24.07.2014 Views

Telegrafverket 1955-1956 - Statistisk sentralbyrå

Telegrafverket 1955-1956 - Statistisk sentralbyrå

Telegrafverket 1955-1956 - Statistisk sentralbyrå

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

A. Melding frå Telegrafstyret for budsjettåret 1955-56.

I. Administrasjon

Organisasjon.

Telegrafverkets administrasjon deler seg i tre: sentraladministrasjonen, distriktsadministrasjonen

og lokaladministrasjonen. Direkte under telegrafdirektøren som er den høgste

administrative leiaren, høyrer dei fire fagsjefane i Telegrafstyret (sentraladministrasjonen),

telefondirektørane for Bergen og Oslo telefonanlegg og 12 distriktsjefar. Dei siste er sjefar for

kvar sin distriktsadministrasjon. Under distriktsadministrasjonen høyrer dei einskilde telegrafstyrarane

som til regel har fleire stasjonar under seg (ein kontrollkrins). Beinveges under Telegrafstyret

ligg likevel telegrafstyrarane ved kringkastingstasjonar og bakkestasjonar, dessutan

styraren ved Svalbard radio.

Da budsjettåret enda var det telegrafstyrarar ved

129 vanlege telegraf- og rikstelefonstasjonar

1 forsterkarstasjon

2 sjølvstendige telefonanlegg

12 sjølvstendige radiostasjonar

13 kringkastarar

19 bakkestasjonar

1 radiofyr.

Ovafor har ein ikkje rekna med telegrafstyrarane ved Tryvasshøgda radio, Ski mottakarstasjon

og Oslo rikstelefonstasjon, og heller ikkje teki med Jeløy radio med ein driftsingeniør

som leiar.

I budsjettåret blei det gjort desse brigde i den administrative oppdelinga:

1. juli 1955 blei Trondheim telegraf/rikstelefonstasjon og Trondheim telefonanlegg slegne

saman under ein telegrafstyrar.

1. juli 1955 blei direktør-stillinga ved Stavanger telefonanlegg omgjort til telegrafstyrarstilling

og anlegget lagt inn under distriktsjefen i Rogaland.

1. juli 1955 ble stasjonane i Eidfjord herad førde over frå Voss til Odda kontrollkrins.

1. juli 1955 blei dei stasjonane i Vats herad som før låg under Haugesund, førde over til

Olen kontrollkrins og dei i Bømlo og Moster herad over til Stord kontrollkrins.

1. november 1955 blei Dombås og Otta kontrollkrinsar slegne saman til ein kontrollkrins

med Otta som kontrollstasjon.

1. juni 1956 blei den lokale administrasjon av Isfjord og Ny-Ålesund radio lagt under telegrafstyraren

ved Svalbard radio.

Ymse administrative tiltak.

Representantar frå Telegrafstyret har i budsjettåret vori med i ymse internasjonale drøftinger

I Baltic and North Sea Radiotelephone Conference i Goteborg møtte sjefingeniør N. &berg,

kontorsjef O. Sandvei og avdelingsingeniør P. Mortensen for Noreg. Møtet varde frå 1. til 21.

september 1955 og drøfta ekspedisjonsreglane for radiotelefonitenesta.

I den etterfylgjande Baltic and North Sea Telecommunication Meeting møtte også telegrafdirektør

Sv. Rynning-Tønnesen. Drøftingene galdt koordinering av sjøredningstenesta og varde

frå 22. til 24. september.

I tida 7. til 13. oktober 1955 var det i Paris møte i underkomitéen for snøggekspedisjon

(SCMR) under den internasjonale rådgjevande komitéen for telefoni (CCIF). Overingeniør O.

Nystog og fyrstesekretær P. Rabbås møtte som norske representantar.

I dagane 30. oktober — 1. november 1955 og 16. — 17. mars 1956 var det møte i Kobenhavn

mellom representantar frå American Telegraph and Telephone Company og teleadministrasjonane

i Danmark, Sverike og Noreg. Drøftinga galdt bruken av og takstar for trafikken over den

transatlantiske telefonkablen.

Norske representantar til det fyrste møte var telegrafdirektør Sv. Rynning-Tønnesen og

kontorsjef A. Strand. På møtet i mars 1956 representerte kontorsjef A. Strand, telegrafstyrar

O. E. Iversen og avdelingsingeniør P. Mortensen Noreg.

På eit møte i Stockholm i dagane 14. — 16. november 1955 drøfta representantar fra Danmark,

Finnland, Sverike og Noreg organiseringa av det nordiske fjernvalnettet og samanknytinga

med det europeiske fjernvalnettet. Frå Noreg møtte overingeniørane T. Dovland, K. Lagset

og O. Nystog og fyrstesekretær P. Rabbås.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!