23.01.2014 Views

UGULSVIK KRAFTVERK

UGULSVIK KRAFTVERK

UGULSVIK KRAFTVERK

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

3.0 Verknadar for miljø, naturressursar og samfunn Ugulsvik kraftverk

3.6 Flora og fauna

Kartlegging av flora og fauna er eit viktig grunnlag for vurdering av det biologiske

mangfaldet i området. Rapporten om biologisk mangfald har sett på karplantefloraen,

lav- og mosefloraen, sopp, virvellause dyr, fugl og pattedyr. Sjå nærmare omtale i kap.

3.4 og vedlegg 9.

3.7 Landskap

Miljørapport ”Kartlegging og verdivurdering av landskap naturmiljø og kulturmiljø i

Luster kommune”, som vart utarbeidd av Aurland Naturverkstad DA i 2006, vurderte

verdien av landskapet i delområde ”Veitastrond, nedre” til svært stort. Dette var ein

fagrapport som vart utarbeidd i samband med Luster kommune sin kommunedelplan for

små kraftverk. I rapporten er det peikt på uvanleg sterkt heilskapsprega område med

dominerande fjellformer og bratte dalsider. Kontrasten mellom bratte fjellsider, høge

toppar med brear og snøskavlar og det lange Veitastrondsvatnet gjev særs høg

inntrykksstyrke (Clemetsen M.& Skjerdal I.B. 2006 B). Landskapsklassifiseringa er sett

til A2. Klasse A som vil sei at landskapet inneheld det typiske landskapet i

underregionen og har kvalitetar eller komponentar som gjer landskapet eineståande med

eit stort opplevingspotensial. Klasse A2 har høg inntrykksstyrke og variasjon.

Vassdraget Vikaelvi (kalla Ugulsvik) er spesifikt omtala i same miljørapport frå Aurland

Naturverkstad. Det er trekt fram at elva har god visuell tilgjengelegheit, at ho er særs

synleg og framtredande og at elva er eit sterkt landskapselement. Elva er einaste

markerte fossestryket i landskapsrommet og gjev variasjon i vegetasjonsbilete og

terrengformasjonane. Rapporten til Aurland Naturverkstad konkluderar med at det samla

konfliktpotensialet basert på landskap, naturmiljø og kulturmiljø er stort. (Clemetsen

M.& Skjerdal I.B. 2006 A).

Elva er synleg frå fylkesveg 337 til Veitastrond etter å ha passert garden Uguslvik frå

sør. Frå nord er elva mindre synleg frå vegen. Det er ikkje fast busetnad i området. I

Vika er det eit par hytter og elva er og synleg frå høgdegarden Yngsdal (fråflytta). For å

kome til stølsområda over Ugledalen med blant anna Hongi, er det vanlegast å gå frå

stølsvegen ved Fossen. Det er berre fallrettshavar som har stølshus på stølen Ugledalen.

Øvre del av tiltaksområdet er planlagt veglaust. I byggeperioden og i nærmaste tida etter

vil røyrgata verte synleg, men dette vil vere relativt midlertidig og kan avbøtast med

såing/planting. Verknaden av inngrepet vil dermed reduserast gradvist. I nedre del av

tiltaksområdet er påverka av eksisterande fritidsbusetnad, kraftlinje og veger og her er

det planlagt etablert anleggsveg.

Øvre del av prosjektet vil påverke INON-område. Kring 1570 daa INON-område son 2

vil forsvinne, mens kring 33 daa INON-område sone 1 vert redusert til INON-område

sone 2. Øvre del av tiltaksområdet vert opplevd som minst påverka. Prosjektet er

planlagt veglaust i dette området og røyrgata vil over tid gro att.

Prosjektet er planlagt med slepping av minstevassføring gjennom heile året.

Konsekvensen for landskapet som følgje av dette prosjektet er vurdert som middels/stort

(--/---). Figur 4 viser oversiktsbilete frå prosjektområdet.

16

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!