24.07.2014 Views

Telegrafverket 1955-1956 - Statistisk sentralbyrå

Telegrafverket 1955-1956 - Statistisk sentralbyrå

Telegrafverket 1955-1956 - Statistisk sentralbyrå

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Noregs telekommunikasjonar.

Etter lov frå 29. april 1899 har staten monopol på å byggja og driva telekommunikasjonar.

I samsvar med demie lova er bygging og drift av telefon og telegraf administrert av Telegrafstyret

som høyrer inn under Samferdselsdepartementet.

Drifta av det ålmenne telegraf- og langlinetelefonnettet ligg under Telegrafstyret. Like

eins er det også med storparten av lokaltelefonen. Som eit unnatak blir lokaltelefonen på einskilde

stader driven av private selskap som har konsesjon frå Telegrafstyret. Desse selskapa midlar

også telegram for ålmenta. Etter avtale midlar også N.S.B. telegram for ålmenta over det telefonnettet

som jarnvegen sjølv driv for å tryggja togferdsla.

Telegrafstyret byggjer og driv kystradiostasjonane til å tryggja skipsfarten og midla telefonog

telegramtrafikk med skip i sjøen. Bygging og drift av radioteknisk navigasjonsutstyr for

skipsfarten tek fyrvesenet hand om. Fyrvesenet byggjer og driv sjølv mindre radiotelefonstasjonar

på fyra.

Til det ålmenne telekommunikasjonsnettet som Telegrafverket driv høyrer også radiostasjonane,

men ikkje dei radiostasjonane i Ishavet som Meteorologisk Institutt driv av omsyn

til vervarslingstenesta.

Radiotenesta om bord i norske skip blir teken hand om av private selskap etter konsesjon

frå Telegrafstyret. Det same gjeld også mindre radiostasjonar i land og landmobile stasjonar

som berre midlar telegram og telefonsamtaler mellom visse stasjonar som går inn under dei

einskilde konsesjonane. •

For Luftfartsdirektoratet byggjer og driv Telegrafstyret bakkestasjonane og anna radioteknisk

utstyr til trygging av luftferdsla.

Telegrafstyret byggjer og driv alle kringkastarane for Norsk Rikskringkasting.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!