29.04.2014 Views

RAPPOR T Evaluering av NVE sitt snøstasjonsnettverk

RAPPOR T Evaluering av NVE sitt snøstasjonsnettverk

RAPPOR T Evaluering av NVE sitt snøstasjonsnettverk

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

4 Vurdering av klimatiske faktorar

Snødekke på og rundt ein snøputestasjon vert påverka av det lokale klimaet i området. Dette kapittelet

vil gje ein gjennomgang av viktige prosessar som skjer i snøpakka, og korleis klimatiske faktorar som

vind og temperatur verkar på snøpakka. Snøputene er i utangspunktet ei punktmåling for snøens

vannekvivalent. Dersom snøputene skal nyttast til å anslå smeltevassvolum, er det viktig at dei har ein

representativ lokalitet for det omkringliggjande området. Kapittelet vil også ta for seg kva som er

viktig ved val av lokalisering for ein ny stasjon og korleis puta bør plasserast i terrenget.

4.1 Snødekke

For å lettare kunne forstå og gjenkjenna dei ulike prosessane som påverkar resultata frå snøputene, er

det nyttig med litt bakgrunnskunnskap om snødekke og snøen sin metamorfose. Hovudparten av dette

fagstoffet er henta frå Leid og Kristensen (2003).

Snø er nedbør i form av gjennomsiktige krystallar av is som er danna rundt små partiklar i atmosfæren.

Snøkrystallar er basert på ei sekskanta grunnform og har fire hovudformer: plater, stjerner, nåler og

søyler. Krystallane er gjennomsiktige kvar for seg, men den store mengda reflekterande overflater får

snøen til å sjå kvit ut.

Etter at snøen er avsett, vil den søkkja saman. Setninga skuldast vekta av snøen og at snøkrystallane

gradvis mistar forgreiningane ved at fasongen endrar seg. Denne prosessen skjer raskast rett etter

snøfallet, og når temperaturen er rundt 0 o C. I kaldt vêr vil snødekket halda seg lett og laust i lang tid.

Dersom det bles under snøfallet vil snøen verta pakka saman av vinden. Jo sterkare det bles, jo meir

vert snøen pakka. Snøfallintensitet, temperatur under snøfallet og vinden si styrke og retning påverkar

oppbygginga av snødekke. Avdi desse faktorane er ulike for kvar gong det snør, får ein i snøpakka

danna lag med ulik struktur.

4.1.1 Temperaturfordeling i snødekke

Snøen er ein dårleg varmeleiar pga. stort innhald av luft. Snøpakka vert oppvarma frå undersida av di

jordvarme vert leia opp frå jordas indre og varme frå førre sommar som er lagra i bakken. Dette førar

til at temperaturen i snøen ved bakkeoverflata sjeldan vert mykje under 0 o C i vårt klimaområde. I

snøoverflata vil temperaturen stort sett innstille seg etter lufttemperaturen og varierar mykje frå dag til

natt og med vêrforholda i atmosfæren (Figur 9). Dette gjer at temperaturen i snøoverflata om vinteren

vanlegvis er lågare enn den ved bakken. Det er ikkje uvanleg at overflatetemperaturen til snøen er

mellom -10 o C og -15 o C og bakketemperaturen er rundt 0 o C. Ei snøpakka på 20 cm laus og lett nysnø

kan ha ein temperaturgradient på 1 o C/cm. (Leid og Kristensen 2003).

Varmeutveksling mellom snø og luft skjer hovudsakeleg via fylgjande fire prosessar: stråling,

konveksjon, kondensasjon og sublimasjon. Det er desse faktorane som er bestemmande for smelting

av snøen om våren. Smeltinga skjer nesten berre i dei øvste centimetrane av snødekket (Leid og

Kristensen 2003).

63

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!