Innstilling til ny rettskriving for det nynorske skriftmålet - Språkrådet

Innstilling til ny rettskriving for det nynorske skriftmålet - Språkrådet Innstilling til ny rettskriving for det nynorske skriftmålet - Språkrådet

sprakradet.no
from sprakradet.no More from this publisher
28.10.2014 Views

Talemålsgrunnlag Han – han/honom Som 2002-innstillinga peikar på, er objektsforma honom relativt utbreidd i dialektane, men kjem svært sjeldan til uttrykk i skrift. Ho – ho/henne Å skilja mellom ei subjektform og ei objektform i dette pronomenet er utbreidd både på Vestlandet, Austlandet og i Nord-Noreg. Me/vi – oss I målføra i dag er me (eller andre former med m) vanlege i midlandsmåla og på Sør- og Vestlandet. Forma vi (eller ve) finst på Austlandet, på Nord-Vestlandet frå og med Sunnfjord, i mykje av Trøndelag og i Nord-Noreg. Vi er dessutan vanleg i bymål, også der me er den vanlege forma i omlandet. de – dykk I dialektane finn me svært mange variantar av pronomenet i andre person fleirtal. Forma dykke fann Aasen berre ved Mandal. Nokre dialektar held stadig på skiljet mellom subjekts- og objektsform, og ein del stader i landet høyrer ein variantar som /slo di dere/ eller /slo de dikka/ (for normalisert nynorsk Slo de dykk?). Men i mange dialektar er objektsforma den einaste forma som er att. Tidlegare fann ein særleg éi felles form i dialektar frå bynære strok, men tendensen til at objektsforma tek over også subjektsplass, er stadig aukande. Dermed blir variantar av /slo dokke(r) dokke(r)/ (på Vestlandet, i Trøndelag og i Nord-Noreg) eller /slo dere dere/ (på Sør- og Austlandet) stadig meir dominerande. Vurdering Han – han/honom Nemnda har fått nokre innspel på at me bør behalda forma honom, for å gi folk høve til å halda på skiljet mellom subjektsform og objektsform i dette pronomenet nett som i tredje person eintal hokjønn. Talemålsutbreiinga av forma honom er ikkje svært stor, og ho går nedover der dativsystemet går ut or bruk. Forma honom i skrift er ei tydeleg markering av tradisjonell nynorsk. Likevel viser studiane våre at honom er lite i bruk i materialet i nynorskkorpuset. Det talar òg for å ta forma ut av rettskrivinga, og la han vera einaste objektsform i tredje person eintal hankjønn. Ho – ho/henne I talemåla er det vanleg både med eit skilje mellom subjekts- og objektsform og med samanfall. I hokjønn står objektsforma henne (eller variantar) relativt sterkt, men forma ho, som fell saman med subjektsforma, ser ut til å breia seg. 148

Me/vi – oss Det er tydeleg at det har lege ei sterk markering av regional identitet i å bruka pronomenet me. Det hadde klammeformstatus i nær 50 år, og var mindre i bruk i den perioden. Etter at det vart jamstilt form att, er det i større grad teke i bruk att. De – dykk Andre person fleirtal, de – dykk, er dei pronomenformene som valdar mest problem for språkbrukarane. Formene er vanskelege å læra både for hovudmåls- og sidemålselevar fordi mange ikkje har ei slik deling i talemålet sitt. Mange etablerte nynorskbrukarar seier òg at de/dykk er mellom dei ordformene som kjennest mest framande i den gjeldande rettskrivinga, og at dei prøver å omgå formene ved å skriva om setninga eller bruka dialektformer som dokke(r) i skrift. Nynorsknemnda skal mellom anna ta pedagogiske omsyn, og spørsmålet er om dette mykje brukte ordet bør få ei ny sidestilt form. Det som talar imot, er at me bør vera varsame med å ta inn nye former når mandatet vårt er innstramming. Nemnda har drøfta både om ein skal fjerna skiljet mellom subjekts- og objektsforma, og om objektsforma bør endrast. Nemnda bad om innspel om saka på Nynorsk 2011, og fekk mange tilbakemeldingar om at det var bra me tok opp dette spørsmålet. Fleire støttar tanken om å ha ei sams form som både subjekts- og objektsform. Nokre meiner at me då bør ha dykk som subjekts- og objektsform, mens andre meiner me bør velja ei anna form. Det har kome framlegg om dokk, dokke, dokker, dåkk, dåkker, deko som alternative former til dykk. Problemet med å velja ei av dei nemnde formene er at dei alle er regionale former. Dei som seier deko, vil venteleg ikkje oppleva det som betre å kunna skriva dokker enn å kunna skriva dykk. Det har òg kome innlegg som tek til orde for at me held på de og dykk. Ut frå ei totalvurdering der me òg har lagt stor vekt på innspel gjennom prosessen, ønskjer nemnda at det bør givast høve til å bruka same form som subjekts- og objektsform i 2. person fleirtal. Som valfritt alternativ til de – dykk som subjekts- og objektsform i pronomen andre person fleirtal er det nærliggjande å velja den forma som er innarbeidd som objektsform i nynorsk frå før, og ha dykk – dykk som alternativ til de – dykk. 3.3.2 Determinativ Status i dag Dei fleste determinativa har ei stabil bøying, men her er seks av dei tekne opp til ny vurdering: eigedomsorda hennar [hennes] og deira [deires], og former av fire andre determinativ: annan, nokon, eigen og sjølv. 149

Me/vi – oss

Det er tydeleg at det har lege ei sterk markering av regional identitet i å bruka pronomenet

me. Det hadde klammeformstatus i nær 50 år, og var mindre i bruk i den

perioden. Etter at det vart jamstilt form att, er det i større grad teke i bruk att.

De – dykk

Andre person fleirtal, de – dykk, er dei pronomenformene som valdar mest problem for

språkbrukarane. Formene er vanskelege å læra både for hovudmåls- og sidemålselevar

fordi mange ikkje har ei slik deling i talemålet sitt. Mange etablerte nynorskbrukarar

seier òg at de/dykk er mellom dei ordformene som kjennest mest framande i den

gjeldande rettskrivinga, og at dei prøver å omgå formene ved å skriva om setninga eller

bruka dialektformer som dokke(r) i skrift.

Nynorsknemnda skal mellom anna ta pedagogiske omsyn, og spørsmålet er om dette

mykje brukte ordet bør få ei ny sidestilt form. Det som talar imot, er at me bør vera

varsame med å ta inn nye former når mandatet vårt er innstramming.

Nemnda har drøfta både om ein skal fjerna skiljet mellom subjekts- og objektsforma, og

om objektsforma bør endrast.

Nemnda bad om innspel om saka på Nynorsk 2011, og fekk mange tilbakemeldingar om

at det var bra me tok opp dette spørsmålet. Fleire støttar tanken om å ha ei sams form

som både subjekts- og objektsform. Nokre meiner at me då bør ha dykk som subjekts- og

objektsform, mens andre meiner me bør velja ei anna form. Det har kome framlegg om

dokk, dokke, dokker, dåkk, dåkker, deko som alternative former til dykk.

Problemet med å velja ei av dei nemnde formene er at dei alle er regionale former. Dei

som seier deko, vil venteleg ikkje oppleva det som betre å kunna skriva dokker enn å

kunna skriva dykk.

Det har òg kome innlegg som tek til orde for at me held på de og dykk.

Ut frå ei totalvurdering der me òg har lagt stor vekt på innspel gjennom prosessen,

ønskjer nemnda at det bør givast høve til å bruka same form som subjekts- og

objektsform i 2. person fleirtal. Som valfritt alternativ til de – dykk som subjekts- og

objektsform i pronomen andre person fleirtal er det nærliggjande å velja den forma som

er innarbeidd som objektsform i nynorsk frå før, og ha dykk – dykk som alternativ til de –

dykk.

3.3.2 Determinativ

Status i dag

Dei fleste determinativa har ei stabil bøying, men her er seks av dei tekne opp til ny

vurdering: eigedomsorda hennar [hennes] og deira [deires], og former av fire andre

determinativ: annan, nokon, eigen og sjølv.

149

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!