28.10.2014 Views

Innstilling til ny rettskriving for det nynorske skriftmålet - Språkrådet

Innstilling til ny rettskriving for det nynorske skriftmålet - Språkrådet

Innstilling til ny rettskriving for det nynorske skriftmålet - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Skriftspråkleg tradisjon og praksis

Desse framandorda av latinsk og gresk opphav som endar på -on, -um, -us og -a, har

tradisjonelt hatt restar av bøyingsverket i språket dei kjem frå. Etter kvart har dei fått

inn regelrett norsk bøying ved sida, og den har vorte gradvis meir vanleg. I 2000 låg det

føre framlegg om at dei fleste av desse orda berre skulle ha regelrett bøying.

Talemålsgrunnlag

Ikkje vurdert.

Vurdering

Rettskrivingsnemnda frå 2000 gjorde eit grundig arbeid med å vurdera desse orda.

Formene som er tekne ut, er heller lite i bruk i skrift. Dessutan blir det mykje lettare å

bøya desse orda når ein kan seia at dei blir bøygde systemrett.

3.1.13 Kjønn i substantiv på -ing og -ning

Status i dag

Mange substantiv på -ing og -ning er hokjønnsord i nynorsk i dag, ut frå den allmenne

regelen at verbalsubstantiv på -(n)ing er hokjønnsord. Tvilen om kva kjønn orda skal ha,

oppstår særleg ved ein del ord på -ing eller -ning som er nemningar for konkrete

gjenstandar. Sjølv om nokre av dei har samanheng med eit verb, er dei ikkje

verbalsubstantiv. Dei har varierande kjønn, og det har vore vanskeleg å laga greie reglar

frå kva kjønn orda har, ut frå bruken.

Framlegg til ny rettskriving

Reglar for kjønn på ord som endar på -ing/-ning

1. Suffiksa -ing og -ning er i prinsippet hokjønnssuffiks. Verbalsubstantiv

med -(n)ing som står for ei handling, er utan unntak hokjønnsord (t.d. skriving,

modning/mogning, utbygging, forvalt(n)ing).

2. Dei orda på -ing som er avleidde av substantiv og adjektiv, er hankjønnsord (m.a.

innbyggjarnamn som sørlending, totning og riking, raring).

3. Person- og dyrenemningar på -(n)ing er hankjønnsord (t.d. villstyring, flyktning,

slektning, grevling, einhyrning), unnateke når det biologiske kjønnet tilseier

hokjønn (t.d. dronning, kjerring).

4. Nemningar for omgrep som har fått konkret innhald, blir ofte hankjønnsord (t.d.

bygning, lusing, smurning) eller får valfri bøying (t.d. binding, krysning, pakning).

113

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!