23.01.2014 Views

UGULSVIK KRAFTVERK

UGULSVIK KRAFTVERK

UGULSVIK KRAFTVERK

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

5.0 Verknadar av tiltaket Miljørapport Ugulsvik kraftverk

5.0 VERKNADAR AV TILTAKET

5.1 Omfang og konsekvens

Småkraftprosjektet vil redusere vassmengda i elva på den påverka strekninga. Artar som

er direkte knytt til vassføring og fuktigheit frå elva vil verta påverka. Det ikkje registrert

viktige arter/samfunn som er direkte knytt til fuktigheita frå elva. Lav- og mosefloraen i

undersøkingsområdet ganske triviell grunna lite kontinuitetsamfunn av t.d. skog (lite

død ved) og lite eigna substrat/soleksponering. I øvre og nedre del av tiltaksområdet

renn elva konsentrert i lausmassar. I det bratte partiet i midten renn elva grunnare og

over fast fjell. Her spreier vatnet seg meir ut i omkringliggande vegetasjon. Elva kan ha

for lite vassføring i periodar til å vere eigna habitat for fossekall. Det er kjent at fisk står

ved utløpsosen, men ikkje oppe i elva. Det er ikkje registrert viktige artar/samfunn i

tiltaksområdet og sannsynet for å finne raudlisteartar er vurdert som liten.

Prosjektet omfattar opparbeiding av vegar og røyrgate. Dette arbeidet vil påverke

flora/fauna direkte. Det er planlagt anleggsveg opp til den bratte delen av tiltaksområdet,

mens den øvre delen er planlagt etablert veglaust. Det er ikkje identifisert viktige

naturverdiar som vert påverka av vegar eller røyrgate. Støy vil kunne påverke fauna

midlertidig i anleggsperioden.

Samla omfang av tiltaket er vurdert som lite til middels negativt.

Omfang:

Stort neg. Middels neg. Lite/ingen Middels pos. Stort pos.

Sammenstilling av verdi og omfang av tiltaket gjer at konsekvensen av prosjektet

vurdert som liten til middels negativ for det biologisk mangfaldet.

Konsekvensvurdering:

Svært st.neg. Stort neg. Middels neg. Lite/ingen Middels pos. Stort pos. Svært st. pos

5.2 Samanlikning med andre nedbørsfelt / andre nærliggande

vassdrag

Veitastrondsvatnet er reguleringsmagasin for Årøy kraftverk med ei reguleringshøgd på

kring 1,5 meter. På austsida av Veitastrondsvatnet er det få markerte elvar utanom

Vikaelvi før ein kjem fram til Kvam. På vestsida av vatnet er Yndesdalselvi og

Kjerringneselvi større og markerte. Begge desse elvane er betydeleg større enn Vikaelvi

med større vatn og myrområde. Nedste del av Yndesdalselvi er omsøkt utbygd som

småkraftverk (Holen kraftverk).

Verna vassdrag i nærleiken er Sogndalselvi, vest for Veitastrondsvatnet, som vart verna

gjennom Verneplan IV og Feigedalselvi, aust for Veitastrondsvatnet og Lustrafjorden,

som vart verna gjennom Verneplan III. Dette er relativt store vassdragsystem som strekk

seg frå fjord til fjell og viktige referanseområde for vassdragsnaturen i Sogn.

Luster Energiverk AS 17

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!