konklusjonen er at klammeformene [hennes], [deires], [annen], [onnor], [nokor] er så lite brukte i skrift at dei bør takast ut or rettskrivinga. Granskingane våre av den faktiske nynorskbruken tyder på at brukarane ikkje i særleg grad ønskjer å uttrykkja identitet gjennom bruk av desse formene. 3.4 Verb 3.4.1 Infinitiv Status i dag I gjeldande rettskriving kan ein velja mellom a-infinitiv, e-infinitiv eller kløyvd infinitiv. Kløyvd infinitiv er klammeform. Framlegg til ny rettskriving Innanfor nynorsk rettskriving skal ein kunna bruka a-infinitiv eller e-infinitiv. Kløyvd infinitiv går ut or rettskrivinga. Normhistorikk 2002-innstillinga gjer greie for kva slags status ulike infinitivsendingar har hatt til ulike tider: Midlandsnormalen fekk ein slags klammeformstatus i 1901, og dermed fekk kløyvd infinitiv det òg som del av den normalen (Framlegg til læreboknormal 1957). Grunnregelen for kløyvd infinitiv er at verb med opphavleg kort rotstaving endar på -a, og verb med opphavleg lang rotstaving har endinga -e. 1917-rettskrivinga inneheldt eigentleg berre -a og -e i infinitiv, men eit rundskriv i 1919 kunngjorde at kløyvd infinitiv skulle vera tillaten i skriftlege elevarbeid (Jahr 1992). 1938-rettskrivinga førte med seg jamstilling for a- infinitiv og kløyvd infinitiv, og Ny rettskriving 1938 legg til: ’[I skriftlege arbeid i skulen kan og nyttast inf. på -e i alle verb: fare, kaste.]’. (2002-innstillinga, s. 83) Læreboknormalen 1959 gjennomførte a- eller e-infinitiv som lærebok-/hovudformer, og kløyvd infinitiv vart gjord til klammeform. Rettskrivingsendringane kan oppsummerast slik: 154

Aasen 1901 1917(–19) 1938 1959 -a -a / (kløyvd infinitiv i midlandsnormalen) -a / -e (kløyvd infinitiv) -a / kløyvd infinitiv / [-e] -a / -e / [kløyvd infinitiv] Skriftspråkleg tradisjon og praksis I granskinga av forfattartekstar fann Vikør (1995b) at berre to av dei ti forfattarane frå 1930-åra bruker a-infinitiv. Fem av dei bruker e-infinitiv, tre kløyvd infinitiv. Etter 1938 var e-infinitiv klammeform, og kløyvd infinitiv jamstilt hovudform. Fire av dei ni forfattarane frå 1950-åra nytta a-infinitiv, to brukte den kløyvde forma, og tre e-infinitiv. Etter 1959-normalen har a- og e-infinitiv vore hovudformer. Fire av 1970- talsforfattarane valde -e, tre brukte -a, og to kløyvd infinitiv, som då var vorte klammeform. 2002-innstillinga seier om utbreiinga av dei tre variantane: På grunnlag av Nynorsk frekvensordbok er det mogleg å berekna at i materialet frå kring 1980 var e-infinitiv gjennomført i 53,1 % av tekstane, a-infinitiv i 30,1 % og kløyvd infinitiv i 16,8 % (Sandøy 1999:215). (2002-innstillinga, s. 85) Talemålsgrunnlag 2002-innstillinga seier om utbreiinga av dei ulike infinitivsvariantane: I målføra er kløyvd infinitiv nytta over heile Austlandet (så nær som i ein liten del av Østfold og Vestfold), Telemark (bortsett frå den sørvestre delen), Nordmøre og Trøndelag, og dessutan Målselv og Bardu i Troms. A-infinitiv er brukt i storparten av Vest-Agder, i Rogaland, Hordaland og Sogn (bortsett frå den ytre delen) og i bygder på Helgeland. E- infinitiv er brukt i den sørlegaste delen av Østfold, i Larvik og i den søre og sørvestre delen av Telemark, vidare i Aust-Agder og delar av Vest-Agder, Bergen, Ytre Sogn, Sunn- og Nordfjord, Sunnmøre og Romsdal og mest heile Troms og Finnmark. Ein god del folk i byane bruker dessutan e-infinitiv etter påverknad frå skriftspråket, i strid med den opphavlege dialekten på staden. Nokre bygder i Nord-Noreg, Lofoten, Salten, har inga ending i infinitiv. (2002-innstillinga s. 84) Vurdering A- og e-infinitiv har ikkje vore noko tema i denne rettskrivingsnemnda; det er semje om at begge desse jamstilte infintivsendingane skal kunna brukast i den nye norma. Annleis er det med kløyvd infinitiv. Kløyvd infinitiv har halde seg godt i talemålet, sjølv om dei fleste dialektar ikkje lenger har skiljet mellom langstava og stuttstava rotstavingar. Denne infinitivstypen blir òg brukt ein god del i skrift lokalt i dei områda av austnorsk som har nynorsk som 155

Sjølv

Ut frå talemålsundersøkinga er det grunnlag for å halda på fleirtalsforma sjølv. For dei

som ikkje har fleirtalsbøying av dette ordet i talemålet, vil det vera framandt å bruka

forma sjølve.

Konklusjonen er at klammeformene [hennes], [deires], [annen], [onnor], [nokor] er så lite

brukte i skrift at dei bør takast ut or rettskrivinga. Granskingane våre av den faktiske

nynorskbruken tyder på at brukarane ikkje i særleg grad ønskjer å uttrykkja identitet

gjennom bruk av desse formene.

3.4 Verb

3.4.1 Infinitiv

Status i dag

I gjeldande rettskriving kan ein velja mellom a-infinitiv, e-infinitiv eller kløyvd infinitiv.

Kløyvd infinitiv er klammeform.

Framlegg til ny rettskriving

Innanfor nynorsk rettskriving skal ein kunna bruka a-infinitiv eller e-infinitiv. Kløyvd

infinitiv går ut or rettskrivinga.

Normhistorikk

2002-innstillinga gjer greie for kva slags status ulike infinitivsendingar har hatt til ulike

tider:

Midlandsnormalen fekk ein slags klammeformstatus i 1901, og dermed fekk kløyvd

infinitiv det òg som del av den normalen (Framlegg til læreboknormal 1957). Grunnregelen

for kløyvd infinitiv er at verb med opphavleg kort rotstaving endar på -a, og verb med

opphavleg lang rotstaving har endinga -e. 1917-rettskrivinga inneheldt eigentleg berre -a

og -e i infinitiv, men eit rundskriv i 1919 kunngjorde at kløyvd infinitiv skulle vera tillaten i

skriftlege elevarbeid (Jahr 1992). 1938-rettskrivinga førte med seg jamstilling for a-

infinitiv og kløyvd infinitiv, og Ny rettskriving 1938 legg til: ’[I skriftlege arbeid i skulen kan

og nyttast inf. på -e i alle verb: fare, kaste.]’. (2002-innstillinga, s. 83)

Læreboknormalen 1959 gjennomførte a- eller e-infinitiv som lærebok-/hovudformer, og

kløyvd infinitiv vart gjord til klammeform.

Rettskrivingsendringane kan oppsummerast slik:

154

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!