58,5 grader nord - Aust-Agder fylkeskommune

58,5 grader nord - Aust-Agder fylkeskommune 58,5 grader nord - Aust-Agder fylkeskommune

austagderfk.no
from austagderfk.no More from this publisher
31.07.2014 Views

TORSDAG 8. SEPTEMBER 2011 VGS I ÅMLI ÅmliAvisa ÅmliAvisa VGS I ÅMLI TORSDAG 8. SEPTEMBER 2011 Over: Starten går! Helsefagslærar Freddie Andreassen losar deltakarane riktig veg. Over: Bruhopp er nest siste post den første dagen. Under: Oppdrag utført for Lars Midtbøe, Stinta. No ventar berre ein spurt opp slalombakken. sTOKK: Sondre Trommestad, Linn Gabrielsen, Elena Tveitnes og Peder Sørensen (skjult) fra Hisøy slit seg gjennom post to i løypa: Bak følgjer tryggleiksansvarleg Freddie Andreassen med. Frihet fra skatt på frivillighet Sveinung Seljås Ordførerkandidat Åmli Stem Kristelig Folkeparti! Jon-Olav Strand Fylkesordførerkandidat Menneskeverd i sentrum www.krf.no/aust-agder Vgs i Åmli har funne sin heilt eigne måte å verve nye elevar til skulen på: Å hente 10.klassingar frå heile fylket til Åmli for ein dag med svette, slit og meistringsglede. – Eg meiner ganske sikkert at det verkar, seier idrettslærar Stig Tveit. n peter svalheim – Dette er dels eit forsøk på å verve 10.klassingar til å søkje på skulen, og dels ei treningsoppgåve for elevane våre i å organisere aktivitetar, seier Stig Tveit. Førre torsdag og fredag var det tid for ”58,5 grader nord ” for fjerde gong i Åmli vgs si historie. Ideen er klekka ut etter inspirasjon frå eit tv-program med eit liknande namn, og er nesten like raus som Winston Churchill i å love blod sveitte og tårar. I år var nær 160 10.klassingar med på opplegget, som strekk seg over to dagar og starter heime på deira eigen skuleplass kor dei vert henta med buss på Åmli vgs si rekning. Laga skal holde saman på ei sykkelløype i grupper på fire, to gutar og to jenter. Det er om å gjere å vere snarast. Å vente på kvarandre er ei utfordring, berre det. Langs heile løypa er åmli-elevar plasserte som vakter og vegleiarar, både for tidtakinga og vegleiinga si skuld, og for å passe på sikkerheita. Og så er det postane, då. Fyrste dagen spenner utfordringane frå skyting, via bakkeløp med stokk, kanopadling og –løp, hinderløype over vatn, mimeleik, skiskyting, bruhopping og sprint opp slalombakken. For kvar post vankar det minusminutt om ein feilar. – Eg har vore så vidt innom i Åmli før, fortel deltakaren Stine Hopstock frå Slit seg til nye elevar Tromøya til Åmliavisa i forbifarten. Men å gå her på skule frå neste år? – Eg veit ikkje. Det hadde vore litt moro, seier ho og hastar vidare. ”Eitt bom! Fire minutt i fråtrekk!” meldar post-vakta ved skjotebana, der elevane skal treffe fire ballongar med salonggevær. Om nokon hadde tenkt lett om å springe i takt opp ei sandbakke med ein stokk over skuldrane, så endra nok det seg innann toppen. Og korleis i all verda kjem ein seg vidare når beina låsar seg fullstendig i tauløypa over eit skogstjern. ”Seks minutt”, lyder det tørt frå postvakta når dei let seg sleppe ned i vatnet ned eit plask. Undervegs gjer sykkelløypa i seg sjølv nokre utfordringar. Her er det snakk om oppoverbakkar som verkeleg er nesten endelause. Nedoverbakken er endå verre. – Løypa omfattar ein bratt sti nedover mot Epletveit. Der krev vi at deltakarane skal trille syklane, seier Helseog sosiallærar Freddie Andreassen, og grøsser ved tankane på dei mulege skadane ved velt i bratt skogsterreng. Han er sikkerheitsanvarleg for heile 58,5 grader nord, og har telefonen konstant mot øyret i tilfelle noko som helst. 160 elevar i ei utfordrande løype. Statistisk sett kan det lett skje noko! I botnen av denne kleiva konstaterer Freddie tilfreds at elevane held disiplin, og ikkje har sett seg på sykkelen for eit livsfarleg ritt. – Det er bra. No er det berre att å hoppe frå ei bru, og sprinte opp slalombakken! ropar han oppmuntrande. Kvelden og natta inneber sosialt samver og telting med tilsaman over 200 elevar. Laga får minuspoeng for å forlate leiren. Så vert vinnaren kåra på ettermiddagen fredag. Vinnarlaget heiter Stinta 5. Dei er storfornøgde. – No har de vel lyst til å kome attende til Åmli som elevar på vgs? Det kjem ikkje på tale for Mathilde Laulo og Kamilla Nesset Saltmark som var med på vinnarlaget frå Stinta. – Alt for langt heimefrå. Vi kjem til å søkje på idrettslina til den nye Sam Eyde skule neste år, seier dei. Skulen yter 100.000 kroner på opplegget. Både lærarar og elevar står på som frivillige, med det målet at skulen skal få søkjarar nok til å overleve. Stig Tveit og dei andre lærarane har ikkje fått utarbeidd noko tal på i kva grad deltakarane på 58,5 grader nord verkeleg søkjer seg til Åmli. – Vi har ikkje nokon statistikk på det. Men vi har sett ei jamn oppgang i søkartala sidan vi starta med dette, og reknar med at det er ein samanhang. Mattelærar Trond Eirik Jaabæk spisser øyrer. – Statistikk? Dette kan vere ei oppgåve for matteklassa. Tau: Post tre inneber store utfordringar for Sondre Trommestad og Peder Sørensen. Seks minutt i fråtrekk om dei dett i vatnet! I bakgrunnen: Eivind Jonsen Sangvik, 3. klasse vgs i Åmli.

TORSDAG 8. SEPTEMBER 2011 VGS I ÅMLI

ÅmliAvisa ÅmliAvisa VGS I ÅMLI

TORSDAG 8. SEPTEMBER 2011

Over: Starten går! Helsefagslærar

Freddie Andreassen losar deltakarane

riktig veg.

Over: Bruhopp er

nest siste post

den første dagen.

Under: Oppdrag utført for Lars Midtbøe,

Stinta. No ventar berre ein spurt

opp slalombakken.

sTOKK: Sondre Trommestad, Linn Gabrielsen, Elena Tveitnes og Peder Sørensen (skjult) fra Hisøy slit seg gjennom post to i løypa: Bak følgjer tryggleiksansvarleg Freddie Andreassen med.

Frihet fra skatt på frivillighet

Sveinung Seljås

Ordførerkandidat Åmli

Stem Kristelig Folkeparti!

Jon-Olav Strand

Fylkesordførerkandidat

Menneskeverd i sentrum

www.krf.no/aust-agder

Vgs i Åmli har funne sin heilt

eigne måte å verve nye elevar til

skulen på: Å hente 10.klassingar

frå heile fylket til Åmli for

ein dag med svette, slit og meistringsglede.

– Eg meiner ganske

sikkert at det verkar, seier

idrettslærar Stig Tveit.

n peter svalheim

– Dette er dels eit forsøk på å verve

10.klassingar til å søkje på skulen, og

dels ei treningsoppgåve for elevane

våre i å organisere aktivitetar, seier Stig

Tveit.

Førre torsdag og fredag var det tid

for ”58,5 grader nord ” for fjerde gong

i Åmli vgs si historie. Ideen er klekka

ut etter inspirasjon frå eit tv-program

med eit liknande namn, og er nesten

like raus som Winston Churchill i å love

blod sveitte og tårar. I år var nær 160

10.klassingar med på opplegget, som

strekk seg over to dagar og starter heime

på deira eigen skuleplass kor dei

vert henta med buss på Åmli vgs si rekning.

Laga skal holde saman på ei sykkelløype

i grupper på fire, to gutar og to

jenter. Det er om å gjere å vere snarast.

Å vente på kvarandre er ei utfordring,

berre det.

Langs heile løypa er åmli-elevar plasserte

som vakter og vegleiarar, både for

tidtakinga og vegleiinga si skuld, og for

å passe på sikkerheita.

Og så er det postane, då.

Fyrste dagen spenner utfordringane

frå skyting, via bakkeløp med stokk, kanopadling

og –løp, hinderløype over

vatn, mimeleik, skiskyting, bruhopping

og sprint opp slalombakken. For

kvar post vankar det minusminutt om

ein feilar.

– Eg har vore så vidt innom i Åmli

før, fortel deltakaren Stine Hopstock frå

Slit seg til nye elevar

Tromøya til Åmliavisa i forbifarten.

Men å gå her på skule frå neste år?

– Eg veit ikkje. Det hadde vore litt

moro, seier ho og hastar vidare.

”Eitt bom! Fire minutt i fråtrekk!”

meldar post-vakta ved skjotebana, der

elevane skal treffe fire ballongar med

salonggevær.

Om nokon hadde tenkt lett om å

springe i takt opp ei sandbakke med

ein stokk over skuldrane, så endra nok

det seg innann toppen. Og korleis i all

verda kjem ein seg vidare når beina låsar

seg fullstendig i tauløypa over eit

skogstjern. ”Seks minutt”, lyder det tørt

frå postvakta når dei let seg sleppe ned

i vatnet ned eit plask.

Undervegs gjer sykkelløypa i seg

sjølv nokre utfordringar. Her er det

snakk om oppoverbakkar som verkeleg

er nesten endelause.

Nedoverbakken er endå verre.

– Løypa omfattar ein bratt sti nedover

mot Epletveit. Der krev vi at deltakarane

skal trille syklane, seier Helseog

sosiallærar Freddie Andreassen, og

grøsser ved tankane på dei mulege skadane

ved velt i bratt skogsterreng.

Han er sikkerheitsanvarleg for heile

58,5 grader nord, og har telefonen konstant

mot øyret i tilfelle noko som helst.

160 elevar i ei utfordrande løype. Statistisk

sett kan det lett skje noko!

I botnen av denne kleiva konstaterer

Freddie tilfreds at elevane held disiplin,

og ikkje har sett seg på sykkelen for eit

livsfarleg ritt.

– Det er bra. No er det berre att å

hoppe frå ei bru, og sprinte opp slalombakken!

ropar han oppmuntrande.

Kvelden og natta inneber sosialt

samver og telting med tilsaman over

200 elevar. Laga får minuspoeng for å

forlate leiren. Så vert vinnaren kåra på

ettermiddagen fredag.

Vinnarlaget heiter Stinta 5. Dei er

storfornøgde.

– No har de vel lyst til å kome attende

til Åmli som elevar på vgs?

Det kjem ikkje på tale for Mathilde

Laulo og Kamilla Nesset Saltmark som

var med på vinnarlaget frå Stinta.

– Alt for langt heimefrå. Vi kjem til

å søkje på idrettslina til den nye Sam

Eyde skule neste år, seier dei.

Skulen yter 100.000 kroner på opplegget.

Både lærarar og elevar står på

som frivillige, med det målet at skulen

skal få søkjarar nok til å overleve. Stig

Tveit og dei andre lærarane har ikkje

fått utarbeidd noko tal på i kva grad

deltakarane på 58,5 grader nord verkeleg

søkjer seg til Åmli.

– Vi har ikkje nokon statistikk på det.

Men vi har sett ei jamn oppgang i søkartala

sidan vi starta med dette, og reknar

med at det er ein samanhang.

Mattelærar Trond Eirik Jaabæk spisser

øyrer.

– Statistikk? Dette kan vere ei oppgåve

for matteklassa.

Tau: Post tre inneber store utfordringar for Sondre Trommestad og Peder Sørensen. Seks minutt i

fråtrekk om dei dett i vatnet! I bakgrunnen: Eivind Jonsen Sangvik, 3. klasse vgs i Åmli.

eller hvor du kommer fra i fylket.

Viktig med folk på fylket

Tekkef Inge Mørland mener det er

viktig at Åmli er representert i fylkestinget.

Dette fordi sakene som

Åmli er opptatt av lettere kommer

på dagsorden. I dag er det Ola

Martin Retterholt (Frp), og han

selv som er folkevalgte i fylkets

øverste organ.

– Jeg føler at jeg har fått satt på

dagsorden kampen for å beholde

og utvikle den videregående skolen

i kommunen. Jeg vet også hvor

viktig gode veier er for Åmli og

andre distriktskommuner. Nå får

vi utbedra FV 415 mellom Bunæs

og Stormo, og skulle jeg bli fylkesordfører,

så vil jeg fortsette å jobbe

for at vi skal få mer oppmerksomhet

rundt RV41 mot Kristiansand,

svarer han.

Kortere avstand

– Vil det bli kortere avstand mellom

Åmli kommune til Fløyheia

med deg i førersetet?

– Jeg kjenner i alle fall godt til

utfordringene Åmli kommune har

både i forhold til den videregående

skolen, behovet for gode veier

og næringsutvikling, og har prøvd

å jobbe for dette de årene jeg har

sittet på fylkestinget. Gjennom

det håper jeg også at det oppleves

som at veien fra Åmli til fylkeskommunen

har blitt kortere! Skulle

jeg bli fylkesordfører, håper jeg

at åmlifolk (og andre) vil oppleve

det som enkelt å ta en tur innom

Fløyheia, dersom de har noe på

hjertet! svarer han åpenhjertig.

var glad for bsøk: Bjørg Voreland synes det var veldig hyggelig å få besøk av Høyres fremste kandidater Marit

Finsrud og Hans Fredrik Tangen. Om hun kommer til å stemme på dem ville hun ikke avsløre, men hun ønsket

dem lykke til videre i valgkampen. Den saken hun er aller mest opptatt av er å si nei til vinmonopol. – Økt tilgjengelighet

gir økt forbruk, og jeg ønsker ikke at folk i Åmli skal bli fristet, sa hun. – Jeg ønsker at barn og unge

skal ha best mulig oppvekstvilkår, og det får de ikke om de har foreldre som ikke klarer å begrense forbruket, sier

hun.

er svarbeidet

videreårt,

der

hele utat

vi får

i fylket

8 melal,

for å

re både

er det

god på-

, og da

tor forføreren

og dere

utfor-

ingsut-

e bidra

le utvilarer

å

i hele

Stemmer tas i mot med takk

– Mener du alle fra Åmli bør stemme

på deg ved fylkestingsvalget,

uansett hvilken politisk farge de

har ellers?

– Folk må selvsagt selv bestemme

hvem de vil stemme på i fylkestingsvalget,

– men alle stemmer

tas imot med glede! avslutter

Tellef Inge Mørland og smiler.

Stiller i dressjakke!

Mørland er ikke kjent for å være

snobbete i klesveien. Genser og

dongeribukse bruker å være standard

antrekk. I tillegg bruker han

konsekvent plastpose til alle dokumentene

sine.

– Om du blir fylkets nye ordfører

må du kanskje bli litt mer mann

med dress og slips?

– Ha ha. Ja, da lar jeg Åmliavisas

journalist kle meg opp, og ja – du

kan få lov å ta plastposen fra meg

da, ler Mørland.

r fra en

nok litt

dskomå.

r til så

kesordt-Agder

n gi et

atse på

muligel

du er

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!