23.01.2014 Views

UGULSVIK KRAFTVERK

UGULSVIK KRAFTVERK

UGULSVIK KRAFTVERK

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

2.0 Skildring av tiltaket Ugulsvik kraftverk

Dammen blir utstyrt med arrangement for tapping og måling av

minstevassføring/standard løysning der ein vil ta med i vurderinga dei

landskapsmessige, fysiske og klimatiske forholda på staden. Ein vil ta ut eit rør for

minstevassføring oppstrøms ventilen og føra den gjennom veggen og tilbake til elva.

Planlagt slipp av minstevassføring er på 25 l/s hele året.

Inntaket er planlagt plassert der elva begynner å falle ned i Ugledalen. Her er eit søkk i

terrenget og fast fjell. Inntaksdammen vert då avgrensa av dette søkket. Elva renn

relativt roleg ned i dette søkket. Med nok høgde på inntaket unngår ein isproblem og ein

får rolege vassforhold i inntaket. Dette betrar køyringa av kraftverket. Med fast fjell i

inntaket minimerar ein endring av dei lokale hydrologiske forholda og utvasking av

sediment.

Inntaket er tenkt plassert under ei flate som ligg over skoggrensa. Terrenget avgrensar

inntaket naturleg og her er rolege forhold i elva. Nedstøms denne plasseringa renn elva

brattare og det er meir sedimentering. Inntaksdammen vil då også verte høgare for å få

tilstrekkeleg volum.

Reguleringsmagasin

Det vil ikkje bli etablert reguleringsmagasin i samband med dette prosjektet.

Røyrgate

Frå inntaket er det planlagt å grave ned duktile støypejarnsrøyr til kote 530. Frå kote 530

til kote 405 er det planlagt at røyrgata vert plassert på betongelement i dagen. Vidare

ned til kraftstasjonen er det planlagt å grave ned duktile støypejernsrøyr. Vassvegen vil

ha ei lengde på kring 1490 meter og er planlagt med ein diameter på 500mm. Det må

ryddast rundt 20-25 meter bredda av skogen for å leggja rørgata. Røyrgata vil bli

tildekka med stadeigen masse der røyrgata skal gravast ned. Naudsynt omfyllingsmasse

i samsvar med tekniske krav vil verta tilført. Skog må i hovudsak ryddast langs heile

vassvegen.

Røyrgata er planlagt på nordsida av elva heilt ned til kraftstasjonen. Utan elvekryssing

reduserar ein inngrep i elva og elvekanten nedover elva. Terrenget er relativt jamt og

bratt. Den midtre delen er brattast (over 40 grader i snitt) og kan derfor ikkje gravast

ned. Boring i fjell vil vere ekstra kostbart midt i traseen då vassvegen har stort trykk og

sjakta må forast med røyr. Boring av heile vassvegen er teknisk enklare (utan foring i

loddsjakta), men gjere prosjektet for kostbart.

Tunnel

Det er ikkje planlagt tunnelanlegg i samband med dette prosjektet.

Kraftstasjonen

Kraftstasjonen vil liggje på oppsida av fylkesvegen mot Veitastrondsvatnet på nordsida

av utløpet til Vikaelvi. I kraftstasjonen skal det plasserast ein pelton-turbin på inntil 3,1

MW med ei slukeevne på 0,58 m 3 /s (200% av middelvassføringa). Minste slukeevne vil

verte kring 0,03 m 3 /s. Det må og installerast ein generator på 3,5 MVA og ein 6,6/22kV

transformator.

7

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!