13.02.2014 Views

Nye rektorar i den vidaregåande skolen - Hordaland fylkeskommune

Nye rektorar i den vidaregåande skolen - Hordaland fylkeskommune

Nye rektorar i den vidaregåande skolen - Hordaland fylkeskommune

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Nye rektorar

i den vidaregåande skolen

August 2008

Leiv Vidar Ask

Norheimsund vidaregåande skule

– Eg kjenner Norheimsund vidaregåande skule godt og ser

fram til spanande år som rektor, seier 60-åringen

Leiv Vidar Ask.

Ask var elev ved skulen i 1965 og kom att som lærar ti år

etter. Sidan har han arbeidd ved skulen, berre avbroten av

nokre få år i næringslivet. Først som lærar i maskinfag og i fleire fellesfag. Deretter

som rådgjevar, så studieinspektør og etter kvart inspektør. Dei åtte siste åra har han

vore assisterande rektor.

Meistring

Ask har fagbrev i maskinfag og er utdanna maskiningeniør frå Bergen ingeniørhøgskole.

Undervegs har han tileigna seg pedagogisk kompetanse. Naturglade Ask

har også ei halvårseining i friluftsliv.

Etter ingeniørutdanninga i Bergen var han innom både læraryrket og skipsteknisk

arbeid før han kom heim til skulen i Steinsdalen.

Norheimsund vidaregåande skule kan visa til svært låge tal når det gjeld fråfall av

elevar. I fjor var det berre fem elevar som slutta ved skulen.

– Vi har mange strategiar retta mot elevar som ikkje finn seg til rette i

klasserommet. Og me har eit godt samspel med næringslivet i Kvam.

– Er det rom for nye programfag ved skulen?

– Sal og samferdsel kunne vore eit satsingsområde, men ein skal vera

varsam når me skal finna nye bein å stå på. Me hentar trass alt elevar i

den same ”marknaden”. Det kan fort gå ut over dei andre faga.

– Kva gler du deg mest til som rektor?

– Til dei gode samtalane med elevane. Eg ser fram til å høyra lærarane

seia at ”det er kjekt i klassen”. Det gjev inspirasjon, seier Ask.

– Er det noko du ynskjer å endra på ved Norheimsund vidaregåande skule?

– Eg vil saman med kollegiet gripa tak i resultata av elevundersøkinga som er

gjort, og sjå kva ho signaliserer. Elles ynskjer me å arbeida målretta med

motivasjon og læringslyst hjå elevane.

Rekruttering av lærarar har vore eit problem som me framleis må ha

merksemd rundt, seier Ask.

Venke Barrikmo

Rogne vidaregåande skule

Den austlandske vestlendingen Venke Barrikmo havna

tilfeldig på Voss på midten av 70-talet etter gymnaset på

Kongsberg. På Voss utdanna ho seg som dekoratør ved

gamle Vatles Dekorasjonsfagskule. Her bygde ho på med

toårig fagkurs i marknadsføring. Så vart det pendling og

Statens Lærarhøgskule i handels- og kontorfag. Ved Voss

vidaregåande skule arbeidde ho som lærar i 21 år. Ho underviste primært i norsk i

tillegg til å vere bibliotekansvarleg.

I differensieringsprosjektet var ho prosjektansvarleg ved skulen. Ein periode var ho

òg kursansvarleg. Frå 1999-2003 sat ho i ei forsøksnemnd i Utdanningsdirektoratet,

der nemnda hadde ansvar for eksamensoppgåver i norsk med IKT.

Pedagogisk bruk av IKT

I 2003 fekk ho stilling som undervisningsinspektør I ved Voss Husflidskule.

I rektors sjukefråvere sat Venke Barrikmo som konstituert rektor ved skulen i åra

2004-2006. Fram til nytt skuleskifte var ho assisterande rektor.

- Yrkeskarriera mi har ho vore prega av interessa for IKT, og korleis dette kan

nyttast til beste for læring, i tillegg til hjertebarnet mitt, norskfaget. Difor meldte

eg meg raskt på når HFK hadde tilbod om studiet Pedagogisk bruk av IKT.

Fylket si leiaropplæring med eit digitalt tilsnitt, førte med seg eksamen i det å

vere leiar i eit digitalt nettsamfunn, fortel ho.

- Eigenvurderinga?

- Eg ser på meg sjølv som eit menneske med energi og pågangsmot, lojal og

entusiastisk, med eit positivt grunnsyn. Fritida bruker eg mykje på ord; anten

ved å lesa dei eller skriving for internt bruk.

- Utfordringane som rektor er mange. Krava til den einskilde lærar har vore særs

store i ny reform. Nå gjeld det å fokusere på utviklinga som har skjedd, og gjere

fleire trygge på det dei skal takle. Den vidaregåande skulen skal vere ein positiv

arena der elevane kjenner seg trygge og kan utvikle seg fagleg og sosialt,

seier Barrikmo.

Leif Helge Engelsen

Stord vidaregåande skule

- Eg er oppvaksen på Leirvik og har vore elev både ved

Stord Yrkesskule og Stord Gymnas. Eg bur i Øvrebygda i

Fitjar kommune. På fritida likar å farte rundt i båt i Noregs

finaste skjærgard – Fitjarøyane, fortel Leif Helgen Engelsen,

fersk rektor på Stord.

Engelsen er utdanna allmennlærar frå Stord Lærarhøgskule og har tatt ei rekkje

vidareutdanningar innan ulike fag ved institusjonar som NLA i Bergen, universiteteta

i Oslo og Bergen, Statens lærarhøgskule i handels- og kontorfag, Garuda

leiarutvikling, Høgskulen Stord – Haugesund, NTNU i Trondheim m.m.

24 år på Fitjar vidaregåande

- Eg har arbeidd 25 år i Hordaland fylkeskommune, 24 år ved Fitjar vidaregåande

skule der eg har vore lærar, rådgjevar, undervisningsinspektør, personalleiar

og assisterande rektor. I ni år var eg fast medlem i Opplæringsrådet for helse- og

sosialfag. Dei siste 2 åra har eg vore med i FAU – kroppsøving i Hordaland.

Eg er og fagkonsulent innan barne- og ungdomsarbeidarfaget for vaksne som

skal få kartlagt realkompetansen, fortel Engelsen.

Utfordringar

- Stord vidaregåande skule er mellom dei største vidaregåande skulane i fylket.

I januar i fjor vart Stord Yrkesskule og Stord vidaregåande skule slått saman

til ein skule. Eg ser mange utfordringar i å halda fram arbeidet med å fremja

gode integrasjonsprosessar mellom dei ulike avdelingane. Sidan skulen er lokalisert

på tre ulike stadar i Leirvik, har ein filial i Sveio og ein på Stord sjukehus,

vert det ei utfordring å finna gode kommunikasjonskanalar slik at eg når ut til

dei nesten 1000 elevane og 200 tilsette. Utfordringa vert det også å halda fram

med arbeidet med å fremja skulen til å verta den fremste leverandøren på kompetanse

innan skulen sitt område i forhold til regionalt arbeids- og næringsliv.

Å ha eit tett samarbeid med næringslivet i regionen og lokalsamfunnet er svært

viktig, seier rektor.

Unn Fauskanger

Voss gymnas

Unn Fauskanger er cand.philol frå UiB med historie hovudfag,

engelsk mellomfag, sosialantropologi grunnfag,

og pedagogisk seminar. I tillegg har ho halvårseininga

“Skoleledelse og skoleutvikling” ved Bergen Lærerhøgskole

- Av relevant utdanning var eg rektor ved Voss folkehøgskule

frå 1986 til

1995(/1993). Eg var kontorsjef ved institutta Engelsk, Germanistisk, Fonetikk og

lingvistikk ved HF-fakultetet på UiB i 1994/95. Frå ’95 og fram til eg tok over

som rektor på Voss gymnas, var eg rektor på Voss husflidskule, fortel ho.

Det vil seie at Unn Fauskanger har jobba som rektor nesten frå ho var ferdig utdanna.

Ho var den yngste rektor nokonsinne på folkehøgskulen, berre 28 år gamal.

Utfordringane

- Utfordringane som ventar ved Voss gymnas, er å leie ein større skule enn det

eg har gjort tidlegare. Her er fleire folk, både personale og elevar å bli kjend

med og få eit godt samarbeid med. I tillegg er heile leiingsstrukturen på

skulen lagt om, og vi har mange folk i heilt nye funksjonar. Det er også fleire i

leiinga som er nye ved skulen. Men eg veit at staben ved Voss gymnas består av

mange godt rutinerte og flinke folk som er viljuge til å ta tak og stå på. Eg er

viss på at vi i fellesskap skal takle dei utfordringane som kjem vår veg. Det er

noko som vi allereie er godt i gang med. Som ny rektor har eg fått ein varm og

venleg velkomst, noko eg har sett stor pris på, seier Unn Fauskanger.

Margrethe Fredhøi

Sandsli videregående skole

Margrethe Fredhøi er utdanna cand.philol. med nordisk

hovudfag og fransk og historie i fagkrinsen.

I Hordaland Fylkeskommune har ho tidlegare vore tilsett

ved Slåtthaug vgs og Bergen Handelsgymnasium. I perioden

2002-2004 vart BHG, gjennom differensieringsprosjektet,

utnemnd til nasjonal demonstrasjonsskole.

– Det er den mest spennande tida eg har hatt i mitt yrkesaktive liv. Mange dyktige

og motiverte lærarar og elevar tenkte høgt saman for å lage ein skole kor elevane

sjølve fekk gjere eigne val innanfor bestemte rammer, fortel 59-åringen.

Læringsprosessen

Margrethe Fredhøi vart assisterande rektor ved Sandsli vgs hausten 2005, og utfordringane

var mange.

- Sandsli er ein skole der elevane trivst godt, og eksamensresultata er gode.

Som leiar ønskjer eg å setje i gang prosessar slik at vi sørgjer for at alle elevane

lærer meir, at dei får lite fråver og at dei fullfører skolen og går ut med enda be

tre resultat. Skolen skal ha høge ambisjonar på elevane sine vegner. Då må vi

heile tida stille spørsmål om noko kan gjerast på ein annan måte og kva som kan

gjerast for at vi skal bli betre. Lærarane må få tid til å samarbeide og til å reflektere

over eigen praksis, og elevane må seie frå korleis dei lærer best. Det er mitt

ynskje at vi er i kontinuerlig dialog og deretter set ideane våre ut i praktisk

handling. seier ho.

Som privatperson har ho så mange interesser utanfor skolen at ho utan vanskar

kunne fylle dagane med spennande gjeremål.

- Eg går lange turar, eg likar å lese, og eg spelar gjerne bridge. Om sommaren er

hagestell kjekt og om vinteren flettar eg fargerike trådar i ulike teknikkar og

mønster. Samveret med familie og vener betyr dessutan mykje. Eg skil klårt

mellom arbeid og fritid. Det er viktig for meg å ha eit liv utanom skolen. Slik

kan eg reinse tankane og yte best mogleg når eg er på jobb, seier den nytilsette

rektoren.

Asbjørg Hesjedal

Voss Husflidskule

- Eg er utdanna faglærar i tekstilforming og teikning, form

og farge frå SLFO. I tillegg har eg grunnfag i norsk frå

HiB, seier den nytilsette rektoren på husflidskulen.

- Eg har tre års arbeidserfaring i grunnskulen, i Namsskogan,

Oslo og Bergen og 32 år i den vidaregåande skulen. Først var

eg sju år ved Nordreisa videregående skole i Troms, resten

av tida har eg vore i Hordaland. Ved Garnes vidaregåande skule har eg vore tilsett i

26 år, først som faglærar i vev og forming, seinare åtte år som inspektør, 11 år som

rektor og dei to siste åra, etter samanslåinga med Arna gymnas, som assisterande

rektor, fortel ho.

Tilbake til utgangspunktet

- Som 60-åring er eg no tilbake til utgangspunktet, Voss Husflidskule. Her var eg

elev for 40 år sidan, og det var her eg fekk grunnutdanninga mi og ”smaken” på

formingsfaga.

- Kva med rektorstillinga?

- Eg synest det er kjekt å vera tilbake i rektorstilling, og eg ser fram til å arbeida

her på husflidskulen og til å møta nye kollegaer og nye elevar. Eg vil gjerne

halda fram med å utvikla skulen, som har et godt ry på seg. Det vil eg ta vare på,

seier ho

- Utfordringane?

- Utfordringar som ventar meg er for det første at eg må setja meg inn i nye

rutinar, andre og nye planar i forhold til dei eg har jobba med dei siste åra og

ulike måtar å løysa oppgåvene på, seier ho.

- Og fritida?

Eg har ”fristaden ” min på Hamlagrø. Der eig eg og to søsken ei hytte saman.

Når eg kjem på hytta koplar eg ut kvardagen, legg frå meg all sut og nyt tilveret.

Der er det godt å vera både sommar og vinter. I tillegg liker eg å reisa, fortrinnsvis

på storbyferiar, til denne tid mest i Europa. Eg syng i kor og er medlem i Haukeland

songlag i Arna. Der har eg mange gode vener. Vi trivst saman både i song, når vi er

saman i festleg lag og på reiser i inn- og utland, fortel Asbjørg Hesjedal.

Lin Holvik

Nordahl Grieg vidaregående skole

Skulen er ikkje klar før om to år. Då vert trebornsmora Lin

Marie Holvik rektor på ein av Noregs mest spanande skular,

Nordahl Grieg vidaregåande. Noregs største dramatikar i

det førre hundreåret skal endeleg få namnet sitt på ein skule.

Det ville gledd diktaren som skreiv Til ungdomen. Fann

han gjorde aldri nordmenn på leit etter krigen, men han ligg

ein stad i Berlin der han styrta i eit britisk fly 2.desember 1943. Og så får han smile

til oss der han no er, for han skreiv også Reis ingen monumenter.

- Eg er frå Måløy i Nordfjord og kjem frå jobb som rektor på Rå ungdomsskule,

der eg også har vore inspektør og lærar. I utdanninga mi har eg faga norsk,

engelsk, spesialpedagogikk og filosofi og leiing. Eg kom til Bergen etter åtte år

utanlands og 10 år i Oslo, fortel Lin Holvik.

Skuleutvikling

- Skuleutvikling med eleven si læring i fokus er noko eg er levande oppteken av.

Målsetjinga mi som leiar er å skape eit læringsmiljø som stiller krav, og støttar

der det trengs slik at endå fleire lukkast i sine val. Vi må utfordre, og gje ung

dommane innsikt og kompetanse til sjølve å skape si eiga framtid, seier ho.

- Å dele kunnskap

- Å trekkje liner, opprette forpliktande samarbeid mellom grunnskule, vid

aregåande, og universitet/høgskule, samt lokalt næringsliv er noko eg brenn for.

Eg trur på å dele kunnskap, lytte til forskning, og at forståing av kvarandre sine

fagmiljø gjev oss eit dynamisk og spanande fellesskap, som vi alle treng for å bli

gode. Eg gler meg til å ta fatt på oppgåva på Nordahl Grieg, seier Lin Holvik.

Odd Kløve

Voss vidaregåande skule

- Bakgrunnen min er ti år i hæren/vernepliktig major.

Tilsett i 1980 ved Voss vidaregåande skule som faglærar,

seinare lektor, med undervisning i bil- og landbruksmekanikarfag

og fellesfag, frå 1994 studieinspektør med undervisning

i matematikk. Landbruksmekanikar, eksamen artium

(reallina), Hærens Krigsskule , hovudfag i yrkespedagogikk

og diverse leiarutdanning, mellom anna bedriftsleiarskulen.

- Eg gler meg til å ta fatt i den nye jobben som leiar. Det er ein stor skule med åtte

utdannings-program og ca. 85 tilsette lokalisert på tre ulike opplæringsstader

både i Voss og Granvin. Samla har vi om lag 370 elevar som skal ha eit godt

skuletilbod tilpassa deira interesser og evner, seier 61-åringen.

Samarbeid

Samarbeid er eit nøkkelord for god skulekultur, og det er viktig å vera lyttande og

rettferdig overfor alle. Vi har eit personale som sit på solid fagkompetanse, seier

Kløve

Skulens visjon er: ”Aktiv læring i eit inkluderande og stimulerande miljø”.

Utfordringane ligg altså på fleire plan; stimulere til god læringsmiljø for elevane og

stimulere til godt arbeidsmiljø for personalgruppene og for leiarteamet.

Sjølv har eg ”litt gutunge i meg” framleis, og likar alt som er motorisert, eksempelvis

å køyra motorsykkel. Og det er kjekt med ein tur i småfly når det er fint

vær td. for å lokalisere sauene våre som går høgt oppe i fjellet. Gardsdrifta heime

har før teke mykje av fritida mi, og framleis likar eg å vere kårkall og ta ei økt på

traktoren i slåtten eller reparera på traktorar og maskinparken elles.

Siste året har eg vore ein del på ski og ”teke” seks nye toppar på Mjølfjell, dette

gjev flott rekreasjon og trim.Eg vonar at leiarjobben kan gje litt helgefri til å vera

på fjellet både sommar og vinter.

Eg er interessert i litteratur, og utanom faglitteratur er krimbøker favoritten. ”Kineseren”

av Henning Mankell er sist leste bok.

Anne S. de Lange

Bergen maritime videregående skole

- Eg er 46 år, sambuar og har 2 barn. Utdanninga min er

elektroingeniør for skip, og i tillegg har eg tatt både pedagogikk,

spesialpedagogikk og lederutdanning.

Då ho var 18 år, begynte ho som reinhaldar på plattformer i

Nordsjøen, ein jobb ho hadde under heile utdanninga.

Ferdig med vidaregåande skule og høgskule, vart ho tilsett som lærar i elektrofag

ved Krokeide videregående skole. Her var ho til ho i 2005 begynte som avdelingsleiar

for heile den vidaregåande skulen på Bergen maritime. Ho har hatt ulike

verv, mellom anna som dei tilsette sin representant i styret v/Krokeidesenteret og

som tillitsvald for Utdanningsforbundet. Hausten 2007 vart ho assisterande rektor

og no er ho rektor på Bergen maritime.

500 elevar

Bergen maritime skole heiter eigentleg Bergen maritime videregående skole og

maritime fagskole. Både fagskulen og den videregående skulen har utdanning

innan dei maritime og petroleumstekniske faga. Totalt er det ca 500 elevar og studentar

ved skolen. Studentane innan dei maritime faga på fagskulen, kan etter nok

fartstid, løyse sertifikat som skipsførarar eller maskinsjefar.

Skolen har eit utstrakt samarbeid med aktuelle næringar. Bergen maritime har

inngått partnerskapsavtaler med både rederi og næringar innan petroleum.

Bergen maritime skole har fleire utfordringar framover, som å videreutvikle

kontakten med aktuelle næringar. Skulen leigar ein slepebåt, slik at elevene skal få

utføre praktisk arbeid og kome seg ut på sjøen. Hovedfokus framover vert likevel

pedagogikk og aktivitetane i klasserommet.

- Eg ser ingen grunn til at vi ikkje skal bli den beste maritime skulen i Noreg,

sier rektor.

- På fritida likar eg å bruke tid på trim og trening. Eg likar å gå turar i fjellet og

tek gjerne ein tur på sykkelen når det passar. Bøker og handarbeid er også noko

eg likar å drive med.

nyerektoren på Åsane.

Martin Risøy

Åsane vidaregående skole

- Eg har vore tilsett i Hordaland fylkeskommune sidan

1.januar 1979, fortel Martin Risøy, ny rektor på Åsane

videregående skole og nett runda 60 år.

Risøy har vore tilsett som lærar/rådgjevar ved Arna

Yrkesskule, og har vore rektor både på Osterøy og

Norheimsund vidaregåande skular. Frå 1.august er han

Stor spaning

Før han fann fram til skuleverda, var han tilsett i ulike arbeidsforhold i industribedrifter.

- Eg er utdanna faglærar innan mekaniske fag og har spesialpedagogisk utdanning.

Det gir adjunkt med opprykk, fortel han.

- Det er med stor spaning eg tek til i denne nye rektorjobben. Sjølv om eg har lang

erfaring som rektor, er dette ein stor skule med mange avdelingar som gjev

mange nye utfordingar.

Fengselsundervisninga i Hordaland eg også mitt ansvar, noko som gjer denne

stillinga enno meir krevjande og spanande. Men med så mange gode medarbeidarar

som det er her ved skulen skal det nok gå fint.

Utfordringa

- Kva vert den store utfordringa?

- Hovudoppgåva mi vil vera å leggja til rette for at elevane ved skulen får god

opplæring og at Åsane vert ein god plass å vera både for elevar og for tilsette,

seier Risøy.

- Privat ynskjer eg å bruka tid på familien, kone, to barn og seks barnebarn Vi har

hytte i Lindås som eg reiser ofte til. Eg likar å trena, gå turar og ikkje minst å

fiska. Eg brukar også mykje tid i ulike oppdrag innan dei frivillige kristne

organisasjonane, fortel Martin Risøy.

Rektorar i den vidaregåande skulen i Hordaland

Skule

Navn

ARNA YRKESSKULE WIIK MAGNE

ASKØY VIDEREGÅENDE SKOLE ØSTENSEN LILLIAN

AUSTEVOLL VIDAREGÅANDE SKULE RABBEN HÅVARD KRISTOFFER

AUSTRHEIM VIDAREGÅANDE SKULE KVINGEDAL MAGNUS

BERGEN HANDELSGYMNASIUM HEGGHEIM SVEIN LEIDULF

BERGEN KATEDRALSKOLE VIBE HANS PEDER

BERGEN MARITIME VIDG.SKOLE DE LANGE ANNE SJØVOLD

BERGEN TEKNISKE FAGSKOLE TVEDT TORBJØRN

BJØRGVIN VIDEREGÅENDE SKOLE STORMARK KRISTEN

BØMLO VIDAREGÅANDE SKULE SKARET KJELL OLAV

ETNE VIDAREGÅANDE SKULE KALLEVIK MARION GIESSING

FANA GYMNAS WENNEMO RANDI

FITJAR VIDAREGÅANDE SKULE TISLEVOLL ANNA BODIL H

FUSA VIDAREGÅANDE SKULE LAUPSA ANNBJØRG

FYLLINGSDALEN V.G. SKOLE NORDBOTN PER MORTEN

GARNES VGS KVAMME AUD ÅSNE

HJELTNES GARTNERSKULE ØYRE GUNNBJØRG

KNARVIK VIDAREGÅANDE SKULE ALVER INGE

KVINNHERAD VIDAREGÅANDE SKULE BJELLAND AUDUN

LAKSEVÅG VIDEREGÅENDE SKOLE BJØRDAL AUD EVA

LANGHAUGEN SKOLE TOKHEIM MARIT

LØNBORG VIDRG.SKOLE SYSTAD HELENE

MANGER FOLKEHØGSKULE RYDLAND GEIR

NORHEIMSUND VGS ASK VIDAR

ODDA VIDRG. SKOLE CHRISTIANSEN KARL E

OLSVIKÅSEN VGS ROSNES ÅGE RONALD

OS GYMNAS EIKELAND TROND

OS VIDAREGÅANDE SKULE M/FIL. BIRKNES BJØRN JONN

OSTERØY VIDR.G. SKULE SØILEN AUD K

ROGNE VGS BARRIKMO VENKE

RUBBESTADNESET VGS GÅSLAND RUNE

SANDSLI VIDEREGÅENDE SKOLE FREDHØI MARGRETHE

SLÅTTHAUG VIDEREGÅENDE SKOLE SØRÅS OTTO

SOTRA VIDAREGÅANDE SKULE LERVIK KJELL JOHAN

STEND VIDAREGÅANDE SKULE MOSEBØ TONE

STORD VGS ENGELSEN LEIF HELGE

TANKS SKOLE HØGSET ODDBJØRG

TERTNES VGS KIRKEEIDE GRETE BERG

U. PIHLS SKOLE SAGEN ODDVEIG RINGERUD

ULRIKEN SKOLESENTER AASEN GRETE MARKESETH

VOSS GYMNAS FAUSKANGER UNN

VOSS HUSFLIDSKULE HESJEDAL ASBJØRG

VOSS JORDBRUKSSKULE STYVE SVEIN INGE

VOSS VIDAREGÅANDE SKULE KLØVE ODD

ØYSTESE GYMNAS BAKKE INGEBJØRG

ÅRSTAD VIDEREGÅENDE SKOLE MORKEN INGER

ÅSANE VIDEREGÅENDE SKOLE RISØY MARTIN

Agnes Mowinchelsgate 5

Postboks 7900

5020 Bergen

www.hordaland.no

August 2008

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!